Karakterboka om koronahandteringa
LITT FOR OPTIMISTISK I FJOR VÅR? Statsminister Erna Solberg under ein pressekonferanse i mai 2020. 
Analyser

Karakterboka om koronahandteringa

31. mars kjem den mest spennande rapporten for norsk næringsliv og politikk i år. Den skal svare på kva vi kan lære av koronakrisa.

31.01.2021
ANALYSEStener Kvinnsland, leiar for koronakommisjonen, lovar at kommisjonen som Regjeringa oppretta i april 2020 både skal vere klar innan fristen 31. mars, og også at den kjem til å gå grundig inn på kva koronakrisa har lært oss om leveringstryggleik.I starten av koronakrisa var det mellom anna mangel på smittevernutstyr, utstyr som det viste seg at Noreg stort sett har basert seg på å importere frå Kina og dessutan hadde for lite av på lager.Kvinnsland er mellom anna tidlegare leiar av Helse Bergen og tidlegare styreleiar ved Oslo Universitetssjukehus. Han blei vald til å leia kommisjonen som skal lage ein rapport som er "en grundig og helhetlig gjennomgang og evaluering av myndighetenes håndtering av Covid 19-pandemien", ifølgje mandatet.Kommisjonen vil truleg bruke mest plass på handteringa av epidemien frå dag til dag, om smitteverntiltaka kom for seint eller smått, om organisering og testing kunne blitt gjort på andre måtar og kanskje og om det var så smart å sameine seg med EU om å skaffe vaksiner. Det er også andre spørsmål som bør drøftast grundig - og som bør vere tema i valkampen til hausten. Det er verdt å hugse på at grunngjevinga for alle smitteverntiltaka først og fremst er å unngå at helsevesenet skal bli overbelasta av svært sjuke koronapasientar.Å halde kapasiteten i helsevesenet - først og fremst i sjukehusa - på eit nivå som er tilpassa ein normal situasjon kostar mindre enn å ha ein stor overkapasitet i sjukehusa. Så lenge situasjonen er normal.Men prisen for den manglande overkapasiteten, er nettopp det vi har sett sidan februar/mars 2020. Ein kultur-, underhaldnings- og restaurantbransje i kneståande, barn og unge med redusert undervisningstilbod og eit meir avsondra liv, familiar og vener som ikkje får møtes og milliardar ut av statskassa for å kompensere for dei økonomiske skadeverknadene av epidemien og smitteverntiltak mot den.Så seint som fredag denne veka la Regjeringa fram nye krisepakkar for å dempe dei økonomiske skadeverknadane for bedrifter og kommunar.For deler av næringslivet har konsekvensen av epidemien og smitteverntiltaka gitt ein solid oppsving som det er å håpe at bedriftene klarer å dra med seg fordelen av også etter at epidemien er over.Likevel er det neppe mange som ser tilbake på opplevingane i 2020 som noko dei gjerne vil oppleve på nytt, og framleis kan vi ikkje legge epidemien bak oss.NAV sin arbeidsløysestatistikk for januar viste at Møre og Romsdal har 4.653 heilt arbeidslause og 2.691 delvis arbeidslause, tilsaman 3.047 fleire enn for eitt år sidan, like før epidemien kom sigande.Ein diskusjon om beredskapsnivå bør gi svar på minst to spørsmål og konklusjonen vil ha betydning også for næringslivet. Er epidemien nokolunde under kontroll til sommaren er det grunn til å vente at i alle fall Senterpartiet vil køyre fram desse spørsmåla for alt det er verdt, og med den vinden partiet har i ryggen om dagen blir konkurrentane nøydde til å hive seg på:Det eine spørsmålet er om kapasiteten på sjukehusa skal byggast opp til å kunne handtere store epidemiar på kort varsel?Det neste spørsmålet er om styresmaktene skal definere kva type produksjon og produksjonskompetanse Noreg må ha for å kunne handtere kriser, som den verdsomspennande koronaepidemien? Er det trygt å basere seg på kinesisk evne og velvilje når det gjeld smittevernutstyr? Svaret på det vil kunne utfordre både etablerte handelsavtalar og innarbeidd praksis om å kjøpe varer og tenester der dei er billegast.

Publisert: 31.01.2021 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 22:00