For nokre år sidan hadde fiskebåtreiarlaget Loran på Godøya planar om å bygge ny båt som kombinerte hydrogen og dieseldrift. Målet var å kutte forbruket betydeleg samanlikna med båtar på berre diesel.
Men fordi prosjektet blei for dyrt, vart det lagt i skuffen. Reiar Ståle Dyb fortel at han likevel ikkje har mista trua på ei slik løysing for å få bukt med klimautsleppa deira.
– Det blir nok hydrogen til slutt, seier han.
Utfordringa for reiarlaget sin del, er at dei tidlegare i år nytta betydelege beløp på å sikre seg linebåten Fjellmøy med tilhøyrande kvoter.
Prislappen er ikkje kjent, men Dyb legg ikkje skjul på at det kosta.
– Det var snakk om nokre hundre millionar, fortel han.
Imponert over Flakk-satsingar
Fiskebåtreiaren følgjer med på kva som rører seg i utviklinga av hydrogensystem til sjøs.
Han er spesielt imponert over Knut Flakk sine ulike satsingar, som inkluderer både Norwegian Hydrogen og Hexagon Purus Maritime.
Nett No omtala nyleg korleis sistnemnte selskap no opplever auka aktivitet i marknaden for hydrogensystem til sjøs. Dei har sikra leveransar til fleire type fartøy – men førebels ikkje til fiskeflåten.
– Eg opplever at Flakk er visjonær og tenker lengre enn dei fleste, samtidig som han er med å bygge opp kunnskap, seier Dyb.
– Ein risiko ved alt
Det har vore mykje uro kring sikkerheita ved hydrogen.
Då er Dyb meir skeptisk til skip med kjernekraftreaktorar om bord – og kva som kan bli konsekvensane av havari og ulukker.
– Det er ein risiko ved alt, men det køyrer allereie bilar rundt på vegane med hydrogen. Det fine med hydrogen er også at den stig opp i lufta, seier han.
Loran-eigaren ser føre seg at fiskeflåten i framtida kan fylle hydrogen frå større skip til havs.
Refsar bakstreverske haldningar
Fiskebåtreiaren refsar samtidig det han meiner er ein del bakstreverske haldningar i eiga bransje. Han opplever at mange er «livredde for å prøve noko nytt».
– Om temperaturen og havnivået held fram å stige slik vi opplever no, så må vi gjere grep. Det kjem eit tidspunkt då vi ikkje lenger kan kome med fisk som er fangsta med diesel. Det vil ikkje bli godteke, seier Dyb.
– Om vi får eliminert utsleppa, så kan vi i staden fokusere på korleis lineflåten leverer verdas beste fisk, utan å gjere skadar på botn, og frose på havet, legg han til.
Publisert: 20.10.2025 05:00
Sist oppdatert: 19.10.2025 22:56






