Jens Stoltenberg pa YS konferanse 2025 foto Foto Ida Laingen Finansdepartementet
SNUDDE: Først kom ei regelendring om CO2-avgift for fiskeflåten 1. juli. Så vart den utsett før det hadde gått ein månad. Begge deler under Finansdepartementet sitt ansvarsområde, der Jens Stoltenberg (biletet) er sjef. Foto: Ida Laingen / Finansdepartementet
Analyser

Ripe i lakken for Stoltenberg

Å utsette ein avgiftsauke under ein månad etter at den er innført er ikkje godt politisk arbeid. Flaks for Stoltenberg at det skjedde under ei hetebølge midt i fellesferien.

27.07.2025

ANALYSE

Regjeringa høyrde ikkje på innvendingane i høyringsrunda og Finansdepartmentet kunngjorde 24. juni i år at den endra reglane for CO2-avgift for fiskeflåten med verknad frå 1. juli i år.

Endringa gjorde slutt på at fiskebåtreiarane kunne sleppe å betale CO2-avgift for diesel ved å få definert fisket som verksemd i utanriksfart. Det som skulle til var å fylle drivstoff i Noreg, segle til for eksempel Shetland eller Danmark, gå i land og kjøpe seg ein iskrem, gå ombord att og starte fiske frå den utanlandske hamna. Vipps - så blei det null avgift. Og med omvegen om utlandet i staden for å gå rett til fiskefelta vart det og lenger transportetappar og større CO2-utslepp. 

CO2-avgifta vart innført for å stimulere til omlegging til drivstoff som gav mindre eller ikkje noko CO2-utslepp. Regelen om unntak ved utanriksfart var eit smotthol for å omgå heile avgifta. Difor var det isolert sett ei logisk regelendringa finansminister Jens Stoltenberg kom med.

Når regjeringa likevel gjorde retrett denne veka, og i første omgang utsette heile regelendringa til 1. januar neste år, skuldast det at det er meiningslaust å sjå på regelendringa isolert sett.

Det smottholet finansministeren ville tette gjorde det berre uråd å omgå avgifta for dei som fyller drivstoff i Noreg. 

Dei måtte uansett segle til utanlandsk hamn for å oppnå avgiftsfritak. Om dei då ikkje lenger har høve til å fylle avgiftsfritt i Noreg kan dei berre fylle avgiftsfritt i utlandet (eller frå tankskip i internasjonalt farvatn). 

Einaste konsekvensen ville då vere å svekke inntektene til drivstofforsyningsanlegg i Noreg. Blant dei selskap som Bunker Oil i Ålesund, som varsla nedleggingar av tankanlegg i Nord-Noreg. I eit beredskapsperspektiv er den negativt.

Frp-leiar Sylvi Listhaug var raskt på ballen og langa ut om både regelendringa og heile CO2-avgifta då regjeringa gjorde retrett denne veka.

"Det er en helt meningsløs klimapolitikk. Finansminister Jens Stoltenberg sitter for langt fra virkeligheten. Nå må han komme seg ut i landet og se konsekvensen av politikken de fører. Jeg kaller dette et råttent kinderegg. Nå vil fiskeflåten fylle drivstoff (i utlandet, red, merk)  og det er også fare for at mer av servicen foretas i utlandet. Det betyr at bunkeranlegg langs kysten vil forsvinne og beredskapen svekkes. I tillegg økes utslippene fordi båtene drar lenger for å fylle, og på toppen av alt mister staten inntekter. Alt er galt med denne beslutningen", sa Listhaug til TV2 8. juli. 

Også Høgre kom på banen etter at regjeringa snudde, med næringspolitisk talsperson Nikolai Astrup som partiet sin hovudtalsperson i saka:

"Dette løser absolutt ingenting. Regjeringen selger det inn som en gladsak at de har lyttet til næringen og snudd. Realiteten er at regjeringen har utsatt problemet med et halvt år, i stedet for å fjerne det. Dersom de hadde lyttet til næringen, så hadde de vært tydelige på at fritaket skal bestå. Regjeringen er rede til å kaste kyst-Norge og spesielt Finnmark under bussen fra 1. januar 2026. Dersom fritaket fjernes fra nyttår så vil det kunne få svært negative konsekvenser for norsk beredskap i nord, og rive teppet under mange kystsamfunn. Det er derfor helt uforståelig at regjeringen fremdeles insisterer på at fritaket skal fjernes fra 1. januar. Høyre mener fritaket må bestå, men at det beste ville være å fjerne CO2-avgiften for fiskeflåten i sin helhet.", seier han i ein uttale.

Også Frp har ein næringspolitisk talsperson, men der er det altså partileiaren som tek seg av denne saka. Spørsmålet er om ikkje Høgre burde gjort det same. Som partileiar ville ein uttale frå Solberg hatt større vekt og vekt større merksemd. I eit Noreg i sommarferiemodus kunne det vore ein fordel for partiet.

I og med at Stoltenberg er eitt av Ap-regjeringa sine sterkaste kort, treng opposisjonen å svekke Stoltenberg sin status som ein stødig mirakelmann. 

Så langt har han ikkje gitt motstandarane mange sjansar til å få inn eit stikk, men denne veka kom den.

Publisert: 27.07.2025 05:00

Sist oppdatert: 28.07.2025 11:55

Mer om