Analyser
Må bu seg på ressursrente-debatt
Om ikkje norske fiskarar ikkje er frampå kan det gå som på Færøyane, der store deler av fiskekvotane er inndratt til staten og blir lagt ut på auksjon, åtvarar Oli Samro.
09.09.2018
ANALYSEFiskarane på Færøyane var for seine til å registrer endringane i opinionen, sa Oli Samro på eit møte i Shippingklubben i Ålesund denne veka.Lønsemda i deler av fisket på Færøyane blei så god at det kom ein reaksjon i folket. Det blei for mange som meinte at for få fekk gevinsten frå fiskeria.- Befolkninga oppfatta det som urettferdig at det er så stor lønsemd, sa Samro.Samro er utdanna sosialøkonom og har arbeidd som internasjonal rådgivar i fiskerinæringa sidan 1991. Han har gitt ut boka "Fiskeri - mange løsninger", som er eit oversikt over korleis ulike land forvaltar fiskeressurane. Han har og utvikle ein internasjonale fiskeri-database og med oversikt over eigarskap, fiskefarty, fangst og kvoterettar.Konsekvensen av misnøyene med fiskeripolitikken på Færøyane er ei omlegging av heile kvotesystemet, der 15-25 prosent av kvotane på viktige fiskeslag er trekt inn til staten for å seljast ut att på auksjon, i utgangspunktet for åtte år i slengen.Inntil 8,5 prosent av alle kvotane kan reserverast for utviklingsprosjekt. For på stimulere fiskeindustrien må all fisk må landast på Færøane og lovverket set grenser for kor store kvotar som kan samlast på ei hand.Fiskeriforvaltninga i Norege og på Færøyane er ikkje identisk, men Samro seier til NETT NO at også norske fiskarar må dra lærdom av det som hende på Færøyane. Det som hende der går rett i i den norske debatten om innføring av ressursrente, ein skatt på retten til å kunne hauste av fiskeressursane.Den debatten har gått i mange år i Noreg, men blei forsterka då tidlegare fiskeriminister Per Sandberg i sommar sa at ein ressursrentedebatt ikkje er til å unngå.Så langt har den rådande oppfatning i Noreg vore at fiskarane har betalt ressursrente ved at retten til å drive fiske har vore spreidd på så mange hender, og sikra arbeidsplassar langs heile kysten. Det har dempa lønsemda til kvar einskild aktør og spreidd gevinsten på mange.Men dagens fiskeri er meir kapitalkrevjande enn før, mellom anna på grunn av effektiv, men kostbar teknologi. Det favoriserer ei utvikling i retning av færre og større aktørar. Deira risiko aukar, men det gjer og sjansen til større lønsemd - som i sin tur er grunnlaget for nye investeringar. Samro sin konklusjon er ikkje at norske fiskarar først som sist bør gå for å innføre ressursrente i bytte mot å behalde fiskekvotane. Men dei må vere føre var, slik at fiskarane kan sette premissane i debatten, mellom anna ved å dokumentere ringverknadane av fiskeria, og ha framlegg til løysingar i staden for å vere passive. Passiviteten løner seg ikkje, det har dei som no må sjå at fiskekvotane dei før fiska på rundt Færøyane no blir lagt ut på auksjon.
Publisert: 09.09.2018 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59