Analyse: Det høyrest kanskje rart ut, men store delar av den nyaste bilparken her til lands, har knapt plass når Forsvaret tenker beredskap i krisetider.
Nyleg sende Forsvarets logistikkorganisasjon ut førebuande rekvisisjonar for 2026. Det gjeld alt frå maskinar, båtar og eigedom – til køyretøy.
Det betyr mellom anna at fleire tusen bileigarar får brev frå Forsvaret, der dei blir bedt om å bidra til den nasjonale beredskapen, ved å stille køyretøyet sitt til disposisjon om det trengst.
Rekvisisjonsordninga som gir Forsvaret heimel til å ta i bruk sivile ressursar når krig trugar eller er eit faktum, omfattar i 2026 kring 13.500 rekvisisjonar.
Om dine eigedelar står på lista, får det får ingen praktisk funksjon i fredstid og du kan bruke bilen som vanleg i det daglege. Først når det blir bestemt at loven skal trå i kraft til eksempel ved ein militær invasjon, må eigarane stille eigendelen til rådigheit.
Ifølgje Forsvaret sjølv er det køyretøy som utgjer hovuddelen av dei førebuande rekvisisjonane.
Seniorrådgivar Hans Meisingset ved Forsvarets logistikkorganisasjon opplyser vidare til Nett No at dei fleste køyretøya som kan bli teke i bruk i ein krisesituasjon, har fossil drivlinje.
Elbilar er med i systemet – men utgjer eit mindretal. Dette gjeld både personbilar, varebilar og lastebilar. Det er eit tankekors i eit land der elbilar i fleire år har dominert nybilsalet. I fjor utgjorde elbilane over 97 prosent av alle nyregistrerte bilar.
At Forsvaret i hovudsak vil ha diesel- eller bensinmotor, er ikkje eit uttrykk for at dei er bakstreverske når det kjem til teknologi. Tvert imot finst det gode grunnar til at det er slik.
Fossildrivne køyretøy er langt meir driftssikre i ein krisesituasjon. Dei er uavhengige av straumnettet i bruk, dei kan fyllast raskt, og dei fungerer også ved langvarige straumbrot. For militær mobilitet, transport og logistikk kan det vere heilt avgjerande eigenskapar.
Per i dag er det vanskeleg å sjå for seg at elbilar fullt ut kan erstatte denne funksjonen. Nettopp her ligg ei utfordring når det kjem til beredskap.
For Noreg blir stadig meir elektrifisert. Elbilane blir fleire og fossilkøyretøya færre.
Det betyr også at diesel og bensinbilane her til lands blir stadig eldre. Om Forsvaret si planlegging i hovudsak byggjer på ein bilpark som gradvis forsvinn, kan det på sikt skape eit gap mellom beredskap på papiret og ressursane som faktisk finst i samfunnet.
Forsvaret opplyser at dei ikkje har ein eigen policy for kva drivlinje køyretøya dei vil rekvirere skal ha. Dei vil helle ikkje opplyse den konkrete fordelinga mellom elbilar og diesel eller bensinbilar.
Det er likevel openbert at beredskapen her til lands i stor grad kviler på fossil infrastruktur. Det er heller ikkje eit problem som stoppar ved porten til Forsvaret.
Også helsetenesta, naudetatane, matforsyninga, telekommunikasjonen og betalingssystema i samfunnet elles, blir stadig meir avhengige av straum. Ved langvarige straumbrot kan elektrifiseringa bli ei sårbarheit, ikkje ein styrke.
Rekvisisjonsordninga synleggjer dermed eit større spørsmål: Har vi ein beredskap som tek høgd for den elektriske framtida vi er i ferd med å skape?
Når sivile no får varsel om at bilen, maskina eller eigedomen deira kan bli teken i bruk i krigstid, skjer det utan klagerett og liten openheit.
At ikkje alt kan vere offentleg er samtidig forståeleg. Detaljert informasjon til eksempel om tilgangen på køyretøy i ein krigssituasjon, vil naturleg nok vere svært interessant for statlege aktørar som ikkje vil oss vel.
Men i eit samfunn der stadig fleire kritiske funksjonar blir elektriske, er det heilt på sin plass å stille spørsmål ved korleis det påverkar beredskapen.
Per i dag er det iallfall slik at sjølv om elbilen blir framstilt som framtida, er den framleis ein statist i krig og krise.
Publisert: 01.02.2026 05:00
Sist oppdatert: 31.01.2026 23:54






