Naeringslivet treng effektive kommunar
SUNNMØRE: Oversiktsbilde over Stranda med Liabygda bak til venstre, Norddalsfjorden rett fram, Synnylvsfjorden inn til høgre, og vidare inn til Hellesylt og Geiranger.
Analyser

Næringslivet treng effektive kommunar

Norge har vakna opp til eit meir fragmentert politisk landskap. For næringslivet er det viktig med effektive og handlekraftige kommunar.

11.09.2019

KOMMENTAR

: Professor og valforskar Elisabeth Ivarsflaten ved Universitetet i Bergen fryktar at resultatet av årets kommuneval fleire stader kan verte kommunestyre med avgjerdsvegring.
Ho viser til at dei store partia har svekt seg, og mange av dei mindre har vorte sterkare.
- Det kan bety ei meir fragmentert styring i kommunane med fleire parti i koalisjon og mindre tydeleg leiarskap. Det er ein annan dynamikk som vi ikkje kjenner så godt frå tidlegare, seier Ivarsflaten til NTB.
Ho fryktar at fleire kommunar vert handlingslamma, spesielt der mange parti må samarbeide.
- Det verste som kan skje er at politikken blir ståande stille, fastlåst, seier ho.
Det verste for næringslivet er derimot store endringar i rammevilkår. Det viktigaste for næringslivet i nordvest er ikkje kven som styrer, men at kommunane er effektive, og der ikkje unødvendig byråkrati set stoppar for positiv næringsutvikling.
Næringslivet treng handlekraftige kommunar.
I ei var til dømes saksbehandlingstid det flest bedrifter ønska seg betring på i eigen kommune.
Men for utviklinga av næringslivet er det også stadig viktigare at det rundt bedriftene er gode og breie tilbod til dei tilsette og familiane, ikkje minst for å knyte til seg kompetent arbeidskraft som vil bu og arbeide i regionen.
Slik sett er valresultatet i kommunane på Nordvestlandet ingen krise for næringslivet i nordvest. Ser ein frå kommune til kommune, så er det også i stor grad personval, og ikkje partival. Populære ordførarar har blitt attvalde - same kva parti dei kjem frå - og same korleis partiet har gjort det på landsplan.
Sjå berre på Eid-ordførar Alfred Bjørlo (Venstre), Giske-ordførar Harry Valderhaug (KrF) og Ulstein-ordførar Knut-Erik Engh (Frp), som har gjort kjempeval i sine kommunar, sjølv om dei tre partia gjer svært dårlege val på landsplan.
Samstundes er det ein del utviklingstrekk som det er verd å merke seg, ikkje minst at dei to breide og tradisjonelt ansvarlege partia Ap og Høgre svekker seg kraftig. Desse to partia har vore den fremste garantisten for stabilitet, ein heilheitleg politikk og viktige forlik.
No er derimot parti som er meir opptatt av enkeltsaker på frammarsj. Den fremste eksponenten på dette er Bompengepartiet, som fekk heile 16,9 prosent av røystene i Bergen, men som enno ikkje er etablert på Nordvestlandet.
Enkeltsakparti er ikkje det næringslivet ønskjer seg, sjølv om enkeltsakene kan vere fornuftige i seg sjølv.
Men eit parti som Rødt har så langt heller ikkje ein heilheitleg politikk, og MDG har fokusert klart mest på klima- og miljøsaker, og har så langt ein lite utvikla næringslivspolitikk.
Uansett er det verd å merke seg for næringslivet at det er ei raudgrøn bølgje som skyller inn over landet, sjølv om Arbeiderpartiet taper stort terreng. Her er det norske Arbeiderpartiet i bås med andre sosialdemokratiske parti i Europa som taper terreng mot småparti til venstre for seg, i tillegg til at nye og grøne parti veks fram.
At Senterpartiet er den store vinnaren i valet i Norge er derimot utypisk i europeisk samanheng, men må i stor grad sjåast på som ein reaksjon mot regjeringa sin sentraliseringspolitikk, og at Arbeiderpartiet har mislukkast i å få oppslutning om sin politikk, spesielt i nord.
Svært mykje tyder på at klima- og miljøsaker vert dei store vinnarsakene framover, både i Norge og internasjonalt, noko som også er ei stor mulegheit for næringslivet til å utvikle miljøvenlege og berekraftige produkt og løysingar.
Her har næringslivet på Nordvestlandet store mulegheiter, uavhengig av kven som har den politiske styringa i kommunane.
Uansett er den politiske balansen i Noreg kraftig endra etter dette valet, og der regjeringskameratane samla er dei største taparane. Dermed kan det fort føre til regjeringsskifte om to år, om ikkje Frp vel å forlate samarbeidet allereie i denne perioden.
Dette vil heller ikkje vere ein tragedie for næringslivet, så lenge ein har ordførarar frå alle parti som brenn for næringslivet og for å leggje til rette for ny næringsaktivitet. Så langt ser det bra ut, sjølv om det var skuffande lite fokus i årets valkamp på jobbskaping og bedriftene sine vilkår.
Her kan det vere verd å minne om ordførarløftet som NHO Møre og Romsdal tok initiativ til, og der ei rekkje kandidatar - uavhengig av parti - har lova følgjande:
  1. Sørge for god tilgang på næringsareal med eigne infrastruktur- og transportløysingar.
  2. Samarbeide med bedrifter for å yte gode tenester til innbyggarane.
  3. Sørge for konkurransedyktig nivå på kommunale avgifter for bedrifter
  4. Nytte kommunen si innkjøpsmakt for å motvirke arbeidslivskriminalitet
  5. Sette et ambisiøst måltall for grøne innovative offentlege innkjøp.
  6. Sørge for at kravet om lærlingar følges opp i kommunen sine innkjøp.

Publisert: 11.09.2019 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59