Regjering med sakte fart
GODT UTGREIDD: Administrerande direktør Audun Maråk i bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Fiskebåt brukte fem minutt på å sette opp denne lista over utval og utredningar i fiskeripolitikken sidan 2005. Handling, ikkje nye utredningar, i fiskeripolitikken vart etterlyst på årsmøtet i Fiskebåt Vest denne veka.
Analyser

Regjering med sakte fart

Etter at Svein Ludvigsen som fiskeriminister gikk av i 2005 er det utval og ekspertar som har dominert i fiskeripolitiken.

11.12.2016
I løpet av frem minutt skriblar administrerande direktør Audun Maråk i Fiskebåt ned 14 utval og utredningar i fiskeripolitikken som har vore gjort sidan 2005. Rundt halvparten av dei gjort under dei to siste regjeringane, anslår han.
Maråks kjappe anslag for fortel det meste. Fiskeripolitikken er prega av beslutningsvegring.

No, når Høgre/Frp-regjeringa omsider nærmar seg eit grunnlag for ein konklusjon i fiskerpolitikken, er det gått over tre år sidan førre stortingsval.
Eidesen-utvalet, som har sett på kvotesystemet og vurdert om det bør innførast ressursrente - skatt på retten til å hauste av fiskeressursane - skal kome med si innstilling førstkomande onsdag.
Så blir innstillinga sendt ut på høyring, og så er det juleferie.
Dermed går det fort langt ut på vårparten før det er klart eit framlegg til politiske vedtak. Då er valkampen i gang.
Er det beste tida å diskutere seg fram til eit kompromiss som skal overleve ulike regjeringa og skiftande stortingsfleirtal?
Neppe.
Regjeringa sin hang til å sette ned utval kan gjere at det først blir endringa i fiskeripolitikken etter neste stortingsval, altså i beste fall i 2018. Kanskje er det då ei ny regjering. Kanskje vil den og ha sine eige utval?
Då blir det fort 2019.
Kanskje vil nokon då spørre seg kvifor ikke H/Frp-regjeringa ikkje berre kom med sine framlegg i 2015, etter at det såkalla Tveteråsutvalet la si tilråding i desember 2014. Utvalet foreslo omfattande reformar som gjekk i retning av meir marknad og mindre reguleringar. Utvalet ville mellom anna oppheve eineretten såkalla aktive fiskarar har til å drive fiske, og la fiskeindustrien få eige fiskebåtar. Fiskarane skulle få bygge båtane som dei vil og få større fridom til å bruke den reiskapen dei vil. Taket for kor stor fiskekvote som kan samlast på ein båt må vekk.

Det burde vere meir enn nok å bygge ein politisk diskusjon på, ein diskusjon som burde munne ut i politiske val som kunne blitt vedtatt i 2015. Midt i ein stortingsperiode, eit perfekt tidspunkt for å oppnå eit politisk kompromiss.
Men Høgre/Frp-regjeringa greip ikkje sjansen.
For ordens skuld. Eitt alternativ er å la dagens fiskeripolitikk vere som den er. Det er inga naturlov at politikken må endrast. Det er råd å la fiskarar og fiskeindustri leve med regelverket og rammevilkåra som er. Det er mange som tener pengar også i dag. Men då er det heller ikkje naudsynt å oppnemne utval og ekspertgrupper. Det er berre bortkasta tid og pengar.
Og alle utvala er sett ned nettopp fordi det er eit politisk ønskje om endring. Det omstridde Tveterås-utvalet vart forøvring oppnemnd av den førre regjeringa, der Ap, SV og Sp, sat saman.
Bakgrunnen for ønskjet om endring er mellom anna misnøye med lønsemda og arbeidsplassutviklinga i fiskeri- og fiskeindustri. Spesielt er det misnøye med utviklinga foredlingsindustrien. mesteparten av fisken norske fiskarar fiskar går ubearbeidd eller lite bearbeidd ut av landet. Foredlingsindustrien, som kan bety mange arbeidsplassar, blir råka av tollmurar inn til EU, men slit og med lønsemda. Det blir for dyrt for mange å halde på produksjon i Noreg. Korleis kan fiskeripolitikken endrast får å løfte lønsemda?
Politikarane ser heilt sikkert på oppdrettsindustrien og, som har kome eit godt stykke lenger enn fiskeri i å utvikle nye produkt og bygge marknad for oppdrettsfisken. Spørsmålet er om samfunnet får det maksimale ut av tradisjonelt fiske, i form av skatteinntekter og arbeidsplassar. Stengjer til dømes dagens reglar for kva typar båtar og reiskap som kan brukast i fisket for ei lønsam omlegging i måten å fiske på?
Kva vil skje om det blei politisk semje om å ta fiskeripolitikken eitt steg eller to i den retninga Tveteråsutvalet peika ut?
Truleg ville det utløyst investeringar, mellom anna i fleire nye fiskebåtar og i meir automatisering i industrien på land.
Så lenge det er venta endringar, som vil gagne nye investeringar, vel mange å vente på endringane. Slik sett er sommel i å ta eit val det verste som kan skje.

Publisert: 11.12.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59