Gratisferjer har segla opp til å bli eit stridstema kring statsbudsjettet. Det er ei av sakene som Arbeidarpartiet har teke ut av sitt budsjettforslag – og som har provosert Senterpartiet kraftig.
Ferjene som går ut til øyane Voksa og Kvamsøya i Sande er eitt av sambanda som har vore gratis sidan sommaren 2022.
Brimer-sjef Håvard Haanes fortel at det ikkje er avgjerande for bedrifta at eit slikt tilbod blir vidareført.
– Om det skulle bli slik, så tek ikkje det nattesøvnen frå oss. Vi ønsker sjølvsagt lågast moglege kostnader, men det er ikkje mange millionar i auka utgifter for oss, seier han til Nett No.
– Viktigare å auke frekvensen
Haanes meiner at pengane som kan sparast ved å droppe gratisferjene, er småpengar i det store bildet.
For Brimer det er likevel millionbeløp det er snakk om - som han gjerne skulle behalde i bedrifta. Driftsresultatet ved Kvamsøya-bedrifta enda i fjor på 1,1 million kroner.
Haanes påpeiker samtidig at gratisferje kan vere positivt for busettinga på øya – som også er viktig for dei.
– Men for oss er det viktigare å auke frekvensen, og vi har kjempa for å få fleire anløp om dagen. Vi har mange bilar som går til og frå kvar dag, legg han til.

Har også hatt negative konsekvensar
I alt sju ferjesamband på Nordvestlandet har vore gratis sidan juli 2022. Om Ap sitt forslag til statsbudsjett går gjennom, vil det igjen bli innført betaling.
Regjeringa skriv i sitt forslag at ordninga med gratisferjer også har hatt negative konsekvensar.
– Mellom anna har det ført til auka trafikk, unødvendig bruk av ferja, kø og køyretøy som står att på kaia, skriv dei i sitt forslag.
Dei vil i staden prioritere at det blir betaling på ferjene – men at det framleis skal vere reduserte takstar.
Stengt kai ei større utfordring
Tilgang til kai for sjøfrakt har vore ei større utfordring for Brimer dei siste åra. Årsaka er at allmenningskaia på Kvamsøya har vore stengt, fordi grunnen er ustabil og ein fryktar at kaia skal rase ut.
Det gjer at bedrifta har vore nøyd til å nytte lekter eller bil via ferje til naboøya Sandsøya for å ta i mot eller sende sjøvegen.
Inntil no har det ikkje vore klart kva tid ei utbetring vil skje, og prosjektet har stått i køen av statlege hamneprosjekter under planlegging.

Må vente til neste år
Torsdag opplyser Kystverket til Nett No at kaia tidlegast vil vere utbetra og klar til bruk i løpet av neste år.
– Vi planlegg å gjera ein sokalla nødreparasjon av kaia på Kvamsøya før året er omme. Det betyr ikkje at kaien då vil bli klar for bruk, men det vil forhindre at den rasar ut, og samtidig sørgja for at den blir klargjord for ei større utbetring, opplyser kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk til Nett No.
Kystverket håpar å sende ut anbod for utbetringa tidleg i 2026, og om alt går etter plane vil kaia vere klar til bruk innan utgangen av 2026.
Publisert: 17.10.2025 05:00
Sist oppdatert: 21.10.2025 10:49






