Kan bli dragkamp om formuesskatten
Det blir SV som kan skape spenning om statsbudsjettet.
ANALYSE
I fjor var det dyster og dårleg stemning på advokatfirmaet Adviso og kommunikasjonsselskapet First House sitt møte om statsbudsjettet for 2023, som vart arrangert få timar etter regjeringa Støre hadde lagt fram budsjettet i Stortinget i oktober 2022.
Ekstraskatt på oppdrettsnæringa hadde regjeringa varsla ei veke i førevegen, og på sjølve statsbudsjettdagen kom auka skatt og avgift på formue, utbytte og høgtløna arbeidskraft i tillegg.
Det einaste lyse på møtet var fargen på veggane og lampane i taket, skreiv NETT NO i fjor.
I år var arrangementet flytta til eit mørkare lokale, men stemninga var lysare.
Grunnen var få overraskingar i statsbudsjettet for 2024, akkurat som finansminister Trygve Slagsvold Vedum hadde lova på førehand.
Ingenting som utløyste jubel, men heller ingenting som sende sjokkbølgjer inn i næringslivet, slik som i fjor.
Den ekstra arbeidsgivaravgifta på høgtlønte vart bitte litt lempa på, verdien av næringseigedom utanfor dei største byane skal ikkje vege like tungt i grunnlaget for berekning av formuesskatten og grunnrenteskatten på vindkraft på land blir litt lågare enn regjeringa opphavleg hadde tenkt seg.
Det går godt an å glede seg over mangel på spenning, ser det ut til.
Det som likevel kan skape spenning no er kva som blir utfallet av forhandlingane om budsjettet i Stortinget.
Det er SV som er Regjeringa sitt førsteval når den skal forhandle, og partiet må få noko for å stille seg bak Regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett.
Etter First House-partnar Ole Berget si vurdering gjorde Regjeringa ei tabbe i fjor ved å foreslå kutt eller frys i postar som den rekna med at SV ville bruke tid og krefter på å få auka løyvingane til. SV sitt svar var å la Regjeringa sjølv slite med protestane som kom, og heller satse på krav om endringar på andre postar.
Det har Regjeringa lært av, meiner Berget. I forhandlingane om Statsbudsjettet for 2024 er det difor meir sannsynleg at det mellom anna blir storleiken på formuesskatten dragkampen mellom Regjeringa og SV vil stå om.
SV vil både bruke meir pengar og ha meir omfordeling gjennom skattesystemet, som tyder på at Berget si vurdering er rett.
Det gjer også dei første reaksjonane frå SV.
"Det er et tankekors at det i Norge er over 400 personer som har gjennomsnittlig formue på 4,7 milliarder kroner. Så det er helt klart behov for å gjøre noe på skattesiden", sa SV sin finanspolitiske talsperson, Kari Elisabeth Kaski, til Dagsavisen etter statsbudsjettet vart lagt fram fredag 6. oktober.
Publisert: 08.10.2023 05:00
Sist oppdatert: 07.10.2023 16:01