Går kvar sin veg
Ingen gutar søkjer frisørutdanning på Sunnmøre til hausten. Under sju prosent av søkarane til elektro og datateknologi er jenter.
ANALYSE
På 11 av dei 15 vidaregåande utdanningstilboda på Sunnmøre er det færre enn 26 prosent søkjarar av det eine kjønnet til 1. klassene som byrjar til hausten.
Utdanninga som mellom anna kvalifiserer deg til å blir frisør, arbeide i blomster- eller interiørbutikk, er det ikkje ein einast gut som har søkt på.
I den andre enden, utdanning som skal kvalifisere deg til å arbeide som elektrikar og automatikar, utgjer jenter under sju prosent av søkjarane.
artikkelen held fram under
Tala for Sunnmøre er ikkje spesielle. Tvert i mot er dei typiske, både i Noreg og internasjonalt, seier Kjell Salvanes.
Han er professor ved NHH, Norges Handelshøyskole, og leiar for ei avdeling i FAIR, eit forskingssenter på NHH som forskar på ulikskap: Mellom anna korleis vi oppfattar og vurdere ulikskap, årsakene til ulikskap og kva som motiverer oss til å ta ulike val.
Med likestilling høgt i kurs og langt framme i samfunnsdebatten sidan 70-talet, korleis kan så ulike val forklarast?
Eit stort forskingsprosjekt i regi av NHH/FAIR følgjer ei gruppe personar frå ungdomskulealder og gjennom livet for å mellom anna sjå på korleis vala dei tok som 15-åringar påverkar dei resten av livet.
Prosjektet starta med at 500 vart invitert inn til ei omfattande spørjeundesøkjing som 15- åringar. No er dei i 20-åra og skal intervjuast på nytt.
Svara dei gav som 15-åringar seier noko om kvifor utdanningsvala er så ulike. For ordens skuld, undersøkjinga seier noko om dei spurde som gruppe, ikkje om kvar einskild jente eller gut.
Svara tyder mellom anna på at dei ikkje er informert om lønsskilnadane mellom ulike yrke. Vala no påverkar løna 15-åringane får som vaksne, seier Salvanes, men mange er lite merksame på det. I spørjeundersøkjinga var det dei unge med foreldre med minst utdanning som også var minst klar over lønsskilnadane mellom ulike yrke.
Jenter svarar at det å arbeide med folk både er veldig viktig og noko dei er veldig gode til. Løn er nødvendigvis ikkje like viktig. Tilsvarande scorar fag og yrke som elektrikar og ingeniør, økonom og matematikkkrevjande jobbar høgare hos gutar.
Jenter er meir ukomfortable i konkurransesituasjonar, kjem det fram i spørjeundersøkjinga. Dermed har dei truleg mindre lyst til å velje utdanning og yrke som blir rekna å ha konkurranseprega arbeidsmiljø.
Undersøkjinga til NHH/FAIR tyder altså på at det er ein tung prosess å snu korleis jenter og gutar prioriterer når dei vel utdanning og yrke.
Det er likevel feil å tru at unge sine utdanningsval sine er fastlåst. Endringar skjer, men ikkje så fort. Jenter er i fleirtal på studiespesialiserande utdanning, og også i fleire universitetsstudiar, mellom anna i prestisjestudiet medisin.
Naturbruk, som kan kvalifisere til fiskaryrket, har blitt meir populært mellom anna fordi fiskarane tener godt. Der er over 11 prosent av søkjarane jenter. Det kan sjå magert ut, men for nokre år sidan var fiskar eit nesten reindyrka mannsyrke.
Utdanningsvala er interessante mellom anna fordi dei påverkar framtidig rekruttering til bedriftene som er på Nordvestlandet og i neste omgang attraktiviteten til heile regionen.
Kort sagt og sett på spissen: Fleire gutar vel utdanning for yrke der Nordvestlandet har eit godt tilbod av jobbar. Jenter vel utdanning som opnar for å få jobbar kvar som helst.
Bindingane til regionen blir lausare alt før jentene går ut av ungdomsskulen.
Publisert: 14.03.2021 06:00
Sist oppdatert: 14.03.2021 08:00