Nye Heroyhav foto Karstensens Skibsvaerft 2
PÅ VEG HEIM: Laurdag blir det ope dag på Mjølstadneset for det nye fiskefartøyet til Herøyhav-reiarlaget. Foto: Karstensens Skibsværft
Nytt

Nye Herøyhav på veg heim til ope dag

Karstensens Skibsværft ferdig med nybygg – og leverer rekneskap i minus.

Marius Rosbach
10.07.2025

Danske Karstensens Skibsværft har overlevert den nye båten til Herøyhav-reiarlaget med adresse på Bølandet. 

Det er snakk om ein 75 meter lang snurpar/trålar som blei bestilt tidleg i 2022. Om bord i det nye fiskefartøyet er det mellom anna utstyr frå Brunvoll, Evotec og Cflow. 

Den splitter nye båten er no på veg nordover til heimehamn, ifølgje AIS-sporinga til fartøyet. 

Heroyhav om bord forste maltid foto Heroyhav
FØRSTE MÅLTID: Her er mannskap og eigar Ronald Ervik (t.h.) samla til første måltid om bord på nyebåten. Foto: MS Herøyhav

Ope dag til helga
I Herøy blir det gjort klart til ope dag ved Mjølstadneset på laurdag for alle som vil kome om bord, ifølje ei melding frå reiarlaget på Facebook. Sjølve dåpen vil bli halde på eit seinare tidspunkt. 

Herøy-reiarlaget har ikkje levert rekneskap for 2024, men hadde eit rekordår i 2023 med omsetning på 118 millionar og eit resultat før skatt på over 16 millionar. 

Herøyhav Holding er eigd av Ronald Ervik med 51,0 prosent, Gunn Helen Hansen-Ervik med 37,0 prosent og Espen Ervik med 11,9 prosent.

Nye Heroyhav foto Karstensens Skibsvaerft 3
LOKALE LEVERANDØRER: Om bord i nye Herøyhay er det óg utstyr frå leverandørar på Nordvestlandet. Foto: Karstensens Skibsværft

Minusår for Karstensens i 2024
Karstensens på Skagen har siste åra bygt ei rekke norske fiskefartøy. 

Nyleg fortalde verftet om årsresultatet for 2024, som enda i minus. Verftet omsette for 1,8 milliardar – som er litt ned frå året før. 

Etter fleire år med overskot, snudde resultatet til underskot i fjor med eit minusresultat på 6,9 millionar kroner. Samtidig har dei ei ordrebok framover på 19 fiskefartøy, opplyser verftet i ei melding

Verftet har auka arbeidsstokken dei siste åra frå drygt 500 i 2021, til 634 ansatte i fjor.

Publisert: 10.07.2025 11:31

Sist oppdatert: 10.07.2025 11:43

Mer om