Analyser
Hastar å finne nye eigarar til Kleven
Petter Stordalen vart mottatt som ein helt då Hurtigruten berga Kleven. No er applausen i ferd med å stilne. Eventyret kan få ein dramatisk slutt.
09.06.2019
ANALYSE:
Applausen var stor då ein svært så offensiv Stordalen møtte Kleven-tilsette i september 2017. Etter fleire år med store tap for Kleven-konsernet, var Kleven på randen av kollaps, men hotellkongen Stordalen og resten av Hurtigruten-aksjonærane opna lommeboka og kom reddande til.
Og Stordalen gjekk langt i å love at det ikkje berre var ekspedisjonscruiseskipa Roald Amundsen og Fridtjof Nansen som skulle byggjast på Kleven. Nei, det skulle byggje endå eitt, og kanskje to til milliardskip for Hurtigruten.
Og i tillegg skulle det satsast på nye skipstypar.
Det starta også lovande. I november same året vart det inngått avtale om å byggje eit 100 meter langt cruiseskip i samarbeid med tyske Lürssen, der sluttutrustning og innreiing skulle gjerast ved Lürssen sitt Blohm & Voss-anlegg i Hamburg.
Så langt var prosjektet kome at prosjektleiarar hadde leigd seg hus i Ulstein, og der enkelte også skulle flytte med familien til Sunnmøre for å følgje prosjektet tett over lang tid. Men så skar det seg.
Offisielt vart det opplyst at det var Lürssen som hadde trekt samarbeidet med Kleven, men det er liten tvil om at Hurtigruten meinte dette var ei bra løysing.
Ikkje lenge etter overtok Hurtigruten heile Kleven i Ulsteinvik, og gjekk inn med endå meir pengar for å sikre midlar til drift for å ferdiggjere Roald Amundsen og Fridtjof Nansen, i tillegg til å få sluttført arbeidet på dei siste ankerhandterarane til Maersk.
Men framleis var det ikkje heilt stengt for at Kleven kunne påta seg endå fleire kontraktar, men reiarane var usikre kva ein kunne forvente av verftet. Det var truleg også dette som var årsaka til at namibiske de Beers såg seg om etter andre verft etter at selskapet primært ville byggje eit 175 meter langt diamantleiteskip hos Kleven, ein kontrakt til truleg rundt 1,5 milliardar kroner.
Og no er det svært lite truleg at det vert fleire ekspedisjonscruiseskip enn Roald Amundsen og Fridtjof Nansen ved Kleven. Desse skipa skal gjerast ferdige, og dei vert flotte skip, men har kosta Hurtigruten enormt med pengar. Samstundes er det heilt klart at skipa har vorte betydeleg endra og marknadstilpassa under byggjeprosessen, som også har bidrege til forseinkingane.
Men no vil uansett ikkje Hurtigruten meir. Dei har tapt nok, og ser seg om etter kjøparar av verftet i Ulsteinvik.
Men kjøparar av norske verft er ikkje lette å finne. Likevel skal tre verftsgrupper ha vist litt interesse. Det er den italienske Vard-eigaren Fincantieri, som satsar stort på cruise og kjenner Kleven godt. At Fincantieri sel verftet på Aukra, og kanskje i tillegg i Brevik etter kvart, treng ikkje bety at Fincantieri er uinteressert i Kleven.
Også hollandske Damen har lukta på Kleven, og eigarane i det familieeigde selskapet skal også ha planar om å sjå nærare på verftet. Damen har verft i 16 land, men ikkje i Norge. Også Damen satsar no stort på cruise, men har nyleg flagga at ein skal byggje nøkkelferdige cruiseskip i Romania.
I tillegg skal også tyske Meyer Werft i Papenburg vere interessert i å sjå nærare på Kleven. Selskapet er store på bygging av luksuriøse passasjerskip, og har vekstambisjonar.
Alle desse tre europeiske aktørane ville ha vore gode eigarar for dagens Kleven. Det hjelper også på interessa at det er lang leveringstid på cruiseskip bygde i Europa.
Om nokon av desse tre overtar no, vil dei truleg også få oppdraget å gjere ferdig Fridtjof Nansen, ekspedisjonscruiseskip nummer to til Hurtigruten.
Men om Hurtigruten ikkje lukkast med sal til nokon av dei store eksisterande aktørane, så ser det mørkt ut for Kleven, i alle fall i den størrelse og med den aktiviteten verftet er kjend for.
Interessa frå norsk side er truleg svært laber. Ulstein på andre sida av fjorden har også sitt å stri med økonomisk, sjølv om det ser betre ut framover med ei god Nexans-kontrakt, og truleg bra kontraktar både til offshore vind og til Lindblad. Men noko kjøp av Kleven er lite truleg, sjølv om dei to verfta no samarbeider godt om arbeidskraft.
Dei tidlegare Kleven-eigarane er truleg heller ikkje i posisjon til å kjøpe noko verft, men det kan opne seg mulegheiter i samarbeid med andre.
Fleire har håpa på at Kongsberg skal vise interesse, men Kongsberg Maritime-sjef Egil Haugsdal seier at no er det fullt fokus på å integrere gamle Rolls-Royce med Kongsberg Maritime, og noko verftssatsing er ikkje aktuelt.
Derimot er han opptatt av at det skal vere skipsbygging i større skala att i Norge og på Nordvestlandet, noko som er viktig for heile den maritime klynga og for utviklinga av samfunnet.
Det siste har han heilt rett i. Om Kleven ryk over ende, vil det få dramatiske følgjer langt utover Ulstein-samfunnet.
Petter Stordalen og Hurtigruten-eigarane fortente mykje av applausen i 2017, men no hastar det med å finne nye aktørar som dei Kleven-tilsette kan applaudere.
For om nokon skal byggje båt på Kleven no, følgjer eit verft med på kjøpet.
Om nokon skal byggje båt på Kleven no, følgjer eit verft med på kjøpet
Publisert: 09.06.2019 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59