Jostein Boe Torgeir Aaroen blir ny daglig leder i Stryvo AS fo To Stryvo
NY SJEF: Torgeir Aarøen (t.v.) har vore finansdirektør i Stryvo i fleire år. No har han tatt over som toppsjef etter Jostein Bøe (t.v.). Bøe held fram i selskapet som dagleg leiar i datterselskapet i Oslo. Foto: Stryvo
Nytt

Sjefskifte i Stryvo

– Eg vil sleppe til folk når dei er motiverte og alt går som det skal, seier storaksjonær Jostein Bøe.

08.10.2025

Bøe er største aksjonær i den mekaniske industribedrifta Stryvo, som han har leia i 30 år.

No er han 64, og held seg til planen om å ikkje bli sittande og leie bedrifta som pensjonist.

Den nye sjefen, Torgeir Aarøen, har vore finansdirektør sidan 2020.

Olje, gass og vaskkraft
Stryvo har hovudkontor og anlegg i Stryn, datterselskap i Oslo og avdeling i Skjåk.

Frå 2023 til 2024 hadde auka Stryvo både inntekter og lønsemd, og så langt i år ligg selskapet an til å levere tal i nøærleiken av 2024.

Det er også i år olje og gass-næringa og til vasskraftbransjen som er dei viktigast marknandane for Stryvo, seier Aarøen.

To eigarar
Jostein Bøe eig 66 prosent av Stryvo gjennom sitt eige selskap Bøe Invest.

Den andre eigaren er Arild Bødal og familimedlemer, gjennom selskapet AHB Invest. Bødal var óg ein av grunnleggarane av Norva24-konsernet, som tidlegare i år vart seld til det britiskbaserte investeringsfondet Apak Fund . 

Det var auka etterspørsel frå både fornybar-energi-bransjen og frå olje- og gassbransjen, som gav vekst både i fjor og året før.

Publisert: 08.10.2025 09:47

Sist oppdatert: 08.10.2025 09:47

Mer om