Italiensk nederlandsk eller norsk
PRØVETUR: MS Roald Amundsen la ut på sin første prøvetur fredag ettermiddag. 
Analyser

Italiensk, nederlandsk eller norsk?

Italienske Fincantieri og nederlandske Damen er høgaktuelle kjøparar når Hurtigruten skal ut av verft. Eller kan det dukke opp ein norsk beilar?

24.02.2019

KOMMENTAR:

Hurtigruten vart verftseigar av naud, ikkje av lyst. To gongar måtte Petter Stordalen og resten av Hurtigruten-aksjonærane grave djupt for å berge bygginga av ekspedisjoncruiseskipa Roald Amundsen og Fridtjof Nansen.
Dei kunne ikkje ta sjansen på fleire forseinkingar, avlyste turar og tilbakebetaling av reiser til frustrerte passasjerar.
Og Hurtigruten har lukkast, sjølv om det har kosta dyrt. No ser det ut til å vere god kontroll på ferdiggjeringa av dei to prestisjeskipa, og Hurtigruten kan endeleg puste letta ut.
Men dette betyr også at ein kan starte prosessen mot å selje seg ut av heileigde Kleven Verft og deleigde Myklebust Verft. Hurtigruten-aksjonærane har ingen planar om å vere sunnmørske verftseigarar lenger enn ein må.
Lokalavisa Vikebladet Vestposten kunne denne veka fortelje at det var om overtaking av verftet.
Dette er ikkje overraskande. Italienske Fincantieri har allereie tjue skipsverft i Europa, Amerika og Asia.
I Norge eig Fincantieri Vard-verfta Brattvaag, Aukra, Langsten, Søviknes og Brevik.
Vard-leiinga kjenner godt til Kleven - og omvendt.
Kleven Verft kan passe godt inn i portefølgjen for Fincantieri, spesielt ettersom det selskapet viser stor appetitt i nybyggingsmarknaden der selskapet satsar offensivt på bygging av cruise- og ekspedisjonsskip.
Cruisemarknaden er i sterk vekst, og for verfta i Europa er det no fleire års leveringstid på slike skip.
Difor kan Kleven Verft vere ekstra interessant, sidan Kleven har vist at ein kan byggje ekspedisjonscruiseskip.
Det har også tidlegare vore dialog mellom Hurtigruten og Vard om bygging av skip, truleg også då Hurtigruten planla å byggje fleire nye skip til å trafikkere Kystruten mellom Bergen og Kirkenes, men dette vart stoppa då Havila Kystruten stakk av med kontrakten på fire skip.
Men sjølv om det no er kontakt mellom Kleven og Vard/Fincantieri, vil Hurtigruten også sjå seg om etter andre mulege beilarar for Kleven-verftet, for å få opp prisen og redusere tapet.
Og her er nederlandske Damen spesielt interessant. Det familieeigde selskapet har 16 skipsverft verda over i dag, med ein kapasitet til å byggje 180 skip i året.
Damen har satsa breidt, og blant anna vore store i offshore, men no har denne verftsgruppa også satsa stadig meir på cruise og ekspedisjon.
Damen har eit avdelingskontor i Stavanger, men har ingen verft i Norge. Derimot eig gruppa det svenske Oskarshavn-verftet.
Ingen bør verte overraska over om det dukkar opp representantar frå Damen for å sjå nærare på Kleven.
Interessa frå norsk side for Kleven Verft er truleg laber. Dei fleste etablerte aktørane har meir enn nok med sitt, og Kongsberg vil nok ikkje eige verft. Men Havyard kunne ha vore interessert i Myklebust Verft i Sande, som Hurtigruten-aksjonærane vart 39,7 prosent eigar av gjennom redningsaksjonane for Kleven. Spesielt Myklebust-dokka fristar, men Havyard er truleg langt mindre interessert å eige i Kleven.
Men i Myklebust eig også Kleven-familien, som ikkje har gitt opp håpet om på nytt å kome i posisjon på Kleven i Ulstein.
Eigar i Myklebust er også tyske Lürssen-Internaval Gmbh med 11,1 prosent, samt Åge Remøy og Magnus Roth som sit på 19,0 prosent av aksjane.
Ingen av desse sette pengar i Kleven-konsernet primært for å eige Myklebust Verft, sjølv om det no for Sande-verftet.
For Myklebust kunne ein derimot sett for seg at Roger Halsebakk og Sølvtrans vart medeigar, når nokon snart skal ut.
Myklebust framstår som friskmeldt, medan ein veit mindre om økonomien rundt Kleven. Men å byggje båtar kan ein, og det er sjeldan at ein har høyrt normalt så kritiske danske Maersk rose eit verft så sterkt som då ein overtok den siste av seks ankerhandterarar frå Kleven.
Sjølv om fleire av toppsjefane har forlatt Kleven Verft under turbulensen, har nye kome til, og ein har klart å behalde sentral verftskompetanse.
Dette har også vore svært viktig for verftsdirektør Olav Nakken, som har leia bedrifta sidan 1. oktober i fjor.
Nakken gjorde det klart då han starta i stillinga at han ønska å lukkast med verftet, og var ikkje der for å leggje til rette for eit sal.
Å lukkast er også den beste måten å selje på, og mykje tyder på at den tida no nærmar seg.
I potten ligg ei ekstra ekspedisjonscruisekontrakt med Hurtigruten, men det ville også ha hjelpt med eit oppdrag der ikkje verftseigaren sjølv var kontraktør. Det oppdraget kan fort vise seg å vere ein stor .
Spenninga rundt nye Kleven held fram. Det einaste som synest sikkert er at det skal byggjast fleire skip ved verftet, til glede for dei tilsette og samfunnet rundt.
Å lukkast er også den beste måten å selje på, og mykje tyder på at den tida no nærmar seg

Publisert: 24.02.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59