Olaug Strand Brunstad (72) er framleis hovudeigar i den tradisjonsrike møbelfabrikken Brunstad som har vore i familien sitt eige sidan starten i 1941.
Men det er langt frå sjølvsagt at dei lokale eigarane har halde fram med å drive møbelproduksjon over fleire generasjonar.
Auken i formuesskatt og utbytteskatt dei siste åra, er mellom det som har gjort livet som bedriftseigar meir vanskeleg enn før. Samtidig opplever ho at mange ikkje forstår kva slags byrder regjeringa legg på norske eigarar.
– Eg kjenner meg ikkje igjen i måten formuesskatten blir omtala på, fortel Brunstad til Nett No.
Ho meiner eksempla som blir teke fram i riksmedia, gjeld problemstillingar som knapt nokon bedriftseigar på Sunnmøre kjenner seg att i.
Skatten langt høgare enn inntekta
Dei siste åra har Olaug Strand Brunstad nytta arv etter familiemedlemar, selt eigedom og teke av andre oppsparte midlar for å betale formuesskatten.
– Når du ikkje kan ta utbytte frå di eiga bedrift, så går det av den private kapitalen, seier ho.
Ho fortel at rekninga til formuesskatten er nær fire gongar høgare, enn 72-åringen har i personleg inntekt i året.
– Eg trur grunnen til at vi har fått ein sånn situasjon, er at folk eigentleg ikkje har forstått kva det vil seie å drive ei bedrift, seier ho.
Møtte Høgre-toppar
Denne veka møtte Brunstad Høgre-toppane Tina Bru og Peter Frølich i Ålesund for å fortelje om hennar oppleving.
– Historia vi høyrer om korleis folk løyser dette i kvardagen, er ikkje unik, seier Bru etter å ha høyrt Brunstad si historie.
– Nokon sel unna private verdiar, eller noko i bedrifta - som aksjar, for å betale formuesskatten. Nokon tek opp lån, medan andre endar opp med å selje heile bedrifta, fordi det ikkje går til slutt, legg Bru til.

– Ein fiendtleg retorikk
Høgre er samd med dei andre partia på borgarleg sida i at formuesskatten på arbeidande kapital bør fjernast. Frølich påpeiker at det kan bli avgjerande – om valet til hausten endar med eit borgarleg fleirtal.
Samtidig er han kritisk til retorikken frå venstresida om at mindre formuesskatt, er å gi skattelette til dei som har mest frå før.
– Det er ein fiendtleg retorikk. Det er dei personane som skapar arbeidsplassar og næringsliv i Norge og sikrar velferda vår. Om vi skattlegg dei ut av Norge, så sviktar heile velferdssystemet, seier Frølich.
Det er dei personane som skapar arbeidsplassar og næringsliv i Norge og sikrar velferda vår
Kinesisk Ekornes-eigar slepp skatten
At skattereglane gjer skilnad på norske og utanlandske eigarar, er noko av det fabrikkeigaren har mest vanskeleg for å forstå.
Eit steinkast unna Brunstad, ligg Ekornes-fabrikken med kinesiske eigarar - som slepp å betale formuesskatt.
– Det stiller oss bak i køa. For vi kan ikkje ta høgare pris enn dei for møblane, for då er vi ikkje konkurransedyktige, seier ho.
– Det er fantastisk å bu i Norge, men den forskjellsbehandlinga kan eg ikkje forstå er rett, legg Brunstad til.

– Om du tenar pengar, eller ikkje, så må du betale
Brunstad kjenner på stor glede ved å forvalte arven med bedrifta og arbeidsplassane, og seier ho med glede betalar skatt av pengane ho tenar.
– Men uansett om du tenar pengar, eller ikkje så må du betale denne formuesskatten. Om du har underskot, eller overskot, så kjem den same skatten år etter år, seier ho.
Årsaka er at skatten er personleg og blir rekna ut frå ein anslått verdi av det personen eig.
– Det er samtidig den kapitalen ein helst skulle nytta til å utvikle bedrifta di. For den går ikkje av seg sjølv og møblane trillar ikkje ut døra av seg på eiga hand, seier ho.
Brunstad påpeikar at bedrifter treng kapital til utvikling, innovasjon og merkevarebygging for at ein skal vere konkurransedyktige over tid.
– 70 prosent av selskapa i Møre og Romsdal er små og mellomstore bedrifter, og om vi fekk bruke pengane våre til å utvikle oss og bli større og meir konkurransedyktige, så vil vi også bidra tilbake til samfunnet med dei pengane, legg ho til.
Har ikkje ønska å selje
Det har ikkje mangla på moglegheiter til å selje bedrifta for familien Brunstad.
– Eg veit at viss eg sel bedrifta, så blir den flagga ut dagen etterpå. Då blir det norske møbelmiljøet og industrien på Sunnmøre litt fattigare. For det gjeld ikkje berre vår bedrift, men også underleverandørar rundt om i regionen, seier Olaug Strand Brunstad.
Etter nokre tøffe år, har Brunstad-fabrikken igjen positive tal i rekneskapen.
– Vi har jobba sterkt for å snu utviklinga, og det har vi klart saman med fantastiske medarbeidarar, seier ho.
Nett No fortalde tidlegare i år at møbelbedrifta også har fått inn nye investorar.
Publisert: 25.04.2025 05:00
Sist oppdatert: 25.04.2025 00:47






