Bli med hjem 2019 i Oslo foto Molde Naeringsforum
POPULÆRT: Store jobbmesser, som denne i Oslo, er ikkje einaste vegen å gå. Samarbeid om traineeordningar og felles marknadsføring av lærlingstillingar er også svært populære rekrutteringstilbod. Arkivfoto: Molde Næringsforum.
Analyser

Samarbeid gir styrke i jakta på folk

Oppsiktvekkande stor interesse for trainee-ordning viser at det løner seg å spele på lag i rekrutteringa.

23.02.2025

ANALYSE

Over 70 søkjarar, både til Ulstein Næringsforum og søre Sunnmøre si traineeordning og til Næringsforeningen Ålesundregionen si traineeordning viser potensialet i å samarbeide. Hos sistnemnte er søknadsfristen enno ikkje gått ut, så det kan også bli fleire. 

I marknadsføringa får potensielle kandidatar til arbeidsmarknaden på Nordvestlandet ei samla oversikt over mange tilbod på éin plass. 

Alternativet er gjerne at dei må leite seg fram på eiga hand. 

Går alt som det bør, vil fleire bedrifter kome etter, og tilbodet av traineestillingar stige i neste runde. I første omgang er det langt fleire søkjarar enn stillingar - og det viser at ordninga er ei god rekrutteringskjelde.

Ei traineestilling er ei lønna praktikantstilling, laga spesielt for å rekruttere nyutdanna frå lengre utdanningar. Slik kan dei prøve seg i ulike oppgåver i traineeperioden - som oftast varer eitt år. 

Traineeprogram omfattar også ein sosial og fagleg del, der deltakarane samlast utanom arbeidsplassen. Det byggjer miljø- og nettverk, som kan vere avgjerande for om traineeane vel å bli verande i regionen etter at perioden er omme. 

Av ein eller annan grunn har næringslivet på Sunnmøre vore seint ute med å få i gang samarbeid om slike ordningar.

I tidlegare Sogn og Fjordane fylke har bedrifter og offentlege arbeidsgivarar hatt ei traineeordning i fleire år gjennom samarbeidet Framtidsfylket. Det samarbeidet er vidareført også etter at Sogn og Fjordane blei til Vestland fylket, saman med Hordaland.

Romsdal-regionen har hatt ei traineeordning sidan 2006. Den blei revitalisert i 2021, etter nokre år i dvale, og har 250 søkjarar til opptaket komande haust. Næringsforeningen i Kristiansund har 160 søkjarar. 

I høve til folketalet og omfanget av næringslivet burde talet på søknadar til første runde med trainee-ordningane på Sunnmøre, berre vere eit varsel om kva rekrutteringskjelde ordninga kan vekse til når dei blir meir innarbeidde.

Det er ikkje lenge sidan NHO la fram sitt kompetansebarometer, som underbyggjer kvifor traineeordningar og anna samarbeid om rekruttering til regionen er viktig.

64 prosent av bedriftene i Møre og Romsdal som var spurt i samband med NHO sitt kompetansebarometer svarar at dei i noko, eller stor grad manglar den kompetansen dei treng. Av dei som ikke har greidd å rekruttere folk med den kompetansen bedriftene vil ha, svarar 90 prosent at grunnen var at bedriftene ikkje fekk kvalifiserte søkarar. 

Nav har lenge peika på utfordringane med å rekruttering til arbeidslivet i regionen. Kombinasjonen med færre fødde, unge som flyttar ut og ein stram arbeidsmarknad, er ei utfordring både for bedriftene og for heile samfunnet. 

Traineeordninga er retta mot folk med utdanning frå universitet, høgskule og fagskule. Men Nordvestlandet treng også fagarbeidarar. 

Der er Nordfjordkompaniet eit døme på regionalt rekrutteringssamarbeid - mellom anna retta mot lærlingar. Organisasjonen har fungert som eit regionalt opplæringskontor sidan 2016. Dei har samla 140 arbeidsgivarar og 31 ulike fagfelt, med oversikt over alle ledige læreplassar samla på ein stad, der du kan søker direkte frå nettsida.

Nordfjordkompaniet driv rekrutteringsarbeide i brei forstand og har mellom anna også ei oversikt der alle som fullfører vidaregåande utdanning i området får tilbod om å registerer seg. Det er eit tiltak for å halde kontakta mellom anna med unge som har flytta ut av regionen. Lista er også open for folk frå heile landet. 

Per i dag har dei 1600 på lista, fortel dagleg leiar Tom Øyvind Solheim i Nordfjordkompaniet.  

Kvar mandag får abonnentane eit nyheitsbrev frå Nordfjord, mellom anna med ei oversikt over ledige stillingar i regionen. Slik er dei heile tida orientert om kva som rører seg, sjølv om dei ikkje har konkrete planar om å flytte til Nordfjord. 

Om eller når dei som står på lista skulle få konkrete flytteplanar kan dei melde frå om det, og får hjelp av Nordfjordkompaniet til å sondere marknadene og finne moglege jobbar. Solheim anslår at 140 har flytta til Nordfjord etter at samarbeidet kom i gang, og meiner nettverket knytt til Nordfjordkompaniet har medverka til det.

Interessa for traineeordningane og oppslutninga om Nordfjordkompaniet viser at dette er verktøy næringslivet knappast har råd til å la vere å bruke.

Publisert: 23.02.2025 05:00

Sist oppdatert: 23.02.2025 16:36

Mer om