Bygg Kaarstadhuset Hogskulen i Volda haust22 Foto Karl August Swanstrom Hogskulen i Volda
GOD PLASS: Høgskulen i Volda er blant dei mange som ikkje greier å rekruttere nok søkjarar til lærarutdanninga. Foto:Karl August Swanstrøm/Høgskulen i Volda
Analyser

Fiasko-reform for Høgre

Ap/Sp-regjering har likt å gjere om på vedtak Solberg-regjeringa fekk gjennom. Ein tydeleg fiasko har fått leve i fred.

22.12.2024

ANALYSE

Denne veka kom Nokut - Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga - med ein rapport om korleis det har gått etter at det blei innført obligatorisk fem-årig lærarutdanning frå 2017.

For utdanninga som rettar seg mot første til sjuande trinn på barneskulen, er nedgangen i søkjartalet på 33 prosent. Det same gjeld heile 49 prosent til utdanninga for å bli lærar på femte til tiande trinn, kunne NTB fortelje i sin artikkel om rapporten.

Klikk her for å laste ned og lese rapporten

Den kraftige nedgangen  i talet på søkjarar gjer at lærarutdanningar landet over no har langt fleire studieplassar enn det er søkjarar til, mellom dei Høgskulen i Volda. Ap/Sp-regjeringa har forsøkt å bøte på søkjarsvikten ved å fjerne minimumskrav til kompetanse som Solberg-regjeringa innførte. Det har vore til litt hjelp, men ikkje nok - og prisen er redusert fagkunnskap hos dei som kjem inn på lærarutdanninga.

I 2010 blei den obligatoriske lærarutdanninga utvida frå tre til fire år og i 2017 altså til fem år.

No skal komande lærarar ha tatt mastegrad. 

– Eg trur det å leggje om til ei masterutdanning vil bli eit av dei aller viktigaste rekrutteringsverktøya vi har, ved å få lærarutdanninga opp i den ligaen der han høyrer heime, sa dåverande kunnskapsminister frå Høgre, Torbjørn Røe Isaksen, til NTB den gongen.

Tala i Nokut-rapporten tyder ikkje på at Røe Isaksen sine forventninger er innfridd.

Tanken bak å utvide utdanninga var sikkert god, men ideén ser så langt ut til å vere dårleg.

Nokut-rapporten påviser ingen årsakssamanheng mellom at lærarutdanninga vart forlenga til fem år og nedgangen i søkjartal. Det kan vere eit heilt tilfeldig samanfall, men eit godt rekrutteringsverktøy ser det så langt uansett ikkje ut til å ha vore.

Status i dag er at framtidig tilgang på kvalifiserte lærarar er redusert og studiet for potensielle lærarstudentar har blitt dyrare. Det er strid om kor mange lærarar som underviser i skulen i dag utan å ha stette dei formelle krava til utdfanning, men her er ikkje nok - og søkjarnedgangen vil ikkje hjelpe på.

Om ikkje Nokut gjer det så burde i alle fall regjeringa sette alt inn på å kartlegg kvifor søkjartala går ned - og gjere noko med det. 

Då burde det høyre med å vurdere om det er naudsynt at alle lærarar i grunnskulen må ha levert masteroppgåve, og bruke fem år på skulebenken før dei kjem ut i arbeid. Og er fem år samanhengande studie den rette modellen, eller ville det vere betre med tre år, rett til studiepermisjon for å ta år nummer fire og fem på heiltid eller deltid etter nokre års praktisk erfaring bak kateteret først?

For partiet som sto bak vedtaket om fem års obligatorisk lærarutdanning sit det truleg langt inne å gå inne å tenkje slike tankar, men dagen regjeringsparti kunne plukke dei opp - om ikkje dei er heilt overvelda av intern strid og sine elendige resultat på meiningsmålingane. 

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) ønskjer seg ein meir praktisk skule. Den tanken kunne ho tatt med seg til lærarutdanninga også. 

Publisert: 22.12.2024 05:00

Sist oppdatert: 22.12.2024 12:07