Pengane selskapet Recuro har henta inn, skal finansiere eit pilotanlegg dei håpar å ha i drift frå årsskiftet 2027/2028.
Anlegget skal gjere om plastavfall til olje og gass, for produksjon av nye plastprodukt. Det vil gjere resirkulert plastavfall langt meir anvendeleg til nye produkt.
Ålesund-selskapet Recuro er eitt av selskapa i Møre og Romsdal som har fått mest støtte i form av tilskot frå Innovasjon Norge i år.
- Sjå lista over kven som har fått mest støtte frå Innovasjon Norge under saka
Langøy aukar i Recuro
Kapitalmarknaden har blitt meir utfordrande og utan støtta frå Innovasjon Norge hadde det vore ein langt tyngre veg å gå, seier dagleg leiar Arve Jakobsen til Nett No.
Vilkåret for innovasjonstilskotet er at selskapet hentar inn omlag det same beløpet i ny eigenkapital. Det har Recuro gjort, både frå eksisterande og nye aksjonærar, ifølgje Jakobsen.
– På trass av ein utfordrande kapitalmarked har selskapet klart å skaffe eigenkapital frå investorar som har tru på selskapet, seier han.
Før kapitalinnhentinga i samband med tildelinga av innovasjonstilskotet var Leif Arne Langøy og familien sitt investeringsselskap Lapas største eigar med 18,7 prosent eigarandel. Etter kapitalutvidinga eig Lapas omlag 24 prosent i Recuro.
112 millionar i Møre og Romsdal
Dei ti bedriftene i Møre og Romsdal som har fått mest tilskot frå Innovasjon Norge i år, er tildelt i alt 112 millionar kroner i støtte.
I tillegg til Recuro er følgjande selskap på lista:
Restorae (teknologi for miljørestaurering), Repolyol (resirkulering av polyuretanskum), Antec Biogas (biogassanlegg i Hornindal, Bagid (bagasjebrikketeknologi for flyreiser), Ocein (utstyr og teknologi for vasking av oppdrettsnøter), Norinsect (insektsoppdrett til fôrproduksjon), Holio (it-system for nettbutikkar), ÅKP (næringsutvikling og drift av næringsklynger) og Salmon Evolution (landbasert lakseoppdrett).
Pengar av avfall
Bak selskapet Repolyol står Laader Berg Group i Ålesund. Laader Berg Group lagar maskiner og utstyr for produksjon av skum frå polyuretan til bruk i madrassar og møblar.
Storparten av kundane til Laader Group er i utlandet, og gjennom Repolyol er målet å tilby kundane utstyr og teknologi for først å kunne resirkulerer råstoff som blir til overs i skumproduksjonen til nytt råstoff, fortel dagleg leiar Per Henning Vågen i Laader Berg til Nett No.
Neste steg er å også kunne resirkulere skum frå møbler og madrasser når dei blir skifta ut.
Lukkast satsinga vil det gi produsentane ein økonomisk gevinst. Samstundes er det ei satsing med stor økonomisk risiko, der støtta frå Innovasjon Norge har vore avgjerande for satsinga, seier Vågen.
- Sjå lista over kven som har fått mest støtte frå Innovasjon Norge under
| Tilskotstoppen | |||
| Tal i mill. kroner | |||
| Bedrift | Tilskot | Type tilskot | Kommune |
| Recuro | 22,3 | Innovasjonstilskot | Ålesund |
| Restorae | 20,0 | Innovasjonstilskot | Ulstein |
| Repolyol | 14,6 | Innovasjonstilskot | Ålesund |
| Antec Biogas | 12,0 | Innovasjonstilskot | Volda |
| Bagid | 11,1 | Innovasjonstilskot | Ålesund |
| Ocein | 8,5 | Innovasjonstilskot | Kristiansund |
| Norinsect | 7,0 | Distriktsutviklingstilskot | Fjord |
| Holio | 6,6 | Innovasjonstilskot | Averøy |
| ÅKP | 5,3 | Klynge og nettverktilskot | Ålesund |
| Salmon Evolution | 5,0 | Distriktsutvikllingstilskot | Hustadvika |
| Kjelde: Innovasjon Norge |
Publisert: 27.11.2025 05:00
Sist oppdatert: 26.11.2025 21:18






