Trollstigen opning 11 juli 2025 foto mr fylkeskommune
POPULÆR: Trollstigen er ein av dei meste populære turistvegane i landet, med om lag ein million besøkjande kvar sesong. Fredag blei vegen opna. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Nytt

– Treng to til tre år får å ta att det vi har tapt

Reiselivsbedrift gler seg over opning av Trollstigen.

Marius Rosbach
11.07.2025

Fredag opna den populære turistvegen Trollstigen mellom Rauma og Valldal. 

Ein av dei som gler seg over opninga, er dagleg leiar og eigar Edmund Meyer ved Trollstigen Camping og Gjestegår. 

– Eg har måtte tatt opp lån, vi treng to til tre år får å ta att det vi har tapt i fjor, seier Meyer til NRK Møre og Romsdal. 

Store tap i fjor
Den populære turistvegen vart stengd i fjor sommar etter fleire steinsprang og stor skredfare. Det har mellom anna ført til tap og permitteringar av tilsette for reiselivsbedrifta. 

I 2024 hadde bedrifta ei omsetning kring 12 millionar – om lag halvparten av året før. Året enda også med eit underskot før skatt på nærare seks millionar (sjå tabell under). 

Trollstigen Camping & Gjestegård  
Tall i mill. kroner20242023
Driftsinntekter13,129,9
Driftsresultat-5,61,1
Resultat før skatt-5,71,1

Ferdig med strakstiltak
Prosjektleiar Solgunn Langlo i Møre og Romsdal fylkeskommune fortel at dei har hatt dialog med dei næringsdrivande undervegs i arbeidet. 

– Spesielt Visit Nordvest har vi hatt ein tett dialog med og møter undervegs, fortel ho til Nett No. 

Langlo fortel at dei no er ferdige med strakstiltaka som var planlagt. 

Den populære turistvegen har spektakulære hårnålssvingar og eit dramatisk fjellandskap, som trekkjer til seg mange folk.

Kan bli bompengar
Sjølv om vegstrekninga no blir opna for trafikk, er det framleis vera ein viss risiko for steinsprang. Det vil bli gjennomført dagleg inspeksjonskøyring og trafikkdirigering i høgsesongen.

Politikarane i Møre og Romsdal har sagt ja til å innføre bompengar på vegen i framtida, men det er ikkje teke noko avgjerd kring dette. 

Publisert: 11.07.2025 17:57

Sist oppdatert: 11.07.2025 17:57

Mer om