Nok eit knallaar i fiskeri
GODE TIDER: Gjennomsnittsløna i fiskebåtreiarlaget Havfisk var over 1,2 millonar kroner i 2019. Det er gode tider i fiske, og mange kan nyte godt av det.
Analyser

Nok eit knallår i fiskeri

Reknskapstala fiskebåtreiarane legg fram er så gode at nokon kan bli nervøse.

18.10.2020
ANALYSE

I år som i fjor presenterer NETT NO ei oversikt over kva reknskapa fortel om korleis det gjekk med fiskebåtreiarane på Sunnmøre og i Nordfjord i siste reknskapsår. T

Tittelen på artikkelen i fjor kunne passa like godt i år.

Her er oppsummering over korleis det gjekk i fjor: 6,7 milliardar kroner i driftsinntekter i 2019, 1,7 milliarder kroner i resultat før skatt. Samla sett tilsvarar resultatet før skatt omlag 25 prosent av driftsinntektene.

Nokre få selskap gjekk i minus, andre har seld båt og kvotar og har ekstraordinært høgt overskot, men med over 50 selskap på lista gir den ei oversikt over korleis fiskebåtreiarane samla sett gjorde det. NETT NO-oversikta handlar om Nordvestlandet, men resultata til fiskebåtreiarane her skil seg neppe mykje frå korleis det går eller i landet.

Ebitda er ei forkorting for driftsresultat før av- og nedskrivingar. Ebitda-marginen er driftsresultatet før av- og nedskrivinga i prosent av driftsinntektene. Den gir eit biletet av kor mykje pengar selskapet har til å betale renter og avdrag, og er ein målestokk bankane gjerne brukar for å vurdere om dei skal gi lån eller ei.

Her er litt tal:Ei oversikt Sparebank1 SMN har samla for heile landet viser har den havgåande ringnotflåten hadde ei ebitda-margin på 39 prosent i 2019, trålarflåten ein ebitda-margin på 24 prosent og store linebåtar ein ebitda-margin på 24 prosent.

Ringnotflåten har ligge på dette nivået i omlag 15 år, trålarflåten (som til dømes omfattar Havfisk i Ålesund sine fartøy) har ligge på dette nivået dei fem siste åra og den havgåande lineflåten dei seks siste åra.

Dei siste 10 åra er gjelda til den havgåande fiskeflåten og større kystfiskefartøy omlag dobla. Fram til 2013 auka gjelda meir enn lønsemda. Deretter gjorde auka lønsemd at reiarlaga kunne låne meir og samstundes sjå at gjelda blei lettare å bere - før gjeldutvikling og utvikling i lønsemd stabiliserte seg, i følgje oversikta for Sparebank1 SMN. Olav Øvrelid, ansvarleg for fiskerisektoren i Sparebank1 SMN, er ikkje uroa over gjelda.

-Dei aller fleste vil klare det, svarer han på spørsmål om kva som ville skje med reiarlaga om fiskeprisane skulle falle 25 prosent.

Auka gjeld er ein konsekvens av investeringar, i båtar og kvotar, investeringar som vonlegvis vil gi god lønsemd og trygge arbeidsplassar langt fram i tid. Det er investeringar som kjem leverandørane til fiskeria til gode, frå skipsverft og maskinprodusentar til elektronikk og garn- og lineleverandørar.

Det er positive ringverknadar som er ekstra kjærkome for Nordvestlandet i ei tid då skipsbygging generelt er på eit rekordlavt nivå og eigenkapitalen og aktiviteten hos offshorereiarlaga har krympa kraftig.

Fiskebåtreiarane er også mange, som det går fram av oversikta i lenka i slutten av artikkelen. Dei har og adresse i fleire kommunar, og slik er det og sørover og nordover langs kysten. Sjølv om det er ei samling av fisket på færre båtar og ein konsentrasjon i større miljø, er det framleis slik at kapitalen som blir bygd opp i liten grad blir styrt frå Oslo, Stavanger, Bergen eller Trondheim. Det spreidde eigarskapet gir fiskebåtreiarane eit godt kort på handa i diskusjonar om politisk vedtekne rammevilkår.

Den verdsomfemnande koronaepidemien har hatt ein negativ verknad for deler av fiskerinæringa. Grunnen er først og fremst at etterspørselen frå hotell, restaurantar og cateringsfirma (horeca-marknaden) har falle - ein marknad som er viktig for torsk og andre såkalla kvitfiskartar.

Men det er ikkje verre enn at sjømatanalytikar Finn Arne Egeness i Nordea seier at det blir "eit fantastisk år for pelagisk fiskeri i 2020" og eit "brukbart år" for torsketrål og line. (Pelagisk fisk er sild og makrell - som begge deler i stor grad hamnar rett på tallerkenen - og det er kolmule, lodde og tobis, som delvis eller heilt blir brukt til å lage fiskemjøl og -olje.)

Fornyinga av flåten har også gjort livet på sjøen sikrare og meir behageleg. Lottsystemet gjer at betalinga til mannskapet ombord i fiskebåtane svingar med fangstinntektene. I gode tider gjer det fiskaryrket ekstra attraktivt. Hos Havfisk til dømes, var gjennomsnittsløna til dei tilsette i fjor over 1,2 millionar kroner.

Den einaste grunnen til uroa er spørsmålet om dei positive ringverknadane er store nok.

Store overskot i fiskeri vil halde det spørsmålet levande. Framlegget om å innføre ekstra skattlegging på retten til å drive fiske vart lagt bort tidlegare i år, men det er verdt å merke seg at det vart fremja av ei regjering med tradisjonelt bedriftseigarvenlege Høgre og Framstegspartiet i førarsetet. Dess større ringverknadar fiskebåtreiarane kan vise til på heimebane, dess tryggare kan dei vere på at kvotebank og andre framlegg som i praksis er ein ekstra skatt for å hauste av fiskeressursane, blir liggande i skuffen. Difor har truleg kvar einaste nybyggingskontrakt som går til eit norsk verft ein verdi for heile fiskeflåten.

Publisert: 18.10.2020 06:00

Sist oppdatert: 16.09.2023 15:00