Mageplask i Tomrefjord
VARD LANGSTEN: Flankert av fleire fylkespolitikarar presenterte Iselin Nybø (t.h.) og Linda Hofstad Helleland krisepakka til maritim næring på Vard Langsten denne veka. 
Analyser

Mageplask i Tomrefjord

To statsrådar. Direktesending på TV. Nesten ingen ting å melde.

29.05.2020
ANALYSEOnsdag inviterte næringsminister Iselin Nybø og distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland media til Vard Langsten i Tomrefjord for å legge fram krisepakken for maritim næring. Framlegget var ein forsmak på tiltakspakke 3, som blei lagt fram i heilskap fredag ettermiddag.Om Nybø og Hofstad Helleland hadde venta applaus og god stemning ble dei fort skuffa.– Dette var tafatte greier. Dette var langt mindre enn det næringa har etterlyst og vi får sette vår lit til opposisjonen. Både Frp og Arbeiderpartiet har vore ute og signalisert ei langt meir offensiv satsing på maritim næring gjennom koronakrisa. Vi har også fått signal om at Senterpartiet tenkjer i same baner, sa Arnfinn Ingjerd, dagleg leiar i bransjeorganisasjonen Maritimt Forum Nordvest rett etter at detaljane i framlegget var klart.Dei nye tiltaka er som følgjer: 300 millionar skal gå til ei ny låneordning til flåtefornying. Det blir også føreslått å forsere arbeidet med å oppgradere Skjold-korvettane til Sjøforsvaret ved norske verft. Næringsretta forsking og utvikling til maritime prosjekt (Maroff) gjennom Norges forskningsråd får 65 millionar kroner. Til saman er det 684 millionar kroner til nye maritime prosjekt i perioden 2022-2024. – Oppgraderinga av Sjøfarsvarets skip skal skje no, og kan både gi oppdrag til verft og leverandørindustrien som leverer utstyr til skipa. Dette vil gå frå 2020 til 2024, og det er eit poeng å få det no, slik vi kan få hjula i gong, sa Nybø til NETT NO.På pressekonferansen fredag blei det plussa på bygging av eit lite forskingsfarty til 110 millionar kroner og 60 millionar til oppgraderinga på eksisterande farty.PR-messig blei turen til Tomrefjord eit mageplask. Dei summar statserådane kom med monnar lite, og her er nokre tal som forklarar kvifor:Så langt i år er det signert kontraktar for 2,4 milliardar kroner ved norske verft. 2019 enda med i alt 26 kontraktar, på tilsaman åtte milliardar kroner. Nokså lavt i ein historiske samanheng, men som delvis skuldast at det i 2018 blei inngått heile 48 kontraktar for i alt 25 milliardar kroner. Det var rett og slett litt trangt om plassen hos verfta, i alle fall i starten av 2019.No krympar ordreboka ifølgje ei oversikt frå sals- og marknadsføringsorganisasjonen Norske Skipsverft:For eitt år sidan hadde norske verft 92 skip i bestilling/under bygging, med ein samla kontraktsverdi på 48 milliardar kroner.No er ordrereserven krympa til 64, skip for til saman 34 milliardar kroner.Utan nye kontrakter i løpet av året vil ordrereserven vere cirka 20 milliarder, fordelt på 30 farty. Våren 2022 er det stort sett tomt. Etter at marknaden for bygging av offshorefarty klappa saman, snudde dei store norske verfta seg mot bygging av cruiseskip. Dei lukkast med å kapre kontrakter, men mislukkast i første omgang med å tene pengar på oppdrag.No, med dyrekjøpte erfaringar i bagasjen, låg dei an til å tene pengar på neste runde med oppdrag i cruisemarknaden. Men så kom koronaepidemien, cruiseskip hamna i opplag og sjansen til å kapre nye cruisekontraktar med det første ser nett no ut til å vere minimal.Det ligg med andre ord til at store verft går tomme for oppdrag. Verfta treng oppdrag for milliardar. 684 millionar kroner er langt unna.Snart ligg alle 2019-reknskapa frå skipsverfta offentleg tilgjengleg. Dei vil truleg vise det som har vore vanleg etter at marknaden for bygging av offshoreskip tørka inn, problema er først og fremst samla hos dei fire største selskapa, Vard, Kleven, Ulstein og Havyard. Mindre verft klarer seg betre.Sjølv om dei er få, skaper dei største verfta størst ringverknadar. Det skjer både gjennom alle arbeidsplassane og som kunde hos leverandørbedrifter av mange slag. Difor er det mange som vil merke om verfta ikkje har noko å gjere. Verfta og anna maritim industri har sjølvsagt ikkje krav på offentleg krisestøtte i koronatida. Trass i at staten har milliardane i oljefondet å tære på er det truleg grenser - også for stortingsfleirtalet - for kor store og kor lenge statlege redningspakkar skal vere og vare.Men når det først er politisk vilje til å dele ut pengar så må marknadsføringa av støtta stå i stil med storleiken. For det regjeringa kom med til maritim industri denne veka hadde det passa betre med ei lita pressemelding.
Verfta treng oppdrag for milliardar. 684 millionar kroner er langt unna

Publisert: 29.05.2020 19:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59