Skremt bort fraa Russland
MURMANSK: Ein del av mannskapet på reketrålaren Remøy fekk gå i land i Murmansk 17. mai, medan båten låg i arrest. Frykta for å hamne i liknande situasjonar gjer at norske fiskarar no held seg vekke for russisk sone.
Analyser

Skremt bort frå Russland

Arrestasjonen av reketrålaren Remøy i vår og bota på 30 millionar kroner til reiarlaget har skremt norsk fiskarar ut av russisk sone.

27.08.2017

ANALYSE


- I Russland er det sånn at ein kan alltid ta ein eller annan for eitt eller anna, sa Geir Hønneland, Russlandskjennar og forskar ved Fridtjof Nansens Institutt på medlemsdagen i Fiskebåt Vest fredag 25. august.
Han vil ikkje utelukke at Remøy-bota er ei politisk markering frå Russland si side.
Det er nettopp den vurderinga som får skipperar og fiskerbåtreiarar til å bleikne ved tanken på å krysse grensa inn i russisk sone. No er det praktisk talt ingen norske fiskarar som tek turen over i russisk sone, kom det fram på medlemsdagen. Berre om fisken skulle forsvinne frå norsk sone, og einaste råda for å få fangst ville vere å dra over til Russland, vil norske fiskarar dra etter - sjølv om reiarane då vil ligge vakne om natta.
At det finnes ein fiskeriavtale mellom Noreg og Russland som gir fiskarane i dei to landa rett til ei gjensidig fiske i kvarandre sine farvatn spelar ingen rolle. Risikoen er for stor. Få ville inn før reketrålaren Remøy vart tatt i arrest, færre etter at reiarlaget vart ilagt 30 millionar ei bot. (Bøtlegginga er anka, men ikkje komen for retten i Russland enno).
I Remøy-saka handlar om ei mangemillionars bot for ein formalfeil i utfyllinga av eit søknadsskjema, det storleiken er blåst ut av alle rimlege proporsjonar, slikt reiarlag, næring og styresmakter i Noreg ser det.


Frustrasjonen over situasjonen kom tydleg fram på møtet i Fiskebåt Vest. Ikkje berre går fiskarane glipp av å kunne fiske i russisk sone, om det skulle vere mest gunstig, men dei risikere rett å slett å gå over ende økonomisk om russiske styresmakter meiner regelverket blir brote.
Hønnesland hadde ikkje så mykje trøyst å kome med:
Etter at Sovjetunionen fall opna Russland seg mot Vesten, før overgangen til marknadsøkonomi og eit økonomisk tilbakeslag, kombinert med NATO-utvidingar austover gav antivestlege syn vind i segla.
Etter ei tilstramming rundt 2000 førte Putin på 2000-talet ein pragmatisk politikk mot Vesten, sjølv om ordbruken ikkje alltid gav inntrykk av det.
Så kom invasjonen av Krim og konflikten med Ukraina. Frå 2014 har det vore krise.
Hønnesland brukte deler av foredraget sitt på å forklare korleis ting blir sett på frå russisk side, i eit samfunn som er delt mellom å ønskjer om å vere ein del av Vesten og å vere eit asiatisk land som står for seg sjøl.
Ein viktig faktor er ein grunnleggande mistenksomheit. Det meste blir tolka ut frå eit perspektiv det alt som skjer skjer ut frå Nato-interesser, og at norske handlingar også er motivert ut frå interessen til Nato.
Råd om å kutte i torskefisket? Rigga for å ramme Russland.
Russiske fiskebåtar som blir tatt i arrest av norske styresmakter for brot på regelverket. Nato-interesser er drivkrafta.
Delelinjeavtala i Barensthavet? Russiske forhandlarar skusla vekk russiske interesser.
Russland er forfulgt og Nato er overalt.
Med eit slikt perspektiv er det forståeleg at Russland vel å kome med tøffe svar, der reketrålaren Remøy blir ein brikke i eit større spel.
Historisk har stemninga i det norsk-russiske fiskerisamarbeidet - som har gått sin gang under heile den kalde krigen og fram til i dag - svinga med stemninga i det generelle tilhøvet mellom Russland og Vesten.
- Fiskerisamarbeidet har fulgt dei overordna trendane heile vegen, seier Hønnesland.
Men etter Krim/Ukraina-konflikten skjedde ikkje det, seier Hønnesland. Klimaet mellom norsk og russisk side blei ikkje kaldare slik det normalt skulle bli, i alle fram til no.
Er Remøy-saka er eit varsel om at striden mellom Vesten og Russland også slår inn i det norsk-russiske fiskerisamarbeidet? Hønnesland valde å la spørsmålet henge i lufta i foredraget sit.
Er det blitt slik er har reiarane god grunn til å nøle med å operere i russisk farvatn. I alle fall inntil Remøy-saka er avgjort blir dei nok verande i norsk sone.

Publisert: 27.08.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59