Analyser
Flaks nok ein gong?
Hindrar bustadprisfall at krona stig har næringslivet flaks for tredje gang sidan finanskrisa.
17.12.2017
ANALYSEMykje har svinga Noreg sin veg dei siste ti åra, utan at korkje politikarar eller næringslivsleiarar kan ta så mykje av æra for det. Flaks må ikkje undervurderast. Kunsten er å utnytte den.Eit bustadprisfall svekkjer trua på norsk økonomi og medverkar til å halde kronekursen nede enda ei stund. Dermed blir også lånerenta låg. Så sant ikkje bustadprisfallet blir alt for dramatisk er det berre å takke og bukke. Den første runden med flaks kom etter finanskrisa, då sterk vekst i Kina held oljeprisen oppe og sikra kraftig vekst i oljeinvesteringane. Det skapte ein boom i næringslivet, spesielt frå Rogaland til Møre og Romsdal.Andre runden med flaks kom då oljeprisen fall i 2014. Prisfallet drog kronekursen nedover fordi aktørane i valutamarknaden frykta nedgang i norsk økonomi. Dermed fekk store deler av næringslivet ei gunstig valutakursutvikling som styrka konkurransevilkåra med utlandet. Det dempa effekten av oljenedturen og gjorde at Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane kom betre ut enn dei meir einsidige oljefylka Rogaland og Sogn og Fjordane. No kan altså bustadprisfallet forelenge tida med gunstig valutakurs og lav rente. Til og med bedriftene i oljebransjen, som eksporterer eller konkurrerer med importerte varer og tenester, får drahjelp av svak krone no. Oljeprisen er ikkje lenger drepande lav, og mange bedrifter i bransjen er i vekst på ny.Med vidare lav kronekurs får mellom andre reiselivsbransjen ytterlegare tid på seg til å befeste den gode utviklinga den har hatt dei siste åra. Gunstig valutakurs gjer at prisen blir eit mindre viktig hinder når det gjeld å trekkje til seg reisande frå utlandet og halde på reisande frå Noreg. Bransjen er inne i ei endring der den blir meir profesjonell i både prising og produktutvikling. Dess lenger tid den får drahjelp også frå valutamarknaden dess betre.Denne veka kunne NETT NO i to artiklar fortelje om teikn til opptur også blant dei som fekk effekten av oljeprisfallet rett i ansiktet.Ingeniørkonsulentselskapet 7ocean People i Ålesund var nede i sju personar på lønningslista då markedet var på botn i 2016. No har dei 17 konsulentar og ventar dobling i løpet av 2018.Det er verfta som er i gang igjen med å prosjektere nye skip som skal byggast, som har gjer at 7ocean People har fått meir å gjere.Denne veka kom også Tekna, ingeniørane si fagforeining, med ny lønnsstatistikk.Statistikken underbyggjer 7ocean People si historie, det det betre tider for ingeniørane. Spesielt positivt, sett frå dei mange oljerelaterte bedriftene på Nordvestlandet, er at det er oppgang igjen i etterspørselen etter ingeniørar til oljesektoren. Blir det meir fart i oljesektoren vil det før eller seinare gi ringverknad også hos offshorreiarlag og leverandørbedrifter på Nordvestlandet. Der er lønnsveksten 3,4 prosent i 2017, medan den i privat sektor samla sett var på 1,9 prosent. Medan berre fire prosent av dei nyutdanna i 2016 var i oljesektoren utgjer dei 12 prosent i 2017-undersøkjinga.I det siste NETT NO-magasinet, som nettopp er ute, seier sjeføkonom Harald Magnus Andreassen at 2016 blei enda verre enn 2015 for næringslivet på Nordvestlandet. - Det har vore eit annus horribilis. 2016 var verre enn 2015. Til og med drifta gjekk i minus, seier han. Det har Andreassen rett i, men samstundes viser reknskapa til over bedrifter 2400 bedrifter på Nordvestlandet at det i fjor var fleire som auka lønsemda enn som reduserte den. I 2015 var det 50/50. Det er eit fåtal, men store bedrifter - først og fremst offshorereiarlaga og store verft - som gjorde at næringslivet på Nordvestlandet samla sett gjekk i minus i fjor.2016-rekneskapa og utviklinga i 2017 kan vise seg å vere eit vendepunkt, også for oljerelaterte bedrifter, sjølv om det framleis ser langt fram ut for offshoreflåten.Med den store mengda skip som ligg i opplag kan offshorereiarlaga vere den siste delen av den maritime klynga som kjem seg ut av oljenedturen.Det lokale eigarskapet kan bli ytterlegare utvatna etter ei eventuell ny refinansieringsrunde. Då blir lokalt eigde offshorereiarlag si betydning - for den maritime klynga spesielt, og for næringslivet på Nordvestlandet generelt - ytterlegare redusert.Det er ikkje ei ønskjeleg utvikling for regionen, men ei utvikling som resten av næringslivet bør tenkje over korleis det skal møte.
Publisert: 17.12.2017 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59