Analyser
Hurra for utbytte
Det kan løne seg å ha kritiske småaksjonærar.
10.06.2018
ANALYSE
Ulstein Group har nettopp fått aksjonærane med på å skyte inn meir pengar i selskapet.Vedtaket på generalforsamlinga i førre veke er eit typisk døme på funn som professor Øyvind Bøhren og forskingskollegaer ved BI har gjort, i samband med eit større, pågåande forskingsprosjekt på mellom anna utbyttepolitikk og eigarskap i familiebedrifter.Utbytte til eigarane i gode tider aukar mellom anna sjansen for at dei vil skyte inn att pengar i tøffe tider. Å la alle verdiane stå att i selskapet, straffar seg når tidene blir tøffare.I løpet av berre dei fem siste åra har Ulstein Group betalt ut 214 millionar kroner i utbytte. Det er ein fornuftig politikk, etter Bøhren si vurdering.- Du kan lure mindretalsaksjonærane no, men det straffar seg i morgon når du skal tilbake til minoritetsaksjonærane og skaffe meir kapital, seier Bøhren. Det Bøhren seier her er ikkje ei vurdering, men fakta. Han og kollegaene har undersøkt 10.000 norske bedrifter over fleire år og finn at høge utbytte i gode tider gjer at aksjonærane er villige til å gå inn med meir pengar når det trengst. Selskap som betalar gode utbytte får i gjennomsnitt inn dobbelt så mykje i ny eigenkapital seinare, viser forskinga til Bøhren og kollegaene.Den ideelle aksjonærsamansettinga - om størst mogleg utbytte er poenget - er ein majoritetsaksjonær som ikkje eig så mykje meir enn 50 prosent av selskapet.Deler av forskingsarbeidet er allereie publisert og eitt av funna er at selskap der majoritetseigaren har 55 prosent eigarskap betalar ut 50 prosent meir utbytte enn der majoritetseigaren har 95 prosent av aksjane og i praksis kan gjere som han eller ho vil.Forskarane peikar på potensialet for konflikt eigarane imellom som ei viktig drivkraft for utbytteutbetalinga. Eigarane kan ha ulike motiv for eigarskapet, frå å aktivt arbeide i selskapet til å vere ein rein finansiell investor. Eit godt utbytte dempar det potensielle konfliktnivået, og gjer det altså lettare å be eigarane vere med på å skyte inn meir pengar om det trengst.Ein lærdom etter offshorekrisa er at næringslivet på Nordvestlandet bør gi slepp på idealet om å halde alt overskot attende i bedrifta.Nedturen for offshorereiarlaga har vist kor fort store verdiar kan fordampe. - Ta utbytte i gode tider, sa Sands-advokat Cecilie Hjorth i eit intervju med NETT NO i november i fjor. Hennar erfaring etter arbeid med fleire refinansieringar er at eigarane bør bygge opp ei krigskasse til bruk i tøffe tider.Det er dessutan ikkje berre ved kriser det kan vere behov for å hente eigenkapital. Det kan også vere for å finansiere store investeringar i selskapet og ved oppkjøp av andre selskap.Utbyttet kan og ha ytterlegare ein positiv effekt. Eigarar som tek ut utbytte kan bidra til å styrke det regionale investormiljøet på Nordvestlandet. Det er eit miljø som i løpet av få år har vakse fram til å bli eit reelt alternativ for gründarar med idear, på jakt etter kapital for å få sett ideane ut i livet. Det gir og dei som tek ut utbytte eit alternativ for å plassere noko av utbyttet i regional næringsutvikling, i staden for eigedom eller plasseringar i børsnoterte aksjar og fond.Først kom miljøet rundt Novela/Converto, som no óg er i ferd med å lansere eit investeringsfond.Deretter kom Åkp med sitt "Founders Lunch" og investorgruppa Pir Invest som nyleg gjorde si første investering i utvikling av ei sjukehusseng. Også MRB (Møre og Romsdal Bedriftsutvikling) er i ferd med å bygge opp ei investorgruppe.Publisert: 10.06.2018 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59