Journalist Svein Aam har teke for seg dei siste 20 åra av lokalbanken i Ørsta og Volda si historie i den nye boka «Banken Vår».
– Sparebanken Volda Ørsta som dei heitte i mange år, er ei av dei viktigaste samfunnsinstitusjonane i lokalmiljøet her – kanskje den viktigaste, seier han til Nett No.
Torsdag møtte forfattaren, tidlegare banksjef Stig Brautaset og May Odden og Line Lauvsnes Oddekalv – som har utgjort redaksjonskomiteen – pressa for å fortelje om utgivinga.
Har fått alle sentrale aktørar i tale
Boka har undertittelen «Frå sjølvstende til samanslåing» og endar med at lokalbanken blir fusjonert inn i Sparebank 1 SMN i 2023.
Det var ei avgjerd som møtte motstand både i lokalmiljøet og internt i banken, og prosessen blir grundig behandla i boka.
– Heldigvis har alle sentrale aktørar stilt opp, seier Aam.
I boka er det intervjua fleire enn 30 personar i lokalmiljøet som med eigne ord fortel korleis dei opplevde sentrale hendingar.

– Du verda så mykje som har skjedd
Boka er den tredje som er skriven om lokalbanken.
Den første kom i 1953 i samband med 100-årsmarkeringa. I 2003 kom ei ny bok skriven av historikarar til 150-årsjubileet.
Tidlegare banksjef Stig Brautaset er ikkje i tvil om at det også var behov for skrive ned bankens siste 20 år i bokform.
– Det er ei relativt kort periode, men du verda så mykje som har skjedd, seier Brautaset.
Førsteopplaget er på 500 eksemplar. Banken har opplevd betydeleg interesse for boka som vil vere til sals hos lokale bokhandlarar i Ørsta og Volda – også via netthandel.

Kraftutbygging og laksemilliardær
Boka er delt i 20 kapittel og mykje handlar om banken sitt engasjement i næringslivet.
– Eg har prøvd å ta bransje for bransje og trekke fram dei personane og næringane der banken sjølv har hatt eit stort engasjement, seier forfattaren om arbeidet.
Via forteljingar om alt frå kraftutbygging, framveksten av handelsnæringa og historia om bygdas første laksemilliardær, viser forfattaren korleis banken er med å påverka utviklinga lokalt.
– Det overordna trekket har vore familieeigde bedrifter som har utvikla seg til selskap som blir børsnoterte og seinare får internasjonalt eigarskap, fortel Aam.

I desse åra gjekk banken frå å vere ein lokalbank til å bli ein regionbank
Vaks frå lokalbank til regionbank
At det har skjedd mykje i løpet av dei 20 år sidan det siste blei skrive ei bok om banken er talande når ein les årsmeldinga frå 2004. Der blir opplyst at utlån til næringslivet utanfor Ørsta og Volda berre blei gitt i «heilt spesielle høve».
Aam peiker på etableringa av kontor i Ulstein og seinare Herøy som avgjerande steg for banken – og gjorde at dei fekk inn nye næringar. I 2006 tok banken også steget inn i Sparebank 1-alliansen.
– I desse åra gjekk banken frå å vere ein lokalbank til å bli ein regionbank, seier han.
Publisert: 27.11.2025 13:02
Sist oppdatert: 27.11.2025 14:35






