Tomislav debeljak div group kleven mars 2020 11
SAKSØKT: Tomislav Debeljak kom inn som eigar av Kleven-verftet i mars 2020. Tre månader etterpå var tre verftsselskap konkurs. Gulating lagmannsrett behandlar no ankesaka i søksmålet mot kroaten som blei frifunne i tingretten. Foto: Marius Rosbach
Analyser

Kleven-søksmålet: Eit spørsmål om juss

Kulturkrasj, pandemi og sta mannfolk forklarar mykje av kva som gjekk galt.

Marius Rosbach
19.01.2025

I Gulating lagmannsrett har retten denne veka fått høyre korleis partane i søksmålet etter Kleven-konkursane ser på saka. 

Heilt sidan konkursane var eit faktum for snart fem år sidan, har det vore ei sak med høg temperatur og skarpe frontar. 

Så står det også om store summar. Både for konkursbuet med ein rekke lokale leverandørar på kreditorsida, og den tidlegare verftseigaren, Tomislav Debeljak.

Forklaringa om kvifor det gjekk så galt etter at den kroatiske forretningsmannen kom inn som eigar på Kleven, er langt meir innhaldsrik enn at det dreiar seg om store beløp.

Planen om å innlemme Kleven-verftet i det kroatiske Div Group-konsernet starta på verst tenkelege vis då koronapandemien slo til våren 2020. 

I staden for å kunne vere aktivt med i arbeidet på verftet i Ulsteinvik, vart Debeljak og hans folk i stor grad sittande i heimlandet grunna reiserestriksjonane. 

Kroaten fortalde i retten denne veka korleis tilliten til den lokale leiinga på Kleven blei stadig meir tynnslite. Han meinte mellom anna at verftet betalte ein alt for høg pris til ein rekke av leverandørane sine.  

For dei norske leverandørane var det openbert eit sjokk å møte forretningsmetodane til Debeljak og Div Group. Det blei forhandla nådelaust med tøffe krav. Og dei som ikkje leverte slik kroatane ønska, blei sett nedst på leverandørlista til neste gong. 

Det var lite som minna om ordtaket som den maritime klynga på Nordvestlandet har trykt til sitt bryst, om å samarbeide når dei kan og konkurrere når dei må. 

Frå Debeljak si side var det tydeleg like overraskande å møte det han omtala ein sløserikultur og «gentlemens agreement»-avtalar mellom verftet og leverandørar. 

Medan det tidlegare blei godteke at leverandøren ga ein pris – ville Div Group vite kva som låg til grunn for prisen – og helst ha den lågare. Metodane fall ikkje i god jord hos dei lokale bedriftene, og fleire meinte det var snakk om rein utpressing. 

Uroa spreidde seg og nådde verftet og leverandørane sine felles bankar. At desse samtidig opplevde at den kroatiske eigaren haldt tilbake pengar han hadde lova å betale inn til verftet, gjorde ikkje saka betre. 

Eit møte 23. juni 2020 var den direkte foranledninga til at bankane sa opp låna – og at dei tre verftsselskapa enda i skifteretten. 

Grunna pandemien var dette også første gong Debeljak og hans folk frå Div Group-konsernet møtte bankane og deira advokatar. 

Det heile skjedde i eit stort rom på eit advokatkontor i Oslo med smittevernrestriksjonar og avstand mellom deltakarane. Møtet har i ettertid vore omtala som «absurd» frå bankane sin side, medan Div Group sine representantar fortalde om ein «ukomfortabel og fiendtleg stemning». 

Ein av Debeljak sine næraste medarbeidarar fortalde i tingretten om det han oppfatta som to sta menn på kvar sin side - Debeljak og ein bankadvokat – og at det var hovudproblemet med situasjonen. 

Etter eit møte prega av avbrytingar, enda det heile med at bankadvokaten slår neven i bordet og hamnar i ei hissig ordveksling med Debeljak. 

Kort tid etterpå seier bankane opp låna sine.

Sjølv om det eigentleg ikkje er store ueinigheiter kring kva skjedde, er det stor avstand i korleis partane tolkar situasjonen som oppstod. 

Konkursbuet har teke utgangspunkt i aksjelova for søksmålet der dei krevjar drygt 135 millionar kroner. Dei meiner kroaten sin oppførsel var uansvarleg, aktlaus og illojal mot verftet - og at han difor har pådrege seg eit erstatningsansvar.

Dei saksøkte sitt forsvar går ut på at om den kroatiske forretningsmannen skal vere erstatningspliktig, må han ikkje berre ha gjort det buet hevdar. Han må også forstått at handlingane ville føre til at bankane sa opp låna.

Tingretten var klokkeklar i sin dom: Det var ikkje grunnlag for å seie at Debeljak handla aktlaust. 

Den var verken samde med konkursbuet i at den nye verftseigaren let vere å betale rekningane til underleverandørar, eller ignorerte åtvaringar frå bankane. Tvert i mot fekk retten dokumentert det motsette blei det påpeika i dommen. 

I retten denne veka er det i liten grad kome fram nye bevis og argumentasjonen fdrå partane er i hovudsak den same som i tingretten. 

Tingretten la likevel mest vekt på kva som skjedde kring det sentrale skjebnemøte. 

Medan saksøkjarane meiner Debeljak «rev ned tilliten til bankene» i forkant, meinte retten at det var dokumentert at han sette i gong ei rekke tiltak som skulle sørge for at møtet skulle bli vellukka. 

Retten omtalar også handteringa til den kroatiske forretningsmannen som «forsvarlig og aktsom». 

Tingretten meinte rammene for møtet, som blei organisert av bankane sine advokatar, var svært uheldig. Det kan ikkje Debeljak lastast for, blei det understreka. 

At bankane valde å seie opp avtalane sine var ei avgjerd tingretten meinte både var «etter forholdene dramatisk» og noko Debeljak ikkje kunne vente. I staden blir det peika på at dei hadde fleire moglegheiter. 

Kva konklusjon lagmannsretten landar på, veit vi ikkje før om fleire veker – kanskje månader. 

Alt om Kleven-søksmålet

NETT NO gjer merksam på at Green Yard Kleven ikkje har noko med søksmålet å gjere, som omhandlar det tidlegare verftsselskapet på Kleven.

Publisert: 19.01.2025 05:00

Sist oppdatert: 19.01.2025 21:36

Mer om