Analyser
Kappløp om kundane
Eit nytt direktiv frå EU kan gjere livet tøffare for banken din.
03.07.2016
ANALYSEDenne veka lanserte Sparebanken Møre si løysing for å bruke mobilen som lommebok, Sping. Frå før har sparebankane i Sparebank 1 gruppen MCash, og Danske Bank står bak Mobile Pay, medan DNB med Vipps førebels er storebror i konkurransen.Pengane går ut og inn av bankkontoen din, ikkje via nettbanken, men via eit lite dataprogram - ein app - på telefonen der telefonnummeret er nøkkelen.EU-direktivet som er på veg vil berre gjere betydninga av å kunne tilby kundane mobiltenester viktigare. Direktivet vil opne opp for at du som kontoeigar kan gi kven som helst tilgang til kontoen din. Ikkje i den forstand at du gir dei rett til å forsyne seg av pengane som måtte stå der, men at du kan koble kontoen til betalingsløysings- og pengeoverføringstenester som måtte bli tilbydd på internett. Dei tenestene treng ikke vere utvikla eller eigd av bankane, men i prinsippet av kven som helst. Det er slik det fungerer med til dømes Itunes (Apple sin musikkbutikk). Kontoinformasjonen du har lagt inn i Itunes gjer at kjøpesummen blir trekt frå kontoen din kvar gong du kjøper musikk. Det er ikkje naudsynt å koble seg inn på nettbanken, finne fram kodebrikken og taste massevis av opplysningar. Berre trykk kjøp, og last ned. Enkelt.Direktivet vil betre sjansen for å konkurrere om betalingstenester, der du ikkje lenger brukar banken din når du skal betale for kjøp eller overføre pengar. Banken berre held kontoen. Andre flyttar på pengane.At det er enkelt er forklaringa på at over to millionar har lasta ned Vipps-appen allereie, berre litt over eitt år etter at det vesle dataprogrammet blei lansert.Gratis er det også, for kundane. Det er ingen direkte inntekter å hente for bankane på tenestene. Derimot kostar det å utvikle og å drive dei. Så kvifor lanserer bankane den eine nye konkurrerande løysinga etter den andre? Du kan bruke Vipps sjølv om du har konto i Sparebanken Møre og du skal sende pengar til eksempelvis ein Nordea-konto. Mange løysingar gjer det berre meir komplisert å bruke tenestene. Om butikken, organisasjonen eller familiemedlemer og vener brukar ei anna mobiltelefonteneste enn du kjem du ingen veg utan at du sjølv lastar ned det same programmet på din telefon. Butikkane er heller ikkje så glade i dette mangfaldet. Det kostar og gjer det meir komplisert, med fleire sett med avtalar og teknisk utstyr og system. Dei vil helst ha ei standardløysing som fungerer for alt. Eit standardisert, enkelt og billeg (for kundane) system for betalingskort er truleg ei forklaring på at bruk av mobiltelefonbasert betalingssystem er meir utbreidd og har har vore lenger i bruk i våre naboland Sverige og Danmark. Mobiltelefonbaserte tenester er ei forenkling, ikkje ein revolusjon, og difor har det ikkje gått så fort her til lands.Men no kjem det for alvor. Bankane sin iver etter å lansere sine eigne system er truleg drive fram av ei frykt for at dei ved å overlate betalingstenester til andre, enten det er konkurrerande bankar eller nye aktørar, gradvis vil framstå som mindre viktig for kundane sine. Spørsmålet er om det er til å unngå. Berre sjå på media. Etablerte mediebedrifter sin kamp for å behalde inntekter og posisjon etterkvart som nye tilbod dukkar opp på internett, er ikkje akkurat ei suksesshistorie.Sping-løysinga til Sparebanken Møre er utvikla i samarbeid med Sparebanken Vest og Sparebanken Sør, og IT-gigant Evry, og kan byggast til å bli både ein informasjons-, reklame- og betalingskanal. Det er attraktivt for butikkar og restaurantar, organisasjonar og institusjonar, men dei vil også ha tilgang til maksimalt med kundar med på kjøpet. Kundane vil på si side ha ein teneste som kan brukast over alt. Så lenge det er mange konkurrerande løysingar - som ikkje snakkar saman - i marknaden får dei ikkje det. I norsk banknæring blir det arbeidd for å utvikle ei felles plattform for mobiltelefonbaserte betalingstenester med utgangspunkt i den standardiseringa som er gjort for bankkort. Den standardiseringa har ikkje hindra at mange aktørar tilbyr betalingskort-løysingar.Standardisering av mobiltelefonbaserte betalingstenester kan også gi konkurranse mellom mange aktørar, men vil bankane som er etablert med eigne løysingar vere interessert i det?Svaret kan vere nei fordi gevinsten ved å vinne ein konkurranse mellom internettbaserte tenester er så stor. Vinnaren tek det meste.
Publisert: 03.07.2016 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59