Satsar nye millionar paa fiskeri teknologi
DELFINANSIERT: Utviklinga av fabrikken ombord i det nye fabrikkskipet Ramoen (biletet) er delfinansiert gjennom Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond si satsing på teknologiutvikling. Biletet er teke da skipet blei sjøsatt tidligere i år. Ramoen skal overleverast til reiarlaget i sommar.
Analyser

Satsar nye millionar på fiskeri-teknologi

Trua på at meir vidareforedling av fisk kan hentast heim til Noreg har blitt lettare å finansiere.

15.05.2016
ANALYSEFiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond (FHF) meir enn doblar innsatsen for å utvikle ny teknologi.Forskningsfondet skal før sommaren dele ut 24,6 millionar kroner som skal finansiere teknologiutviklingsprosjekter i fiskeri- og havbruksnæringa. Det er god grunn til å tru at det blir rift om pengane, for tanken om å gjere meir av foredlingsarbeidet på heimebane, ombord i båtane eller på land, har fått vind i segla.Det er til dømes berre å sjå på planane Norsk Sjømat på Stranda har om å ta mot levandelagra torsk frå Nord-Noreg, til filetering og pakking i forbrukarpakningar.Investeringsavgjerda på Stranda blir tekne i løpet av året, og blir det noko av betyr det fleire arbeidsplassar i norsk fiskeindustri. Dert er ikkje lenge sidan Domstein-konsernet stengde dørene i sitt kvitfiskanlegg i Måløy og utsiktene i denne delen av fiskeindustrien såg heilsvarte ut.No kan noko kome attende.Ei drivkraft er at kinesisk lønsvekst har gjort det dyrare enn før å bearbeide fisken i Kina. Valutautviklinga har forsterka kostnadsveksten, og den norske eksporten av kvitfisk (som torsk og sei) går ned til Kina og opp til Europa. Europeiske fabrikkar har også fordelen av å ligge nærare marknadane, og kan kjappare tilpasse produksjonen til kva kundane vil ha.For å flytte meir av bearbeidinga av fisken heilt heim er truleg teknologiutvikling, slik Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond satsar på, heilt avgjerande.Når maskiner kan gjere meir av jobben, er det lettare å gjere jobben i Noreg.Det er andre året på rad Fiskeri- og Havbruksnæringens Forskningsfond (FHF) kjem med eit slikt tilskot, der FHF bidreg med støtte, mot at bedriftene som er med sjølv skyt inn ein like stor verdi i prosjektet.Når nye Ramoen kjem fra verftet i Spania i sommar er det mellom anna med eit anlegg ombord som er utvikla med hjelp av FHF-støtte. Saman med den islandske utstyrsprodusenten Valka har fabrikkskipsreiarlaget utvikla ei maskin som kuttar fiskefiletar i porsjonar og samstundes får fjerna tjukkfiskbeinet (pinbones) i filetane.Ramoen og Valka var blant søkarne som fikk støtte i fjor. Modellen, der ei brukarbedrift og ein utstyrsleverandør blir kopla saman i utviklingsarbeidet, er eitt av poenga i FHF sitt teknologiprosjekt.Søknadfristen for årets utdeling er 3. juni, og FHF håpar å ha sendt ut svar på søknadane før sommarferien, seier Roar Pedersen, fagsjef for fartyteknologi i FHF.Den første tildelinga frå FHF til teknologiutvikling etter den nye modellen, kom tidleg i 2015, og var på 7,4 millioner kroner. Den andre tildelinga, med søknadsfrist i januar i år, var på 9,5 millionar kroner. Den siste utlysinga, som er sendt ut nyleg, er dermed over dobbelt så stor som i andre runde.Det er pelagisk industri og fartøyteknologi som er tilgodesett med den største delen av potten i den komande tildelinga.Ni millionar kroner er øyremerkt til å utvikle ny teknologi for auka automatisering av pelagisk konsumindustri. Den pelagiske industrien, som tek i mot og beabeidar pelagiske fiskeslag som sild, makrell og kolmule, er inne i ei stortstilt satsing på å auke fileteringa av makrell i Norge. Målet er å kunne sende eit meir verdifullt produkt ut av landet og samstundes sikre seg tilgang på restråstoffet, som i dag er blitt ein verdifull ressurs.FHF set og av 11,5 millioner kroner til å utvikle utstyr og maskiner for å behandle og bearbeide fisken varsamt ombord i fiskebåtene. Poenget med slik teknologi er å betre kvaliteten på fisken og dermed kunne ta ein høgare pris, og å effektivisere drifta for å halde kostnadane nede.Eitt av selskapa som har satsa på meir varsam behandling av fisken frå den blir fanga i trålen til den ligg lagra ombord, er reiarlaget Nordic Wildfish på Valderøya. Den ombygde fiskebåten "Molnes" har anlegg for å kunne lagre fisken levande fram til slakting, nettopp for å ta vare på kvaliteten.

Publisert: 15.05.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59