Fiskeripolitikk i stampe
BIT FOR BIT?: Kan hende fiskeriminister Per Sandberg lukkast betre om han satsar på å endre fiskeripolitkken bit for bit, i staden for å satse på ei stor endring?
Analyser

Fiskeripolitikk i stampe

Det er resignasjon i bodskapen frå fiskeriminister Per Sandberg. Kanskje han bør endre taktikk.

18.06.2017
ANALYSE- Det blir ei tung sak, seier Sandberg til NETT NO, om å få gjennom dei viktigaste framlegga i Eidesenutvalet.Vurderinga kjem i eit kort intervju rett etter Sandberg sitt innlegg på Næringsdriv-konferansen i Ålesund denne veka. Innlegget var som vanleg prega av stor optimisme på vegne av sjømatnæringane, men vurderinga av sjansen til å få til viktige omleggingar i regelverket for å gjere det lettare å oppnå veksten Sandberg ser for seg, er heller pessimistisk.Eidesenutvalet er eit regjeringsoppnemnd utval som i desember 2016 kom med sine framlegg til endringar i kvotesystemet og eventuell innføring av ressursrente - skatt på retten til å hauste av fiskeressursane.Alle ambisjonar om å få lagt fram ei stortingsmelding og behandla regelendringar før Stortingsvalet er for lengst avblåst. Det blir eit nytt Storting som skal behandle framlegga i Eidesenutvalet, og slik Sandberg vurderer det, fryktar han at det skal bli tungt å samlast om endringar som eit breitt fleirtal på Stortinget vil stille seg bak.Eidesenutvalet er ein oppfølgjar av arbeidet til Tveteråsutvalet, som vart oppnemd av den førre regjeringa, der Ap, Sv og Sp hadde nøklane til regjeringskontora. Tveteråsutvalet kom og med ei rekkje kontroversielle framlegg for å auke lønsemda i fiskerinæringa. Så langt har blitt utredning, men ikkje beslutningar.Eitt alternativ i fiskeripolitikken er å halde fram med dagens regelverk, og så får fiskarar og fiskeindustri tilpasse seg til det

.

Men med oppnemninga av Tveterås- og Eidesenutvalet har både den raud-grøne og blå-sida i Stortinget varsla at dei vil ha endringar - og dermed er det mange aktørar som set investeringsbeslutningar på vent til dei ser kva slags endringar som skal kome.Blir det lov å samle større kvotar på færre båtar, blir det høve til å ta i bruk fleire typar fiskereiskap på same båt, kan fiskeindustrien eige fiskekvotar og må fiskarane skatte for retten til å fiske av fellesskapet ressursar? Svara på desse spørsmåla er viktige for korleis fiskebåt- og fiskeindustrieigarar vil investere. Mangel på svar set investeringsbeslutningar på vent.Sandberg og regjeringskollegaene må sjølve bere ein del av ansvaret for at lite har skjedd. Når regjeringa først er klar til å legge konkrete framlegg på bordet i slutten av stortingsperioden opnar den for å gjere fiskeripolitikk til valkamptema. Då blir det ingen vedtak før etter valet. Det er synd, men å vente noko anna er naivt.Sandberg har sjølv nyleg avlyst å legge to framlegg til endring fram for Stortinget. Det første gjeld den såkalla leveringsplikta, som pålegg eit fåtal rederi å levere fangsten til visse anlegg i Nord-Noreg. Leveringsplikta skaper færre, ikkje fleire, arbeidsplassar på land - men får ikkje gjennomslag hos opposisjonen. Det var og er ei sak med høg symbolverdi nordaførr, Arbeidarpartiet slutta seg til kritikarane, og Sandberg låg an til å ikkje vinne fram i Stortinget.Denne veka trekte Sandberg også framlegget om å la reiarar inntil vidare samarbeide om å fiske kvotane sine på ein båt, og la den andre ligge ved kai. , trass i at havfiskeflåten sin arbeidsgivar og interesseorganisasjon Fiskebåt er positiv. Sandberg trekte meldinga før både Fiskebåt og Norges Fiskarlag (som også omfattar eigarane av kystfiskeflåten) hadde behandla framlegget. Underleg, meiner Fiskebåt.Den manglande framdrifta har fått Fiskebåt til å sende brev til Nærings-og fiskeridepartementet med anmodning om å heve kvotetaket for konvensjonelle havgåande farty.Dette er fiskebåtar som fiskar sei, hyse og torsk med line eller garn. Kvotetaket fortel kor mange fiskekvotar som maksimalt kan samlast på ein båt.Sist det vart auka for denne type fiskebåtar var i 2012. No ber Fiskebåt om at det blir auka på nytt, med 40 prosent. Førre auke av kvotetaket løfta lønsemda, skriv Fiskebåt i brevet. Men fiskarane vil løfte taket på ny, slik at kvar båt i fiske kan fiske meir. Poenget er å bu seg på dårlegare tider - sjølv om det nett no ekstraordinært bra."Gode tider varer sjelden evig, og det er viktig at flåten tilbys rammebetingelser som gjør den i stand til å møte fremtidige utfordringer" heiter dei i brevet.Dersom dagens regjeringsparti vinn valet, og Sandberg held fram som fiskeriminister må det vere freistande å hoppe på framlegget frå Fiskebåt.Det kan godt hende Sandberg kjem raskare dit han vil ved å endre fiskeripolitikken bit for bit, i staden for å satse på ei omlegging av alt i ein jafs.

Publisert: 18.06.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59