Lovnaden frå Høgre-leiaren kom torsdag, då Solberg deltok på The Next Wave-konferansen på Giske.
På landsmøtet til Høgre tidlegare i vår fekk Møre og Romsdal Høgre gjennomslag for at partiet skal fjerne CO2-avgifta på drivstoff til fiskeflåten.
CO2-avgifta er ei avgift på drivstoff, i praksis diesel. Den skal stimulere til overgang til drivstoff som ikkje gir CO2-utslepp.
Den blir kritisert frå fiskarhald fordi det ikkje finst alternativ til diesel, og at avgift berre merdverkar til at båtane omgår avgifta ved å fylle drivstoff i utlandet eller ute til havs.
Innstillinga frå partileiinga var å behalde CO2-avgifta, og Solberg røysta for den.
– Det er sånn at partileiaren stemmer for innstillinga, seier ho til Nett No.
Landsmøtet avgjer
No er det vedtaket på landsmøte som gjeld.
Vedtaket om å fjerne CO2-avgifta skal Høgre gjennomføre om partiet kjem i regjering igjen, seier Solberg.
– Då må vi først få regjeringsmakta. Det er det viktigaste. Så får folk stemme på oss då, og så fjernar vi den når vi kjem inn i den (regjeringa, red. merk).
Endra vilkår
Nett No spør Solberg kva som har endra seg sidan Høgre har skifta syn på CO2-avgifta. Her er svaret:
– Vi meiner at det er viktig over tid at vi også omstiller til andre drivstofftypar. Så er det ei større utfordring med at fleire land som på det tidspunktet vi innførte (CO2-avgifta, red. merk) planla å gjere det same, ikkje har gjort det. Det gjer at det blir litt annleis... Det viktigaste er at du har tiltak som gjer at utselppa går ned. Og viss mange reiser og tankar andre stadar, så går ikke utlsleppa ned.
Nett No spør Solberg om ho skjønar at det kan vere ein viss skepsis til at partiet faktisk vil gjennomføre det landsmøtet vedtok?
– Ja. Men det er vårt program, så vi kjem til å gjennomføre det viss vi får regjeringsmakta, seier ho.
Begeistra Listhaug
– Så flott! Det er det eg venta på i fem år. Så det er jo ingenting som er betre enn at vi kan få det til, seier Frp-leiar Sylvi Listhaug i ein kommentar til det Solberg seier.
Også Krf-leiar Dag Inge Ulstein og partiet hans vil ha bort CO2-avgifta for fiskeflåten.
– Eg var veldig tydeleg på landsmøtet om at vi måtte fjerne den, seier han.
Publisert: 15.05.2025 11:19
Sist oppdatert: 15.05.2025 12:27






