Analyser
Fiskelukt er godlukt på børsen
Fiskelukt er flott, lukta av nye møblar er grei, men alt som luktar olje er ille.
25.10.2015
Resultatsesongen etter tredje kvartal 2015 er i gang, og skal vi dømme etter reaksjonen på Havila Shipping-tala har aksjonærane i offshorereiarlaga ikkje så mykje å glede seg til.
I faktaboksen kan du lese kor mange prosent aksjekursen i børsnoterte selskap på Nordvestlandet har gått opp eller ned sidan starten på 2015.
Dagen før resultatet for tredje kvartal kom denne veka var aksjekursen i Havila Shipping 4,89 kroner pr. aksje. Då børsen stengde fredag ettermiddag hadde kursen falle til 3,90 kroner pr aksje.
Det er vanskleg å sjå at Havila Shipping la fram overraskande tal eller kom med anna nytt som skulle overraske og utløyse eit slikt kursfall.
Når obligasjonslåna til selskapet forfell til betaling (to lån i 2016 og eitt i 2017) har vore kjent sidan låna vart tekne opp. Og alt då selskapet la fram halvårstal sine i sommar gjorde selskapet det klart at det jaktar på alternativ til obligasjonslån for å refinansierer gjelda.
Også Farstad Shipping fall etter at Havila-tala kom, og truleg er den beste forklaring på kursfallet ein forsterka pessimisme i marknaden. Det er ingen meldingar som tyder på lys i tunellen, og det dreg alle ned. Konsernsjef Njål Sævik seier til NETT NO at han men aksjespekulantane er no meir opptekne av når det snur. Sævik får heilt sikkert rett, men går det lenge nok er det ei mager trøyst for aksjonærane.
Pessimismen viser seg og i kursen på obligasjonslåna, Havila sine tre obligasjonslån på til saman 893 millionar kronerer no handla til 41,2 prosent, 39 prosent og 62,3 prosent av pålydande, Farstad sine to lån på til saman 1,4 milliardar kroner er handla til 47,2 og 59,5 prosent av pålydande.
Det er eit stor fall samanlikna med slutten av september, . Det som var ille då er blitt verre no, og det er først og fremst obligasjonslåna til Havila og Farstad det har gått ut over i den siste omgangen.
Det må understrekast at handlane i obligasjonar er små og få, men likevel eit signal om at mange investorar er svært usikre korleis offshore-reiarlaga vil klare seg.
Lukta av olje er ikkje godlukt for aksjespekulantane om dagen, og det råkar og Hexagon Composites. Selskapet profiterte på høg oljepris, fordi det fekk lastebileigarane i USA - den viktigaste marknaden for Hexagon Composites - til å gå frå diesel til gassdrift. Der kjem Hexagon Composites sine lette drivstofftankar i kompositt inn i biletet. Etterspørselen steig med oljeprisen. Med oljeprisfallet er prisskilnaden mellom diesel og gass krympa. Gevinsten ved å gå frå diesel til gass er ikkje lenger like stor, og interessa for gassdrivne bilar dabba av.
I mellomskiktet, med små enderingar samanlikna med starten på 2015, ligg Sparebanken Møre og møbelprodusenten Ekornes.
Sparebanken Møre steig i rykk og napp verdi frå slutten av 2012 og fram til i vår. No er det truleg ei avventande haldning til korleis den økonomiske utviklinga vil påverke bankkresultatet som gjer at veksten stoppa. Kursen på grunnfondsbevisa ligg no rundt 40 kroner pr. aksje under toppnivået frå starten av mars.
Ny konsernsjef og mange nye modellar var med på å løfte Ekornes frå sitt lavaste nivå på fem år i fjor haust. I løpet av seks månadar steig kursen frå rundt 70 til 105 kroner pr. aksje. Etterpå har det gått tråare på børsen, mellom anna på grunn av at selskapet har varsla at det framleis er misnøgd med utviklinga i lønsemda. Så langt i år er kursen rundt same nivå som ved årsskiftet. Før investorane får trua på at konsernet klarer å auke lønsemda vil det høgst sannsynleg ikkje bli store verdistigninga i Ekornes-aksje.
Selskapet er i ein bransje som nyt godt av oljeprisfallet i form av at kronekursen har utvikla seg i gunstig retning. Dessverre for Ekornes gjer eit langsiktig valutasikringsprogram () at selskapet må vente på valutagevinsten.
Synleg effekt av kostnadskutta og forbetringsprogrammet i produksjonen som selskapet gjennomfører, eit løft i salet frå alle dei nye modellane som blei lansert i fjor og mottakinga årets nye modellar kjem til å få er faktorar som kan utløyse ei ny kursstiging.
Medan det ser svart ut i offshore og oljerelaterte aksjar har det gått oppover i det som tidlegare var børsmyggen på Nordvestlandet i år. Hofseth Biocare, som , er til samanlikning meir verdt på børsen enn begge selskapa der Sævik-familien er storeigar, Havila Shipping og Havyard, til saman. For Hofseth Biocare sitt vedkomande er verdsetjinga styrt av forventingane til at selskapet får eit gjennombrot for oljen, fiskeproteinet og kalsiumet som blir produsert frå avskjer frå oppdrettlaksen.
Desse forventingane vart fredag prisa til 3,50 kroner pr aksje, ei verdistiging på 29,6 prosent sidan årskiftet. Med fredagens kurs er Hofseth Biocare verdt 386 millionar kroner, berre 63 millionar kroner mindre enn Farstad Shipping, som har ein flåte på over 60 skip og meir enn 2000 tilsette. Kven spådde det for eitt år sidan?
Den store vinnaren i Nordvest er Havfisk, med konsernsjef Webjørn Barstad i spissen.
Sjømataksjane er og vinnaren på børsen hittil i år. Sjømatindeksen har auka med 18,3 prosent. Det er meste av allle og klart betre enn hovudindeksen, som har stige 8,3 prosent i år.
Fiskeri er heilt motsyklisk til oljerelaterte aksjar nett no, og det gjeld og Havfisk.
Aksjekursen i Havfisk er nesten dobla sidan årskiftet og ligg like under toppnoteringa, med analyser som meiner kursen bør endå høgare. Er resultatet for tredje kvartal godt kan det vere et signalet som utløyser ny kursstigning.
Alt har gått Havfisk sin veg det siste året: Oljeprisfallet har redusert drivstoffkostnadane, fiskekvotane er stigande (samla sett), prisane er høge og omlegginga av fisket har gitt betre utnytting av reiarlaget sine kvotar på andre fiskesalg enn sei og torsk.
På toppen av det heile Islandsk Høgsterett kom til at reiarlaget ikkje var bunde av ei rente-, inflasjons- og valuta-swapavtale inngått med Glitnir i 2008. Dermed kunne reiarlaget sette strek over eit krav på 195 millionar kroner, og opne for utbytte til Kjell Inge Røkke og resten av eigarane.

Publisert: 25.10.2015 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59