– Trur eg at vi blir selt? Ja, det trur eg faktisk. Og trur eg vi blir selt ut av Norge? Ja, det trur eg også.
Det fortalde Parkly-gründer Stian Bang til ein nær fullsett sal på Pir onsdag. Anledninga var eit seminar om eigarskap og vekst, og Bang kunne fortelje at det ikkje mangla på friarar.
– Eg vil påstå at vi nesten blir nedringt av internasjonale selskap som har lyst til å investere i oss, sa han.
Oftast kvar veke er han i møter med aktørar frå ulike delar av verda. Likevel jobbar dei ikkje aktivt med eit sal, fortalde han til Nett No etter seminaret.
– Kanskje skjer det om eitt år, kanskje tre - eller kanskje aldri. Men interessa er spinnvill, seier Bang.
– Trur ikkje eg har råd til å bli sittande
Gründeren legg ikkje skjul på at hans eige ønske om ein exit eller gevinst, ligg til grunn for spådommen.
– Eg skal vere sopass ærleg. Men det handlar også om at eg trur ikkje eg har råd til å bli sittande. Eg har ikkje store formuen, men er nøydd til å realisere noko kvart år for å betale skatten. Og jo meir Parkly blir verdt, jo større problem har eg, legg han til.
I dag eig Bang knappe 20 prosent av aksjane i selskapet gjennom sitt eige selskap. Dei største aksjonærane elles er Egil Giørtz, Erik Haug Herje, Norgesgruppen, Thon Gruppen og Pir-nettverket i Ålesund.
Har kontraktar for 270 millionar
Teknologiselskapet er i full gang med å rulle ut løysingane sine på parkeringsplassar i Finland, Sverige og Danmark. Og inntektene har starta å kome inn for alvor.
I år ligg selskapet an til å omsette for kring 210 millionar kroner, og det er signert kontraktar på kring 270 millionar, ifølgje Bang. I dag blir alt dei tenar investert tilbake i selskapet for vidare vekst.
– Vi får høyre at vi bør kome oss raskt ut i Europa og meiner potensialet for å vekse er stort. Kanskje kan vi også gjere dette i to fasar, ved at vi først veks ei stund i Europa, før vi tek USA og resten av verda, seier han om vegen vidare.

Thon Gruppen avgjerande
Under seminaret fortalde Bang korleis ting endra seg for Parkly etter Thon Gruppen kom inn som kunde – og på eigarsida.
– Da var det ingen som lengre stilte spørsmål ved kven vi var, sa han.
Han meiner Thon Gruppen har vore avgjerande for utviklinga.
– Utan dei så vil eg gå så langt som å seie at at vi truleg hadde vore konkurs i dag. Det er dei harde realitetane, sa han.
– I dag jobbar vi med dei største eigedomsaktørane i landet, la gründeren til.
Publisert: 07.05.2026 05:00
Sist oppdatert: 07.05.2026 12:12






