Analyser
Hareide-råd: Sett av tid til framtidstenking
- Eg trur ikkje det er mange som tek inn over seg kor fort ting utviklar seg no.
03.09.2017
ANALYSE
Påstanden kjem frå Einar Hareide, grunnleggar og leiar av , som var gjest og innleiar då dro i gang haustsesongen på tampen av august.
Hareide snakka mellom anna om betydninga av overgangen frå å eige til å betale for ei teneste, som ny teknologi opnar opp for.
Det klaraste dømet er bilindustrien, der utviklinga av sjølvstyrte bilar opnar opp ei langt meir effektiv utnytting av bilparken enn med dagens modell, der dei fleste eig ein bil som står stille storparten av døgnet.
I framtida har mange ingen bil sjøl, men bestiller den på døra når dei treng den og er kvitt den når dei er framme.
Slår denne framtidsvisjonen til, kan det bli etterspørsel etter langt færre bilar enn i dag. Å bruke bil blir neppe gratis, men ein modell der du berre betaler for sjølve transporten er uansett ei veldig utfordring for bilindustrien.
Det er all grunn til å ta på alvor Hareide si bekymring over at farten og styrken i endringane blir undervurdert.
Kor mange trudde utviklinga av elektriske bilar skulle kome dit den er no, for fem år sidan, spør han retorisk.
Nordvestlandet har ingen bilindustri, men nok av andre næringar som får verda snudd opp ned av den nye teknologien.
Rolls-Royce Marine satsar mellom anna tungt på å overta overvaking og vedlikehald av skipsmotorar og utstyr ombord, der satelittkommunikasjon og ei mengde sensorar kan gi operatørane i kontrollsenteret på land eit presist bilete av situasjonen for kvar del i maskinrommet. Dei første kontraktane av denne typen er allereie inngått og målet er at tenesta skal byggast ut og bli enda meir omfattande.
I sin ytterste konsekvens kan Rolls-Royce også ende med å eige motorar og utstyr sjølv, og berre leige dei ut, med ansvaret for vedlikehaldet på kjøpet
Optimar, som mellom anna lagar produksjonsliner for fiskeindustrien, har alt fått spørsmål frå moglege kundar om dei ikkje kan levere overvaking og vedlikehaldsvarsling av anlegg.
Rolls-Royce Marine har satsa på å utnytte forretningsmoglegheitene som ny teknologi gir, og utvidar tenestetilbodet sitt - og skal tene pengar på det.
Optimar kan godt hende går same vegen etterkvart.
Det blir noko også konkurrentane må tilpasse seg. Kan du fortsette som før, eller vil konkurransen gjere det naudsynt for konkurrentane å tilby det same?
Og vil Rolls-Royce Marine klare å låse kundane sine fast til selskapet med den nye overvakingsteknologien, eller vil den opne opp for at kven som helst kan tilby slike tenester?
Møbelhandelen hadde eit svakt år i fjor, med nesten nullvekst, langt under gjennomsnittet dei siste åra. Ni av 12 møbelforhandlarar på Nordvestlandet hadde fall i driftsinntektene i fjor.
Men det er eitt område i møbelhandelen som vekst kraftig, om enn frå eit lavt nivå, og det er netthandel. Førebels er det ei utvikling møbelbransjen kan la seg freiste til å trekke på skuldrane av. Men i samanheng med at kundane i aukande grad orienterer seg på nettet før dei går i den fysiske butikken, varslar det at det brått kan kome store endringar, som kan rokke stillinga til både møbelkjeder og møbelprodusentar.
Bilindustrien har alltid drive med framtidsforsking og det burde resten av næringslivet også drive med, meiner Hareide.
Bilgigantane kan ha eigne store avdelingar, som jobbar med alt frå design som først er klart fleire år fram i tid, til teknologi som utfordrar korleis bilar og bilbransjen vil sjå ut om mange år.
Det betyr og at dei er bedre budde på endringar i framtida, fordi dei allereie har alternativ til kva dei kan gjere, om rammevilkåra endrar seg.
For små og mellomstore selskap er slik storsatsing berre utopi, men Hareide meiner det går godt an å sette av ei veke eller ein månad i året til å tenke på og leike seg med ulike alternativ for korleis framtida blir for bedrifta di.
Publisert: 03.09.2017 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59