Ikkje undervurder valuta effekten
DOBBELKONTRAKT: Gunstig valutautvikling gjorde at Ulstein Verft i februar i fjor kunne dra i land to og ikkje ei kontrakt på bygging av serviceskip for offshore vindkraft-industrie. I år har valutaen svinga feil veg for norske eksportbedrifter.
Analyser

Ikkje undervurder valuta-effekten

Valutautviklinga har peika feil veg heilt sidan årskiftet.

09.10.2016

ANALYSE


Det er all grunn til å ta alvorleg åtvaringa frå Gaute Langeland i Nordea Markets gav på Klyngekonferansen om ei negativ valutautvikling for eksportbedriftene framover. Den kjem, slik Langeland vurderer det, uavhengig av oljeprisutviklinga.

At oljeprisen i tillegg stig slik den har gjort denne veka berre forsterkar utviklinga.
Norsk kroner var på sitt svakaste mot viktige valutaer som amerikanske dollar, Euro og britiske pund rundt årskiftet 2015/2016.
At norske kroner er svak betyr at vekslingskursen gjer norske varer billegare i utlandet og importerte varer dyrare. Det er ein fordel for dei som eksporterer frå Noreg, og gjer Noreg til eit billegare reisemål for utlendingar. Svak norsk krone gir norske eksportørar høve til å kutte prisane og auke salet, eller halde på prisane og auke fortenesta. Eller litt av begge deler. Uansett er det ein fordel. På heimebane får bedrifter det lettare i konkurransen med importerte varer og tenester.
Omvendt gjer ei sterk krone det billegare for oss å dra på ferie- og shoppingtur til utlandet, og rimlegare å kjøpe importerte varer i Noreg.
Mandag 30 juni 2014 vart ein dollar veksla til 6,17 kroner. Rett nok hadde kursen vore nede i under 5,50 kroner i januar 2013, men det var framleis billeg å ta seg ei veke i New York til dømes.
6. januar i år var kursen 8,95. Det er ei kursendring på 44 prosent i favør av norsk eksport og reiselivsnæring. Biletet er omlag det same både for Euro og pund. Då oljeprisen tok til å falle i 2014 fekk andre deler av norsk økonomi kjærkome drahjelp av ei gunstig valutakursutvikling. Det har truleg hindra arbeidsløysa i å stige meir enn den har gjort.
Men hittil i år har det gått feil veg, sett frå eksportbedriftene si side. Krona har styrka seg mot dollar (åtte prosent), Euro (sju prosent) og ikkje minst britiske pund (24 prosent).
Den store styrkinga mot britiske pund skuldast uvissa rundt utviklinga i britiske økonomi etter at fleirtalet i folkerøystinga tidlegare i år røysta for utmelding av EU. Nei-fleirtalet var ikkje noko gledesbodskap for fiskarane til dømes. Hittil i år har Noreg eksportert fisk for over fire milliardar kroner til Storbritannia, og landet er den fjerde største marknaden for norsk fisk.
Kronekursen er framleis på eit gunstigare nivå enn då Ulstein Verft i februar i fjor dro i land ein dobbelkontrakt på bygging av serviceskip for offshore vindkraftanlegg med det tyske reiarlaget Bernhard Schulte i 2015. Kursutviklinga sikra at det blei to og ikkje eitt farty, sa Tore Ulstein i Ulsteinkonsernet den gongen.

Nivået i dag skulle ikkje vere skremande i seg sjølv, men om held det fram i same takt framover vil truleg dei negative verknadane vise seg. Det er i så fall ikkje bra, for den oljerelaterte deler av næringslivet vil neppe få ein opptur kjapt nok til å erstatte det anna næringsliv taper på ei vidare negativ utvikling i valutamarknaden.
For Norges Bank, som til liks med fleire ser ein gryande opptur i norsk økonomi, er dilemmaet om den skal senke renta ytterlegare for å halde krona svak, eller la renta ligge på dagen nivå for å ikkje gasse på meir enn naudsynt. Den klassiske medisinen er å senke renta når økonomien treng eit dytt i ryggen, og auke den når det er tid for å passe på at det ikkje går for fort.
Problemet er at eksportnæringane - medrekna reiseliv - helst skulle hatt den drahjelpa som svak krone kan gi nettopp for å kunne bygge seg opp til å fylle tomrommet som er det etter ei krympa oljenæring. Då er lav rente ein fordel, men bieffekten av det er mellom anna ein prisgalopp i bustadmarknaden langt ut over det lønsveksten skulle tilseie.
Men regjeringa kan og bruke statsbudsjettet til å hindre eller dempe at krona blir sterkare. Det kan skje ved å halde att på den offentlege pengebruken for å unngå at staten driv vekst og kostnadar i veret, og forverrar konkurransevna i det private næringslivet.
I statsbudsjettet regjeringa la fram på torsdag er den såkalla vekstimpulsen - verknaden den offentlege pengebruken har på økonomien - anslått til ein auke i bruttonasjonalprodukter på 0,4 prosent i 2017. (Bruttonasjonalproduktet er ein målestokk på verdien av produksjonen av varer og tenester i eit land). Det er nesten ei halvering av vekstimpulsen samanlikna med budsjettet som vart lagt fram i fjor. Dess større økonomisk vekst, dess sterkare blir gjerne valutaen, så slik er 2017-budsjettet mindre negativt for eksportbedriftene enn 2016-budsjettet.
Men det er likevel grunn til å spørre om den positive effekten den svake norske krona har hatt og kan ha er fullt ut forstått.

Publisert: 09.10.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59