Folkemote Horisont Heroy formuesskatt aug 22 aug foto Ogne
OPE FOR ALLE: Lars Oscar Øvstegård, i korterma skjorte til høgre, samla fullt hus på folkemøte mot formuesskatten fredag 22. august. Politikarar i valkampmodus frå både venstre og høgresida stilte i debatten og heile arrangermentet kunne også følgjast på internett. Risikoen ved å gå ope ut, er at du kan trå feil her og der. Men i det lange løp er truleg gevinsten for næringslivet risikoen verdt. Foto: Ogne Øyehaug
Analyser

Sjølvskading frå næringslivet

Lukka valkampmøte med politikarane hos private bedrifter. Kven andre enn næringslivet sjølv kan finne på slikt?

31.08.2025

Analyse

I debatten om formuesskatten har pådrivarane for å kutte eller redusere den greidd noko relativt uvanleg, å få mange næringslivsleiarar til å stå fram med sine historier, eksempel og vurderingar.

Det blir nært og personleg. Kanskje ikkje nok til å få folk i hopetal til å skifte syn, men eit godt og viktig bidrag i samfunnsdebatten. Den blir mindre svart/kvit. Det er vanskelegare å avfeie Brunstad-eigar Olaug Brunstad enn Orkla sin storaksjonær Stein Erik Hagen, toppdirektørar i NHO og andre arbeidsgivarorganisasjonar.

Utan slike som Brunstad hadde den politiske kampanjen som Knut Flakk og Roger Hofseth dro i gang med Aksjon for Norsk Eierskap, truleg berre blitt ein flopp. I staden er det blitt ei viktig sak i valkampen. 

Folkemøtet som formuesskatt-motstandar Lars Oscar Øvstegård arrangerte i Fosnavåg førre veke er eit døme. 

Ja, innleiarane var alle mot formuesskatten og tilhengarane av skatten var det neppe mange av i salen. Men både SV og Ap var invitert og representert i debattpanelet. Heile arrangementet vart send direkte på nettet og kan sjåast i opptak. 

Kven som helst kan ettergå alle argument og påstandar. Sendinga ligg mellom anna ope hos Nett No, og lenka til sendinga er klikka på over 2500 gongar.

Var det negativt for Øvstegård at han valde å vise arrangementet fram offentleg? Det er lite sannsynleg. 

Risikoen ved å gå ope ut, er at du kan trå feil her og der. Men i det lange løp er truleg gevinsten risikoen verdt.

Formuesskatten er ikkje dei einaste utfordringane bedrifter fortel oss i Nett No om. Rekruttering er eit anna, der strengare reglar for innleige gjer det vanskeleg å få tak i dei folka som trengst for å få oppdraga unna. Innstrammingane når det gjeld innleige har sine grunnar, men dei må vegast opp mot konsekvensen for bedriftene. 

Skal næringslivet få gjennomslag trengst det eksempel som mange kan identifisere seg med, og ein opinion som også er positiv til bedriftene sine argument. 

Nokså innlysande? Men har alle bedriftsleiarar blitt flinkare til å forstå mekanismane i politikken?

Det ser ut til at det framleis er ein veg å gå.

Då NHO Møre og Romsdal sende ut pressemelding til alle medieredaksjoner i Møre og Romsdal om regional valkampturne sto det ingenting om at nokre av arrangementa skulle vere lukka. Nett No fekk også beskjed om at media var velkomne til å vere med på dei møta vi ønska. 

Men hos Ulstein Group og Green Yard Kleven vart det lukka arrangement.

Dermed vart stortingskandidatane sett i ein situasjon der dei måtte stille til møte med bedriftsleiinga utan presse til stades. Sjansen politikarane kunne hatt til å få fram for alle kva dei meinte om eventuelle innspel og utfordringar dei fekk på møtet gjekk fløyten.

Ein underleg måte å behandle politikarane på. Og oppsiktsvekkande frå arrangøren NHO si side, midt i valkampinnspurten før stortingsvalet.

Det er ei tid og ein stad for alt. 

Tida for lukka møte er ikkje midt i ein valkamp. Det byggjer ikkje tillit, korkje til bedriftene eller politikarane.

Fylkesordførar Anders Riise sa det diplomatisk til Nett No: 

– Om det er ting dei (bedriftene, red. merk) vil snakke med oss om direkte, så kunne dei kanskje invitert oss direkte i ein anna samanheng.

Publisert: 31.08.2025 05:00

Sist oppdatert: 30.08.2025 21:36

Mer om