Fiskeriavklaring paa vent
VALKAMPVENTING: Debatten mellom stortingsrepresentantane Oskar Grimstad (Frp), Helge Orten (H), Ingrid Heggø (Ap) og Pål Farstad (V) under Matfestivalen tyder på at det ikkje blir ei avklaring på fiskeripolitikken før tidlegast i 2018. Til høgre debattleiar Oddbjørn Skarbøvik i Fiskebåt. 
Analyser

Fiskeriavklaring på vent

Det blir ikkje store endringar i fiskeripolitikken før i 2018.

28.08.2016

ANALYSE

Debatten som organisasjonen Fiskebåt Vest arrangerte under Matfestivalen denne veka var neppe ei oppmuntring for dei som vonar på raske omleggingar i fiskeripolitikken.Valkampen er i gang, sa stortingsrepresentant Ingrid Heggø frå Arbeidarpartiet, som stilte til debatt saman med Sverre Farstad (V), Helge Orten (H) og Oskar Grimstad (Frp).Valkamp betyr at kompromissviljen krympar, i følgje Heggø, og det har ho truleg rett i. Valkamp er tida for å markere eigne standpunkt, ikkje argumentere for kompromissløysingar. Det passar best etterpå, når valet er over og makta er fordelt for dei neste fire åra.Problemet er at valkampen kjem akkurat i det regjeringa skal legge fram den eine utredninga etter den andre. Utredningane blir truleg liggande til eit nytt Storting er på plass neste haust. Den eine grunnen er rein tidsnaud. Utredningane kjem uansett så seint at tida kan bli for knapp til å bli ferdig før sommarferien neste år, sjølv om det skulle vere ein stor kompromissvilje til stades. Og med valkampen i gang er kompromissviljen neppe så stor, akkurat slik Heggø fryktar.Dermed skjer det truleg ikkje så mykje før i 2018, og det er det verste som kan skje.I lys av at tusenvis har blitt arbeidslause i oljerelaterte bedrifter og at skipsverfta slit med å oppretthalde aktiviteten, er investeringane frå oppdrett, fiskeri- og fiskeindustri ekstra kjærkomne nett no. Skipsverfta kan like godt bygge fiskebåtar som offshorefarty, og mange utstyrsleverandørar som har arbeidd mot oljebransjen kan og jobbe mot fiskeri- og oppdrett.Fiskeri- og oppdrettsnæringa er på langt nært blitt så stor at den kan fylle tomromet når investeringane i oljebransjen stuper, men den er blitt stor nok til å kunne bøte på skaden. Sjømateksporten var 74,5 milliardar kroner i fjor, olje- og gasseksporten 430 milliardar. Det er framleis stor skilnad på fisk og olje, men ikkje lenger ein svimlande skilnad. Det er ein av grunnane til at det er synd at eit tverrpolitisk forlik om fiskeripolitikken ikkje er på plass. Det er gode tider i fiskeri- og oppdrett om dagen, men ei manglande avklaring får likevel folk til å nøle med å investere. Dei ventar, nokre fordi dei vonar på vilkår som gjer deira investeringsplanar meir lukrative, andre fordi dei fryktar vilkåra skal bli verre. Uvissa passiviserer. Ei avklaring er eit pluss, nesten uansett utfall.Ansvaret må dagens Høgre/Frp-regjering ta på seg. Det er neppe vond vilje som ligg bak, men mangel på driv og handlekraft. Det har blitt mange utredningar og for få vedtak. Regjeringa kan sjølvsagt skulde på at den er ei mindretalsregjering, utan sjanse til å tvinge sin vilje gjennom i Stortinget. Men då burde den kanskje gått direkte mot målet, eit forlik som alle kunne samlast om, straks den overtok regjeringskontora. Eventuelt kunne den gjort som det tradisjonelt er blitt gjort, og endra fiskeripolitikken stykkevis og delt i staden for å sikte mot ei løysing som skulle avklare alt.Alle utgreiingane, og debatten i Ålesund fredag, tyder på at det er vilje til å ta opp fiskeripolitikk på brei basis. Det kan ende opp med ei god løysing og avklaring i 2018. I beste fall er investeringar berre sette på vent, men det hadde vore fint å fått meir av dei nett no.

Publisert: 28.08.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59