Lei av festtalar om maritim naering
MARITIM SKUFFELSE: Det er skuffelse hos store delar av den maritime industrien over manglande krisehjelp frå regjeringa. Målt mot festtalane frå den same regjeringa, er det ikkje rart. 
Analyser

Lei av festtalar om maritim næring

Når vertskapet ber inn til fest år etter år, men kvar gong er gjerrig på godsakene, er det ikkje rart stemninga blir muggen.

Marius Rosbach
11.10.2020

ANALYSE:

For å forstå frustrasjonen over regjeringa si handtering av koronapandemien sine konsekvensar for dei maritime næringane, kan det vere ein ide å spole nokre år tilbake.
No er det fire og eit halvt år sidan statsminister Erna Solberg gjekk på talarstolen i heimbyen Bergen og fortalde at regjeringa . «Norge er i omstilling. Mulighetene som ligger i havet skal skape nye, trygge arbeidsplasser», sa statsministeren. Målet var at Norge skulle vere i førarsetet i den globale utviklinga og vi skulle «utvikle ei endå sterkare norsk havklynge», la ho til.
Strategien skapte optimisme langs kysten, på eit tidspunkt med stigande arbeidsløyse og ei maritim klynge som sleit tungt etter oljeprisfall og offshorekollaps.
Då den nemnte strategien blei lagt fram i februar 2017 stod ikkje jubelen akkurat i taket på Nordvestlandet. Dokumentet omtala som «ei god oppsummering om store deler av kva som blir gjort og kva som kan kome innan næringar knytt til havet». Responsen frå dei som var med på lanseringa i Ålesund, var at «dette må konkretiserast i vedtak og løyvingar».
Sidan har det vore mange store ord om korleis Norge skal satse maritimt. I fjor blei havstrategien justert av dåverande næringsminister Torbjørn Røe Isaksen som sa at havnæringane skulle vere «». Same år blei det lagt fram ein . Felles for mottakinga frå den maritime klynga, har vore at det går i rett retning – men i sakte fart.
Då dei store orda igjen blei teke fram i statsbudsjettet denne veka, var det nok mange som leita etter tiltak for den maritime industrien. Under pressemeldinga «» fann dei til saman 805 millionar, som i stor grad var ei vidareføring av tiltak som blei lagt fram i sommar. Forslaget hadde elles hadde ikkje nye tiltak av særleg storleik – utover å peike fram mot ei maritim stortingsmelding.
Og kva har skjedd sidan Erna Solberg i 2016 lova å jobbe for å skape nye, trygge arbeidsplassar frå havet? Alle som kjenner skipsfart og den maritime industrien veit at det ikkje har blitt fleire jobbar her – og det manglar ikkje på åtvaringar om kor mange fleire tusen arbeidsplassar som. I desse dagar vil svært mange av dei som jobbar i verft, reiarlag og utstyrsleverandørar, også skrive under på at jobbane deira kjennest langt frå trygge.
I staden for ei «sterkare norsk havklynge», som Erna Solberg ønska seg i 2016, har dei årlege analysane frå Menon Economics peika på at . Det svekker det som i ei årrekke har vore den største suksessfaktoren for maritim industri – tett samspel mellom dei ulike bedriftene.
I løpet av dei siste fire-fem åra har likevel verfta og utstyrsleverandørane klart å kome inn i nye marknader. Det er bygd cruiseskip som har vekka internasjonal merksemd, men også bygging av vindskip er blitt milliardbutikk. Etter fleire år med store tap, gjekk drifta hos store aktørar som , og igjen med overskot då koronakrisa slo til.
Men det har kosta dyrt. Då Tore Ulstein nyleg tok i mot næringsministeren, påpeika han at berre deira familiekonsern har brukt halvannan milliard i eigenkapital på omstillinga dei siste åra. Rekninga for eigarane i den maritime næringa dei siste åra, er på fleire titals milliardar.
Med dei tala og dei vidløftige visjonane om å satse på havet i minne, er det ikkje rart at dei til den maritime industrien i sommar opplevast som stusseleg. Som: Sjølv etter at Frp fekk lagt til fleire tiltak i Stortinget, utgjer krisehjelpa retta mot maritim industri berre éin promille av omsetninga til næringa på eitt år.
Det skal seist at bedriftene i bransjen har hatt godt av dei generelle krisetiltaka, som lengre permitteringsordning. Regjeringa har også auka pengepotten til forsking- og utvikling, som bedrifter med passande prosjekt kan søke på. Likevel er det ikkje vanskeleg å forstå at bransjen midt oppe i store ord – og pengesummar - om karbonfangst, havvind og hydrogen, ikkje heilt kjenner seg invitert til festen.
Etter å ha introdusert «promille»-ordet, er det freistande å påpeike at nokre promille ekstra kunne løfta humøret. Regjeringa har iallfall ikkje mangla innspel frå næringa sjølv – og kanskje har det vore i overkant mange. For å halde på promille-referansen: Det er sjeldan lurt å ønske seg for mykje. Då er det også verdt å merke seg at ønskelista har vorte betydeleg spissa i det siste. Edrueleg vil nokre meine.

Publisert: 11.10.2020 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59