Roekke stoppar ikkje med Rem
OPPKJØP: Kjell Inge Røkke er på oppkjøpsraid mellom skakk-køyrde offshoreselskap på Sunnmøre.
Analyser

Røkke stoppar ikkje med Rem

Romsdalingen Kjell Inge Røkke er på oppkjøpsraid på Sunnmøre. Farstad Shipping står høgt på ønskjelista.

29.07.2016
ANALYSE:
Den tidlegare storfiskaren slo seint tysdag kveld til i Fosnavåg, midt i hjertet av det sunnmørske offshore- og fiskerimiljøet. For Røkke var Rem Offshore ingen storfangst, men ein viktig del av ein mykje større plan.
For Røkke vil ha meir, aller helst mykje meir, og har både midlane og evnene som trengst for å lukkast. Det siste har Aker sin konsernsjef Øyvind Eriksen heller ikkje lagt skjul på når han snakkar om behovet for konsolidering av supplybransjen.
Eriksen var torsdag også klar på at døra stod open for andre aktørar som ville vere med på laget saman med Aker, Solstad, og no også Rem.
Rem Offshore var eit relativt enkelt byte for Røkke, etter at han kjøpte seg stort inn i Solstad Offshore, og la planen for å samle ei rekkje offshoreselskap som kjempar med ryggen mot veggen for å overleve.
Høgast på ønskjelista står Ålesund-baserte Farstad Shipping med sin flåte på 58 skip. Saman med Solstad og Rem sine totalt 63 skip, vil ein få ei svært slagkraftig eining om ein klarer å sikre seg kontrollen over Farstad.
NETT NO kjenner til at Aker/Solstad-systemet alt har hatt følarar ute overfor Farstad, som for tida er i forhandlingar med sine långjevarar.
Om ein ikkje lukkast i Ålesund, manglar det ikkje på andre kandidatar. Mellom anna kan det vere aktuelt å prøve seg i Ulsteinvik og sikre seg Island Offshore, som ikkje minst har ei flåte med avanserte brønnintervensjonsskip, som vil vere gode å ha i ein ny offshorekjempe. Og i Fosnavåg er det ikkje berre Rem Offshore som fristar. Her ligg både Olympic Ship og Havila Shipping, der sistnemnde lever på nåde frå bankane etter at ein ikkje fekk på plass ein refinansieringsplan.
Olympic-direktør Stig Remøy har alt stengt døra for Røkke, og gjort det klart at dette ikkje er ei løysing som passar for Olympic.
Men når eit reiarlag ligg nede for teljing, pengane renn ut og det er få teikn til lysning, er det normalt ikkje reiarane som har siste ordet. Det har bankane og dei andre långjevarane. Det fekk Rem-direktør Åge Remøy smerteleg merke, som til slutt valde å kaste korta sjølv om han kontrollerte 80 prosent av selskapet og hadde samla seg ei bra krigskasse etter salet av den inntektsbringande fiskebåten Hopen.
Sjølv om Remøy torsdag starta med å rose både Solstad og Aker, og uttrykte glede for at arbeidsplassar i Herøy såg ut til å vere sikra, gjekk det ikkje lenge før han også løfta åtvarande peikefingrar og uttrykte uro over kva slike oppkjøp vil få å seie for Herøy og den maritime klynga.
Det er ei lita flodbølgje som rullar, og det er ikkje lett å stå imot. Røkke har god vind i segla og har både analytikarar og bankane med seg. Og bak lurer også Kristian Siem, som har tilsvarande planar som Røkke og har alliert seg med hedgefondet Elliott. Og både i London, New York og andre stader står det aktørar klare til å plukke opp sunnmørske reiarlag så fort prisen vert billeg nok. I ein slik samanheng vil Røkke fort vise seg å vere ein god kjøpar, sett med sunnmørske auge.
Dei store långjevarane til dei sunnmørske offshoreselskapa er DnB og Nordea, som begge har snakka varmt om behovet for at det vert færre aktørar til å konkurrere om dei stadig færre oppdraga. Berre trioen Rem, Havila og Olympic har ei samla gjeld på 15 milliardar kroner, og sjefsøkonomane i bankane har alltid hatt tru på at større einingar er løysinga når det buttar imot, dette trass i at ei samanslåing i seg sjølv ikkje løyser problemet med at det er bygt altfor mange skip siste åra, til altfor høge kostnader.
DnB har lenge ivra for at Fosnavåg-reiarlaga Rem, Havila og Olympic skulle slå seg saman, utan at det vart meir enn middagsmøter og anna snakk. Kanskje er det nokon som angrar på det i dag?
På laget har Røkke også med seg Aker sin finansdirektør Frank Ove Reite, som nettopp kjem frå Herøy, og som kjenner offshoremiljøet på Nordvestlandet betre enn dei fleste. Stadig fleire nemner Reite som ein sentral arkitekt for konsolideringsplanen.
Det store spørsmålet er kva ringverknader Aker/Solstad-planen vil få for den maritime klynga på Sunnmøre. Sjølv om aktørane torsdag var klare på at Rem sitt hovudkontor i Fosnavåg ikkje skal avviklast, heller styrkast, er det likevel ei kjennsgjerning at fusjonen fører til at eigarkontrollen for Rem vert flytta frå Fosnavåg til Karmøy.
Om Røkke og Solstad lukkast i å sluke endå fleire selskap, anten det er i Fosnavåg, Ulsteinvik, Ålesund eller andre stader langs kysten, er det ingen garantiar for at ein stor samanslått aktør vil oppretthalde kontor og aktivitetar der dei er i dag.
Røkke har også vist seg som ein aktør som kan både kjøpe og selje, og slå til når det minst er venta. Sjølv om Røkke seier han er langsiktig, vil nye aktørar fort overta når Røkke meiner tida er inne for det. Det såg ein med salet av Havfisk.
Torsdag var dagen for festtalar. Dei skal ein normalt ikkje lytte så mykje til.
Skudeneshamn kan fort verte den nye norske offshorehovudstaden, og frå eit sunnmørsk perspektiv ligg det nok meir håp i at Røkke tidlegare har vist seg som noko så sjeldan som ein ekte sunnmørsven frå Romsdal. Han har også rosa den sunnmørske kreativiteten, teften og ståpå-vilja.
Det siste er det behov for å leite fram att på nytt. Offshoretoget går no.

Publisert: 29.07.2016 05:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59