Lars Oscar Øvstegård og dei andre saksøkjarane i formuesskattsaka, leverte i helga anke til Frostating lagsmannsrett, etter å ha blitt avvist i tingretten.
Ørstingen er skuffa over at regjeringsadvokatane meiner saka bør avvisast, slik Sunnmøre tingrett gjekk inn for i september.
Han er likevel ikkje overraska og fortel at dei er budd på å kjempe for å få saka inn for domstolane.
– Vi har jobba på spreng og skaffa finansiering slik at vi kan gå heile vegen til høgsterett, fortel Øvstegård til Nett No.
Les også
Har fått tilbod om store summar
Saksøkjarane har tidlegare berre bedt om støtte frå små og mellomstore bedrifter.
No har også støttespelarar med større økonomiske musklar fått vere med. Øvstegård fortel at han også har fått tilbod om svært store beløp til kampen mot formuesskatten.
Det har han takka nei til.
– Eg er oppteken av at det i første rekke skal vere mindre bedrifter som utgjer tyngda i søksmålet. Men vi tek denne kampen for alle, seier han.
– Bygd nettverket vårt større
Øvstegård fortel at responsen dei siste vekene har vore enorm.
Mange vart provosert då Dagens Næringsliv omtala Øvstegård som ein «posterboy» i kampen mot formuesskatten i ei reportasje.
At regjeringsadvokatane meiner at saka ikkje bør prøvast i domstolane i det heile tatt har også sett sinne i kok hos fleire.
– Fordi Staten gjer seg så vanskeleg og forsøker slite oss ut, har vi bygd nettverket vårt større og med tyngre aktørar. Jo meir vanskeleg Staten er, jo meir støtte får vi, seier Øvstegård.
Øvstegård påpeiker at advokatfirmaet til Simonsen Vogt Wiig er mellom dei som har dei største utgiftene i saka.
– Dei meiner det er ei ekstremt viktig prinsipiell sak som bør sleppe inn i rettsapparatet, seier han.
Ørstingen takkar samtidig fleire titals nye bidragsytarar frå Sunnmøre som har stilt opp den siste perioden.

Meiner tingretten tek feil
Sunnmøre tingrett meinte saka måtte handsamast etter skatteforvaltningslova – og avviste søksmålet.
I anken kjem det frå at saksøkarane meiner tingretten gjer feil, og søksmålet bør vurderast etter tvistelova.
«Dersom statens syn legges til grunn, vil borgerne i praksis miste retten til domstolsprøving av kumulative økonomiske inngrep», skriv saksøkjarane.
I ei pressemelding som blei sendt ut saman med anken, blir det argumentert for at saka reiser prinsipielle spørsmål om kor langt Statens rett til å skatte folk kan strekke seg – før den blir konfiskatorisk.
«Saksøkerne mener at formuesskatten i sin nåværende form ikke står i rimelig forhold til de faktiske inntektene eller verdienes likviditet, og derfor utgjør et urimelig inngrep i eiendomsretten», heiter det vidare.
Publisert: 20.10.2025 11:50
Sist oppdatert: 20.10.2025 12:48






