Litt aa laere av Bergen
LUKKAST: Bergens Næringsråd har senka terskelen for å bli medlem og gjort nedslagsfeltet breiare. Næringsforeningen - Ålesundsregionen kan lære av Bergen når den skal bygge seg større og sterkare.
Analyser

Litt å lære av Bergen

Erfaringane frå Bergen gjer at det er grunn til å vere optimistisk på vegne av Næringsforeningen - Ålesundregionen.

14.01.2018
ANALYSEÅ gjere Næringsforeningen - Ålesundregionen større blir ein av dei viktigaste oppgåvene nytilsette Bente Lund Jacobsen skal arbeid med som sjef for den 170 år gamle organisasjonen.Størrelse er ikkje eit poeng i seg sjølv, men eit viktig middel for å nå målet om større politisk tyngde og gjennomføringsevne. Næringsforeningen i Ålesund har tre tilsette, Bergens Næringsråd 13. Bergens Næringsråd har blitt større og viktigare, Næringsforeiningen - Ålesundregionen skal bli det.I løpet av dei to siste åra har omlag heile regjeringa vore innom på Bergens Næringsråd sine møte. Over 200 næringslivsleiarar arbeider i dei ulike undergruppene i Bergen Næringsråd, saman med representar frå universitet og høgskuler i byen og frå dei seks klyngeorganisasjonane i Bergensområdet.Rundt 120 møter og konferansar blei arrangert i Bergens Næringsråd-regi i fjor. Foreininga sine frukost- og lunsjmøte (med gratis mat) trekte rundt 15.000 besøkande. Tema på møta spenner frå faglege oppdateringar til næringspolitiske diskusjonar - og det er ikkje dei same personane som deltek på alt.Bergen er ein større by, men korrigert for storleiken viser aktiviteten der at det er potensiale for ei større utgåve av Næringsforeningen - Ålesundregionen enn i dag. Fordelen er openberr; ein større møteplass gjer at fleire får møtes - og idear blir utveksla. Ei foreining med større ressurar kan og løfte fram større prosjekt og med større kraft enn ei mindre. Det er snakk om å forsterke og utvide det arbeidet Næringsforeningen allereie gjer. For å bidra til å utvikle i det minste heile Sunnmøre bør også næringslivet utanfor den nye storkommunen Ålesund sjå nytten av å knytte seg til Næringsforeningen - Ålesundsregionen. Om ikkje det blir medlemskap , så bør det bli gjennom eit tett samarbeid.Men det er fallgruver i fleng på vegen mot ei større næringsforening.Ålesund har eit stort miljø knytte til ÅKP og dei tre klyngene som ÅKP administrerer, den maritime klynga GCE Blue Maritime, møbel- og interiørklynga Norwegian Rooms og den biomarine klynga Blue Legasea. Hos ÅKP har også det digitaliseringsnettverket Next Digital kontor. I tillegg kjem NHO Møre og Romsdal, Fiskebåt og andre bransjeforeingingar, og ikkje minst NTNU og aktiviteten retta mot næringslivs- og samfunnsutvikling der.Attåt det er dei lokale næringsforeningane/offentlege næringskontor i regionen utanom Stor-Ålesund.Sjansen for at dei ulike aktørane skal gå i beina på kvarandre er absolutt til stades.Den bergenske løysinga for å unngå det er mellom anna å ha universitet og høgskular som medlemar, og også trekkje inn leiarane for dei seks næringklyngene med base i Bergensområdet.Bergens Næringsråd har heller ikkje pressa på for å få utvide sitt geografiske området - men heller satsa på ein allianse med næringsforeiningar i resten av Hordaland. Næringsalliansen omfattar 12 næringsforeiningar i Hordaland som gjennom samarbeidet skal få; meir kraft i påvirknings-/lobbyarbeid, særleg regionalt og nasjonalt, opptre samla og vere felles høyringsinstans i utvalde saker og utveksle kunnskap og erfaringer, samt dele nettverk.Det som korkje regionen eller Næringsforeningen bør søkje mot er ei næringsforening med tung kommunal involvering. Kommunane i Bergensområdet prøvde seg med næringsutviklingsselskapet Business Region Bergen.Det blei delvis ein konkurrent til Bergens Næringsråd og heller ingen suksess, og er i praksis nedlagt. Dersom aktørane i næringslivet vil ha ei felles stemme i samfunnsutviklinga er eige engasjement den beste garantisten for eit godt resultat.

Publisert: 14.01.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59