Lyse tider for supersjarken
HINDER: Ein fastlåst struktur på fiskeflåten er eit hinder for å løfte torsken til maksimal verdi meiner professor Frank Asche.
Analyser

Lyse tider for supersjarken

Fersk fisk er nøkkelen til å løfte torskeprisen mot nye høgder. Det utfordrar strukturen i fiskeflåten.

21.08.2016

ANALYSE


Saktegåande småsjarkar og små fiskemottak langt unna allfarveg er truga dersom professor Frank Asche si oppskrift for å løfte torskeprisen skal brukast.
Men det er også det store, havgåande fiskebåtane, som først kjem til land når lasteromet fullt av frosen fisk.
Det er ikkje automatikk i at det mest lønsame er å fiske med store farty, sa professor Frank Asche til NETT NO etter å halde eit innlegg om torskeprisutviklinga på Nordea sitt tradisjonelle marknadsseminar på Nor-Fishing denne veka.
Det er ei interessant vurdering, fordi det er tradisjonelt er slik at dei som har tala varmt for mindre reguleringar i fiskeripolitikken gjerne blir rekna som tilhengjarar av dei store havgåande fiskefartya.
Men slik treng det ikkje vere, om Asche si vurdering er rett.
Det marknaden vil betale mest for er fersk fisk, argumenterte han med på Nor-Fishing. Det krev hyppige landingar av fisken, og levering til stadar der fisken raskt kan sendast ut i marknaden. Mottaksanlegga må ligge slik til at det er grunnlag for å sende daglege trailarar med fisk, akkurat slik som er tilfelle hos lakseoppdrettarane.
Det er distribusjonen som er den store flaskehalsen, men lukkast fiskerinæringa i å kopiere oppdrettarane på det området kan det få store konsekvensar også for korleis fisket blir organisert.
For Finnmark kan dette - i følgje Asche - bety at ei samling om berre to-tre store mottaksanlegg er det som må til for å skape grunnlag for ein stabil og stor nok distribusjon ut i marknaden. Det er ikkje nok at fisken er fersk når den blir levert på kaia, den må vere fersk når den kjem fram til foredlingsanlegget eller butikkdisken i Europa og.
For fiskarane vil det bety at dei må gå lenger med fangsten om dei vil vere med og konkurrere om dei beste prisane. Det favorisere supersjarkar - kjappare og truleg også større båtar enn tradisjonelle småsjarkar - med stor kapasitet og fleksibilitet. Det vil også gjer det meir attraktivt å busetje seg nær dei store fiskemottaka, for å redusere tida borte frå familie og vener.
Men dei aller største fartya er heller ikke tilpassa ein marknad der ferskfisken står i sentrum. For dei største er det lange turar på havet og frosenfisk som er oppskrifta.

Asche er ein kjent person i den norske fiskeridebatten. Han er kollega med Ragnar Tveterås, som leia det omstridde Tveteråsutvalet, som i 2014 la fram ei rekkje omstridde framlegg til korleis norsk fiskeindustri skal gjerast meir lønsam. Begge har markert seg som tilhengjarar av mindre reguleringar i fiskeripolitikken, men slit med å få gjennomslag hos dei som bestemmer.

Asche konkluderte i sitt foredrag med at det er mange som har interesse av å bevare ting som det er, og at det difor neppe blir innført dei endringane han meiner vil løfte torskeprisen til rekordhøgder.
Den pessimismen på eigne vegne har han truleg rett i. Den logiske konklusjonen ut frå hans foredrag er å la fiskarane få fiske med dei båtane dei vil, og avvikle ordninga med å la fiskekvotane vere fordelt mellom ulike typar farty. Det utfordrar langt fleire enn berre dei mindre sjarkfiskarane.
Men debatten rundt ideane til Asche og Tveterås er ikkje lagt død, og dei endringane som er gjort i fiskeripolitikken går stort sett i den retninga dei peikar.
Mykje av det som Tveteråsutvalet kom med framlegg om vart lagt til sides, men førte til nye utgreiingar - som framleis pågår.
Fiskeriminister Per Sandberg (Frp) - som arva mykje av etterarbeidet etter Tveteråsutvalet då han vart fiskeriminister, oppmoda på Nor-Fishing Stortinget om å sette stopp for nye utgreiingar og heller samle seg om varige endringar i fiskeripolitikken straks det utgreiingsarbeidet som no er under arbeid er ferdig.

Publisert: 21.08.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59