Askjell Vage Terje Giskeodegard Balsnes foto Vagegruppa
KJØPT OPP: Dagleg leiar Askjell Våge i Vågegruppen med avtroppande dagleg leiar Terje Giskeødegård Balsnes i Hadarhus. Foto: Vågegruppen
Nytt

Volda-selskap kjøper Hareid-firma

Vågegruppa med sitt andre oppkjøp på kort tid.

Marius Rosbach
07.05.2026

Vågegruppa i Volda overtek firmaet Hadarhus, som er ein etablert aktør i bustadbygging på Hareidlandet. Det kjem fram i ei pressemelding. 

– Hadarhus er eit veldrive selskap med dyktige tilsette og er i ein sterk posisjon. No blir dei ein del av Vågegruppa og får tilgang til meir kompetanse, større fagmiljø og styrkte støttefunksjonar i systerselskapa som legg til rette for vidare utvikling, uttaler dagleg leiar Askjell Våge i Vågegruppa i meldinga. 

Det blir ikkje opplyst kor mykje voldingane betalar for Hareid-selskapet. 

Treng fleire tilsette
Hadarhus har auka inntektene betydeleg og omsette for kring 53 millionar kroner i 2024, som er den siste offentlege rekneskapen. 

Selskapet planlegg no å styrkje bemanninga og lyse ut fleire stillingar. Mellom anna er det behov for ein driftsleiar, byggjeleiar og fleire tømrarar.

Hadarhus-sjefen i ny rolle
Deleigar og avtroppande dagleg leiar i Hadarhus, Terje Giskeødegård Balsnes, går over i ei ny rolle i Vågegruppa. 

Teknisk sjef og deleigar i Hadarhus, Kristoffer Kvammen, blir med vidare i ein overgangsperiode for å sikre ei smidig overføring, blir det opplyst. 

For få veker sidan annonserte Vågegruppa at dei kjøpte seg inn på eigarsida i Nordfjord Betong.

Publisert: 07.05.2026 15:11

Sist oppdatert: 07.05.2026 15:27

Mer om