NHO LO industri og energidukument
Organisasjonane og leiarane bak rapporten. Framme frå venstre: Peggy Hessen Følsvik (LO), Ole Erik Almlid (NHO), Stein Lier-Hansen (Norsk Industri), Ove Guttormsen (Nelfo), Frode Alfheim (Industri og energi), Anniken Hauglie (Norsk olje og gass) og Jan Olav Andersen (El og IT-forbundet). Jørn Eggum i Fellesforbundet var ikkje tilstades då bildet blei tatt. Foto: NHO/Anne Birgitte Hjelseth.
Analyser

Kjære Staten, hjelp oss no!

Ein mektig allianse av arbeidsgivar-, bransje- og arbeidstakarorganisasjonar har levert ei ønskeliste til politikarane. Den vil koste - og kreve ein meir aktiv stat i næringspolitikken enn vi har sett på lang tid.

30.05.2021
ANALYSE

LO og NHO, med sentrale forbund og landsforeiningar, som Fellesforbundet, Industri Energi, El og It, Norsk Industri, Norsk olje og gass, Energi Norge og Nelfo, la denne veka fram eit felles industri- og energipolitiske dokument.

Her står LO-sjef Peggy Hessen Følsvik og NHO-sjef Ole Erik Almlid skulder ved skulder: "Mulighetene er store, men det forutsetter at vi gjør kloke og riktige valg. Den siste tiden har debatten om energi- og klimaløsninger blitt polarisert. Det er også usikkerhet rundt mange sentrale rammebetingelser i arbeids- og næringsliv som preges av dilemmaer og interessemotsetninger. Det er også bakteppet for dette samarbeidet", skriv dei i dokumentet.

Dei er også klare på at staten må få ei meir aktiv rolle, og at visse næringar må prioriterast:

"Gode, generelle rammevilkår er viktig, men det kreves også en mer strategisk tilnærming til utvikling av næringspolitisk innsats og tilhørende virkemidler. For et lite land som Norge, må vi erkjenne at vi ikke kan ta markedsandeler på alle områder i et internasjonalt marked. Vi må prioritere og innrette satsingen der markedspotensialet er stort nok og der vi har konkurransefortrinn", heiter det i dokumentet.

Les pressemelding her

Les heile dokumentet her

Meiningsmålingane litt over tre månader før stortingsvalet tyder ikkje på at Erna Solberg (H) held fram som statsminister etterpå.

Dei mest sannsynlege kandidatane til å ta over er Ap, Sp og SV, som i ei meiningsmåling i Dagens Næringsliv før helga, låg an til å få 92 mandat om det var stortingsval i dag. 85 mandat gir fleirtal.

Ap, SV og Sp har tradisjonelt vore meir glad i såkalla aktiv næringspolitikk, der staten spelar ei større rolle i å styre kva bedrifter og bransjar det skal satsast på - både med pengar og reguleringar.

Hos høgresida i politikken har skepsisen til ein aktiv næringspolitikk vore størst. Der er det gode, men like rammevilkår, som har vore favoritten.

Men Solberg-regjeringa har også flytta seg i retning av at styresmaktene skal spele ei meir aktiv rolle, for at Noreg skal nå regjeringa sine mål om kraftige kutt i CO2-utsleppa innan 2030.

Klimaomsyn går også igjen titt og ofte i NHO/LO- dokumentet. Her må det støtte og tiltak til.

Slik Solberg og hennar regjeringskollegaer snakkar om klimapolitikk, er det grunn til å tru at ein god del av motstanden mot ein såkalla aktiv næringspolitikk har forvitra på hennar si side av det politiske landskapet - i alle fall om klimaomsyn er argumentet.

Hessen Følsvik og Almlid har rett og slett gode sjansar for å få innfridd ein god del av ønskelista si, og i alle fall få aksept på at ønska bør innfriast etterkvart.

LO og NHO er klare på kva som skal prioriterast; utbygging av havvind-anlegg, batterifabrikkar, hydrogenproduksjon, CO2-fangst og -lagring, og vidare utvikling av oljenæringa og prosessindustrien. Det er ikkje snakk om å legge ned oljeproduksjonen her, men oljeproduksjonen må elektrifiserast, og norsk gass kan godt bli brukt til å produsere hydrogen.

NHO og LO har laga dokumentet mellom anna for å få ein politikk som ikkje blir lamma av opprivande konflikter.

Det er eit ønske som er lett å forstå, men som neppe blir innfridd. Både regjeringa og opposisjonspolitikarane vart truleg tekne på senga over kor raskt og sterkt motstanden mot vindkraftanlegg blussa opp. Inngrepa blir fleire om politikken blir som NHO/LO vil ha og - i alle fall i første omgang, vil det også kreve at skattebetalarane er med og betalar.

Her er tre ting det kan bli bråk om:

1. Den industri- og energiforsyningssatsinga som NHO/LO vil ha, krev meir straum NHO/LO anslår i dokumentet at behovet kan bli mellom 170 og 190 TWh i 2030, mot eit gjennomsnittleg forbruk på 135 TWH dei siste fem åra. Kraftnettet må og forbetrast, slik at der ikkje er flaskehalsar som hindrar at krafta kjem fram dit den skal.

2. Politiske prosessar må gå fortare, slik NHO og LO ser det, om målet om store kutt i CO2-utsleppa skal bli nådd. Det er viktig å ha store areal og god kraftforsyning tilgjengeleg for å bygge industrien som NHO og LO håpar på. Planlegging og prosessar med mange aktørar frå styresmaktene involvert, og med ulike roller, kan vere ein flaskehals.

3. Det er også viktig med tilgang til naturressursar, meiner LO/NHO:

"I vurderinger av arealbruk bør næringslivets behov vektes betydelig, herunder tempo i søknadsbehandlingen. Dette gjelder ikke minst verdikjedene som baseres på naturressurser, både til havs og til lands. Tilgang til naturressurser er ett av våre sterkeste fortrinn og en avgjørende faktor for store deler av dagens næringsliv, og vil være en nøkkel for å kunne utvikle og skalere opp de klimaløsningene som trengs," heiter det i dokumentet.

Publisert: 30.05.2021 06:00

Sist oppdatert: 02.06.2021 08:56