ANALYSE:
Dåverande fiskeriminister (2005-2009) Helga Pedersen, likte å snakke om «Lys i husan» når ho skulle forklare Arbeidarpartiet sine mål i fiskeripolitikken.
Målet var arbeidsplassar både på sjø og på land, langs heile kysten og spesielt i nord. Også Cecilie Myrseth (Ap) som var fiskeriminister eit halvt år i 2024/2025 brukte Lys i husan som forklaring på kva som var eitt av hennar mål for fiskeripolitikken. I og med at både Pedersen og Myrseth er frå Nord-Noreg, tyngdepunktet for den såkalla filetindustrien, er det naturleg nok den dei var mest opptekne av.
Sjølve målet er heller ikkje omstridd. Du finn neppe ein politikar som seier at sjømatindustri langs kysten ikkje ønskjeleg.
Årsaka til at torsk og laks no likevel blir vidareforedla i eit bygg på eit næringsområde i Oslo sin nabokommune Nittedal, viser kvifor det ikkje er lett å oppfylle måla til Pedersen og Myrseth.
I Nittedal er Domstein og Blue Resource Group sine anlegg nærare marknaden enn i Måløy og Ålesund, og med gode kommunikasjonsliner både ut i Noreg og ut i verda.
Spesielt for villfisk av torsk og andre liknande fiskeslag er det ei heil rekkje faktorar som gjer det logisk å ha eit anlegg her:
- Med større fiskebåtar vart det plass til fryserom ombord for å lagre fisken. Dermed kunne dei vere ute på fiske i lengre periodar før dei måtte gå til land. Frå starten av 1990-talet vart det bygd ut eit nettverk av såkalla frysehotell langs kysten, der fisken kunne lagrast i lengre periodar før eit sal, inntil fiskebåtreiarane meinte prisen var god.
- Fryseteknologi og infrastruktur frikobla fiskeindustrien frå kvar fisken vart landa og store mengder frosen villfisk vart eksportert til Kina for tining, filetering og pakka i til dømes 400 grams forbrukarpakning, før den vart frosen på nytt og sendt attende til Europa.
- I dei seinare åra har Kina tapt terreng i denne marknaden fordi avstandane og at fisken må frysast to gangar, gjer det vanskeleg å levere produktet som veks mest nett no. Det er forbrukerpakka fisk produsert av tint frose råstoff, som blir seld i sjølvbetente kjølediskar i supermarknadar. Når dét er produktet er det gunstigare å ligge nær marknaden for å få varene raskt ut og lettare kunne tilpasse seg svingingar i etterspørselen.
- Det gir til dømes anlegg i Polen ein fordel når fisken skal ut i europeiske kjølediskar, og Nittedal ein fordel når Noreg er marknaden.
- For den tradisjonsrike klippfisk- og tørrfisknæringa spelar ikkje desse faktorane så stor rolle, men også der er forbrukarane på veg over til forbrukarpakka produkt, i staden for å kjøpe heile fisken og gjere jobben med å dele den opp sjølv. Den vidareforedlinga skjer i stor grad i utlandet, nærare kundane.
Oppdrettslaksen er i hovudsak eit eksportprodukt, som i stor grad blir eksportert fersk. Men mykje av den går ut av landet via Oslo. Og det som går på fly blir sendt ut frå godsterminalane på Gardermoen. Det er ein halv time unna anlegget i Nittedal. Begge deler er faktorar som forklarar kvifor det er meining i å ha eit foredlingsanlegg der.
Domstein og Villa Seafood si satsing i Nittedal betyr ikkje at all fiskeindustri vil ende opp i Oslo-området eller utlandet. Det fortel berre at nærleiken til sjøen, der fisken kjem frå, ikkje lenger sikrar at industrien blir langs kysten.
Publisert: 15.06.2025 05:00
Sist oppdatert: 16.06.2025 11:27






