Gullstandarden i internasjonal fiskeriforvaltning
RIKT HAV: Planteplanktonoppblomstring i Barenshavet i august 2011. Havet er rikt, og fiskeressursane i tillegg godt forvalta av den norsk-russiske fiskerikommisjonen.
Analyser

Gullstandarden i internasjonal fiskeriforvaltning

Den norsk-russiske fiskerikommisjonen er gullstandarden i internasjonal fiskeriforvalting, meiner forskar Geir Hønnesland. I morgon møtes kommisjonen i Ålesund, til sine årlege forhandlingar for å fastsette kor mykje som kan fiskast i Barentshavet neste år. 

14.10.2018

ANALYSE


Konkurransen med britane og andre utlendingar om fiskeressursane i Barentshavet foreina nordmenn og russarar midt i den kalde krigen på 70-talet. Internasjonalt hadde det blitt semje om at kyststatane hadde rett til ei 200 mils fiskerigrense. Det gjorde at Noreg og Russland såg sjansen til å sikre seg dei verdifulle fiskerressursane i Barentshavet, på bekostning av mellom andre britane, seier professor Geir Hønnesland ved Fridtjof Nansen Institutt.
Avtalen med Russland er den klart viktigaste av alle dei internasjonale fiskeravtalane Noreg er part i. I 2017 stod Russlandsavtalen for rundt 59 prosent av den totale verdien av dei internasjonale fiskeriavtalane som Noreg har.
Førstehandsverdien av avtalen er berekna til 16-17 milliarder kroner, avhengig av torskeprisen, i følgje det norske Fiskeridepartementet. Kommisjonen forvaltar fellesbestandane nordaustarktisk torsk, nordaustarktisk hyse, lodde, blåkveite og snabeluer.
Hønnesland har mellom anna skrive bok om kommisjonen, og meiner det var dei økonomiske eigeninteressene til Noreg og Russland gjorde at dei fann saman i Barentshavet midt på 70-talet.
Det blei ein suksess.
- I internasjonale fiskerikretsar blir det norsk-russiske bestandssamarbeidet i Barentshavet reknar som ein gullstandard, seier Hønnesland.
Han meiner den lange periode med samanfallande interesser har sveisa samarbeidet i den norsk-russiske fiskerikommisjonen solid saman: Då samarbeidet blei inngått delte Noreg og Russland torske- og hysebestanden likt seg i mellom og let andre får fiske 10 prosent av kvoten. Før avtalen tok fiskarar frå andre land rundt 20 prosent. Då hadde heller ikkje Russland og Noreg eit forhandlingskort som gjorde at dei kunne få fiske i andre land i bytte mot å sleppe andre inn i Barentshavet.
Avtalen opna og for at russiske fiskarar kunne bytte bort ein del av sin torskekvote i bytte mot å få fiske på andre fiskeslag som Noreg hadde kontrollen over. Det la grunnen for at Noreg og Russland hadde felles nytte av samarbeidet også etter at dei hadde sikra seg kontrollen i Barentshavet.
Først med slutten på Sovjetunionen byrja russiske fiskarar å konkurrere med norske fiskarar på verdsmarknaden. Fram til då hadde alt fangsten gått til å fø Sovjetborgarane. No fekk dei fridom til å konkurrere, også med nordmenn. Men då var det norsk-russiske fiskerisamarbeidet blitt så solid - mellom anna takka vere langvarige personlege relasjonar - at konkurransen i marknadane ikkje rokka det gode samarbeidet, etter Hønnesland si vurdering.
Grunnlaget for etableringa av den norsk-russiske fiskerikommisjonen blei lagt då den kalde krigen var på det kaldast, gjennom eit samarbeid mellom norsk og russiske fiskeriforskarar frå tidleg på 50-talet. Etter at kommisjonen hadde sitt første møte i 1976 overlevde den striden mellom Vesten og Sovjetunionen etter at Sovjetunionen invaderte Afghanistan, den overlevede opprustninga under Ronald Reagan, samanbrotet for Sovjetunionen, kaoset i Russland dei første åra etterpå og den nye kalde tilhøvet mellom Russland og Vesten etter at Russland tok over Krim frå Ukraina.
Det er nesten ubegripeleg at ikkje også den norsk-russiske fiskerikommisjonen blei ein konfliktarena, så høgt som spenningsnivået til tider har vore.
Men gjennom alle desse konfliktene har samarbeidet i den norsk-fiskerikommisjonen tikka og gått, der begge partar har vald å halde andre konfliktar utanfor. Her skal det forhandlast om regulering av fisket og fordeling av kvotene, og ingen ting anna.
Rammene det skal forhandlast innan er også klare og konfliktdempande. Kvotene kan berre endrast i små steg frå år til år, uavhengig av havforskarane sine råd. Det dempar svingingane og skaper mindre økonomisk uvisse for fiskarane.

Publisert: 14.10.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59