Sjaa til Loen
VERDT Å LÆRE AV: Turistbransjen treng å invester meir i å lage eigne attraksjonar, slik som gondolbana i Loen, meiner sjefen for reiselivsselskapet Fjord Norge.
Analyser

Sjå til Loen

Fleire burde lære av gondolsatsinga i Loen, seier sjefen i Fjord Norge.

29.10.2017
ANALYSEGondolbanen i Loen har fått ein start over all forventing. Etter at Dronning Sonja opna anlegget i vindstille og strålande solskin i mai i år har anlegget hatt cirka 180.000 påstigingar - som fortel kor mange som tek banen ein veg.Den tellemåten får med heile trafikken, også dei som klatrar opp og tek banen ned, og dei som tek banen opp og sykkel eller fallskjerm ned. Det er langt meir trafikk enn primus motor for utbygginga, Hotel Alexandra-direktør Richard Grov, og dei andre bak "Loen Skylift" har rekna seg fram til må til for å kunne drive i balanse på årsbasis. Det talet er cirka 130.000 påstigingar.Den gode starten gjer at gondolselskapet framskundar ein del investeringar på toppen. Eit verkstad-og lagerbygg som mellom anna skal romme trakkemaskin for skiløyper er under oppføring og målet er å kunne tilby langrennsløyper på fjellet alt den komande vinteren, seier Grov.Kan hende blir og akebakken, med flyttbart trekk, sett opp i vinter.Besøk-suksessen i Loen har fått administrerande direktør Kristian B. Jørgensen i Fjord Norge til å trekkje fram Loen som døme på korleis ting bør gjerast i reiselivsbransjen.Klarer Grov & Co å oppnå same suksess i 2018 som dei har hatt med gondolen i år, er det god grunn til å rekne med at store investeringar i turistanlegg også blir gjort andre stadar i Noreg.– Vi må ha respekt for at turistane ønskjer å sjå ikon, men naturgjevne ikon er det ikkje flust av. Reiselivet må difor bli flinkare til å skapa sine eigne attraksjonar, seier han til Nynorsk pressekontor (NPK).I vår åtvara han mot å konsentrerer for mange turistar på ein plass, og trekte fram Geiranger og Flåm som døme på stadar der dei best betalande turistane held seg unna i høgsesongen. Bransjen må bli flinkare til å bruke prismekanismen til å spreie trafikken ut over året, og til og sikre god inntening når marknaden er god.No seier han at bransjen og må vurdere om tida er inne for store investeringar i nye anlegg.– Næringa må bli flinkare til å forstå at vi ikkje berre kan ha søkjelys på naturgjevne attraksjonar som Preikestolen og Trolltunga. Vi har ikkje flust av slike. Kanskje er vi er nøydd til å skapa nokre trekkplaster slik ein har gjort med Loen Skylift i Nordfjord, seier Jørgensen til NPK.Det krev både meir samarbeide, meir kapital og nye måtar å tenke på.– Eg trur heile måten vår å tenkje på må bli meir industriell. Næringa må slå seg meir saman slik at dei får kapital til å gjera denne typen investeringar. Det trur eg også kjem til å skje, seier Jørgensen.Fjord Norge sin jobb er å selje Vestlandet som reisemål. På bransjetreffet for reiselivet på Vestlandet denne veka lanserte Fjord Norge ein ny strategi for å handterer trafikkauken som har vorer og som er venta å halde fram.Frå 2009 til og med har i dag talet på landbaserte turistar og gjestedøgn i denne perioden auka med 30 prosent, medan dagsbesøk med cruise har gått opp heile 66 prosent, skriv NPK. Jørgensen gir uttrykk fort nesten skremmande prognosar.– India med over ein milliard menneske har begynt å få auga opp for oss. 50 millionar millionærar i India er klare til å vitja fjordane, og 400 millionar menneske i Kina har tenkt seg på tur, seier han.Eit sentralt problem i Noreg er at trafikken er konsentrert om få plassar og i nokre få måndar om sommaren.Det er bakgrunnen for "Scenarioprosjekt 2030" for reiselivet på Vestlandet.Prosjektet skal sjå nærmare på korleis reiselivsnæringa på Vestlandet skal handtera den store veksten av utanlandske turistar og sikre ei berekraftig utvikling i landsdelen fram mot 2030, skriv NPK. Fjord Norge skal styre prosjektet, der målet mellom anna er å finne ut korleis turisttrafikken kan spreiast både til andre plassar og til andre tider.

Publisert: 29.10.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59