Rekrutteringsmøte Molde Næringsforum romjul arkivfoto Molde Næringsforum
IKKE EIN GANG FOR ALLE: Biletet er frå eitt av rekrutteringsarrrangementa til Molde Næringsforum. Rekrutterering er eit evigvarande prosjekt. Arkivfoto: Molde Næringsforum
Analyser

Ei utfordring som ikkje går over

Om det ikkje kjem ein større økonomisk nedtur vil rekrutteringsutfordringa vare ved.

12.04.2026

I 2021 hadde NETT NO-magasinet utfordringa med rekrutterering som tema. Det kunne vi hatt som tema kvart år sidan - og i årevis framover.

Tilgangen på kvalifisert arbeidskraft har vore ei hovudpine for næringslivet på Nordvestlandet i fleire år. 

Låge fødselstal, ei gjennomsnittleg stadig eldre befolkning, fleire pensjonistar samt tiltrekningskrafta frå større byar i tillegg - og spesielt Oslo - er den grunnleggande årsaka til utfordringa med på rekruttere. Demografien på Nordvestlandet spelar ikkje på lag med ønska til bedriftene om å vekse og rekruttere fleire tilsette. Det er trendar som ikkje endrar seg fort, om nokon gang.

Så seint som i NHO sitt årlege kompetansebarometer - som vart offentleg i februar - melde høvesvis 63 og 64 prosent av bedriftene i fylka Møre og Romsdal og Vestland at dei ikkje har fått tak i den kompetansen dei er på jakt etter.

Under årets The North West-arrangement er rekruttering tema for ein eigen konferanse, "Folk nok?" i Ålesund torsdag 30. april. Der spenner tema frå verknaden av regelverk for til dømes innleige og mellombels arbeidskraft, til utfordringane med innvandring og å få innvandrarar inn i arbeidslivet.

Sidan Nett No kom ut for første gang i 2013 har vi sett ei vesentleg endring i arbeidslivet, spesielt i industrien og anleggsbransjen.

Då var det enkelt å rekruttere frå land som Polen, Romania og dei baltiske landa. Og det var økonomisk attraktivt for folk derifrå å ta seg arbeid her, takka vere store lønsskilnadar og gunstig valutakurs.

Det har gradvis endra seg. Lønsskilnaden mellom heimlandet og Noreg er ikkje like stor, og valutakursutviklinga har heller ikkje gitt drahjelp. 

I tillegg er reglane for innleige stramma til og gjort det ytterlegare dyrare og krevande å basere seg på langtidspendlarar frå utlandet. Og regelverket for å hente arbeidskraft frå land utanfor Schengensamarbeidet gjer at det er vanskeleg å rekruttere til typiske låglønsjobbar frå Asia og Afrika.

Industri- og anleggsbransjen har reagert med å bli flinkare til å tilby lærlingplassar. Det er i sin tur truleg ei av årsakene til at søknadane til yrkesfagleg utdanning har auka på bekostning av søknadane til såkalla studiespesialiserande utdanning.

Det er truleg ei god utvikling, både for næringslivet og samfunnet generelt. Fleire kjem raskare ut i betalt arbeid, samstundes som vegen ikkje er stengt til eventuell vidare og høgare utdanning.

Men det er ikkje nok til at rekrutteringsproblema forsvinn.

Det meste nærliggande er å sjå mot den potensielle arbeidskraftreserven som innvandrarar og andre som står utanfor arbeidslivet utgjer.

Arbeidsløysa er skeivt fordelt, som arbeidsmarknadsstatistikken for Møre og Romsdal for mars tydeleg viste. Av 2633 registrerte heilt arbeidslause i Møre og Romsdal var det 1419 utlendingar.

Mange utlendingar utanfor arbeidsmarknaden er negativt på fleire vis. Det er vanskelegare å bli ein del av samfunnet ellers, om du ikkje er ein del av eit jobbfellesskap. Og det er betre økonomisk for samfunnet om folk har arbeid og betalar skatt i staden for å leve på stønad.

Nettavisen skreiv nyleg om nye tal frå Statistisk Sentralbyrå som viste store skilnadar mellom innvandrarar frå ulike land, i kva dei betalar i skatt og tek i mot i stønad. 

I gjennomsnitt er skatteinntektene større enn kostnadane, og innvandrarar frå Storbritannia, India, Danmark, Tyskland og Sverige bidrar meir enn folk som har budd i Noreg i minst tre generasjonar. Også innvandrarar frå Aust-Europa betalar i gjennomsnitt meir enn dei får i stønad. Den ytterste andre enden av skalaen er personar frå Syria, Ukraina og Somalia, som er netto stønadsmottakarar. 

Samstundes er det neppe éi oppskrift for å få fleire innvandrarar i arbeid. Bakgrunnen og årsaken til at dei er i Noreg er ulik, men truleg er det eitt tiltak som uansett kan vere nyttig og naudsynt - å kombinere jobb med opplæring i jobben. Det gjeld både om det er industri eller helse- og eldreomsorg det er snakk om og både innvandrargrupper og andre som står på utsida av arbeidsmarknaden. Det må vere ein veg inn også for dei som ikkje oppfyller krav til utdanning og formelle kvalifikasjonar.

Ekornes gjorde det i stor stil under møbelboomen i koronatida, der opplæringa til og med inkluderte grunnleggande norskundervisning. Folk kom i betalt arbeid sjølv om dei praktisk tala ikkje kunne norsk i det heile då dei starta, eller nokon gong hadde arbeidd på fabrikk. I dag er det rundt 40 nasjonalitetar i selskapet og fabrikksjef Kariann Sandvik på Ekornes skal snakke om selskapet sine erfaringar under "Folk nok?"-konferansen.

Utfordringa med å rekruttere er ikkje konstant og like for alle grupper jobbar. Nyleg kunne E24 fortelje at ein del høgt utdanna grupper merkar at det er blitt tyngre å få sin første jobb.  Det er sjølvsagt synd for dei, men samstundes ein sjanse for arbeidsgivarar utanfor dei største bysentra - som kan få det litt lettare å få tak i desse gruppene.

Interessa hos høgt utdanna for jobbar på Nordvestlandet er dessutan absolutt til stades, og bedriftene her bør utnytte det betre enn dei gjer. Traineeordninga Trainee Sunnmøre fekk til dømes over 330 søkarar til 2026/2027-sesongen, men berre eit fåtal slepp gjennom nålauge fordi for få bedrifter er med på ordninga. 

Tiltak for å få fleire i arbeid og lettare rekrutteringa handlar også om noko anna enn å lokke. Det handlar og om å gjere det mindre attraktivt å ikkje vere i lønna arbeid.

Regjeringa vil stramme inn på støtta til folk med flyktningstatus som ikkje er i arbeid, fortalde arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng i ein tale i januar i år. "Det er slutt på tiden for passivitet og mottak av stønader som overgår forventet arbeidsinntekt.", sa ho i talen. 

Også Stenseng kjem til "Folk nok?".

Publisert: 12.04.2026 05:00

Sist oppdatert: 11.04.2026 20:01