Skumle tider
UVISSE: Anti-globaliseringskreftene er på frammarsj og både handels- og tryggleikspolitisk har vi dei mest uvisse tidene sidan andre verdskrig, meiner tildlegare etterretningssjef Kjell Grandhagen.
Analyser

Skumle tider

Verda har ikkje vore så usikker sidan andre verdskrig tok slutt.

04.12.2016
ANALYSE Kva slags erfaringar toppsjefen i DNB på Nordvestlandet har som festarrangør er det kanskje grunn til å spørre om, for foredraget tidlegare etterretningssjef Kjell Grandhagen heldt før lutefisklaget for DNB-kundane denne veka var at det slaget som får folk til å dempe seg litt.- Vi er i ein meir usikker situasjon enn vi har vore i på veldig lang tid, seier Grandhagen. Ikkje sidan andre verdskrig, meiner han, som no er spesialrådgivar for geopolitikk og strategi i DNB.Han peikar på tre faktorar som alle bidrar til meir uvisse:

Supermakt som kan bli isolasjonistisk:

Valet av Donald Trump som president i USA kjem på toppen av - og forsterkar verknaden av - ei rekkje hendingar som har gjort verda til ein meir usikker stad.Når Trump vann valet i USA er ei av forklaringane at folk som har mista industrijobbar trur jobbane kjem attende om Trump reiser tollmurar og trekkjer USA ut av internasjonale handelsavtalar. Skjer det, eller vil ein eventuell retur av industriproduksjon først og fremst bli utført av robotar? Grandhagen meiner det er den siste forklaringa som har mest føre seg, og peikar på at det sannsynlegvis er robotisering og automatisering som er og har vore den største utfordringa for industriarbeidsplassane også i USA. Kva handels- og tryggleikspolitikk Trump faktisk vil føre må vi berre vente på å sjå, men det han har sagt at han vil gjere vil bety at USA går i ei meir isolasjonistisk retning, meiner Grandhagen. Det betyr dårlegare vilkår for eksport til USA, og eit maktvakum som gir autoritære regime verda over større spelerom.

Eit EU som blir oppslukt av indre konfliktar:

Tidlegare i år røysta britane for å gå ut av EU, og Grandhagen peikar på at Storbritannia er ikkje det einaste landet innanfor EU der det blir murra mot medlemskapet. Det gjer at EU vil bruke mykje energi på indre prosessar. Med eit maktbevisst og utfordrande Russland burde det vere stikk motsett, men slik er det ikkje.Både i Europa og USA er antiglobaliserings-krefter på frammarsj. Grandhagen meiner heile verda vil tape om globaliseringa blir slått i revers.- Isolasjonisme er ei feilvurdering. Det går særleg å bekostning av den fattige delen av verda, seier han. Ein slik politikk vil etter hans vurdering låse fast fattige land i ei rolle som råvareleverandørar med små utsikter til ein økonomiske vekst, med konflikter og folkevandring som konsekvens.

Borgarkrig og terror i Midt-Austen:

Ved yttergrensene til Europa er det terror og krig i Midt-Austen, som skaper eit innvandringstrykk mot Europa. Når IS blir slått militært i Syria og Irak, slik Grandhagen er sikker på skjer, auka faren for IS heller satsar på aksjonar i Europa.Det er ei uvisse på fleire felt Grandhagen skildrar. Det gjeld både internasjonal handelspolitikk og det gjeld tryggleikspolitikk,og dessverre skaper problem på det eine området fort problem på det andre.For eit eksportretta næringsliv som her på Nordvestlandet er ikkje bodskapen Grandhagen gav DNB-kundane mykje å glede seg over. Det er vanskeleg å sjå at russarane har økonomisk gevinst av det som skjer, men prioriterer tryggleiks-politiske mål på bekostning av økonomiske gevinstar.Det er lettare å forklare valet av Trump som ein reaksjon frå folk som har blitt hengande etter og berre ser ulemper med ein friare verdshandel.Men uansett kan begge deler bety eit tap for norsk næringsliv. Tap av vilkår vi alt kan nyte godt av og tap av framtidige gevinstar.Med ein stor eksport og open økonomi bør globalisering stå relativt sterkt i Noreg. To folkerøystingar som har sagt nei til EU er ikkje nødvendigvis eit teikn på motstand mot frihandel. Over 90 prosent av norskprodusert oppdrettsfisk og vill fisk endar på utanlandske tallerknar, Ekornes sel fleire stolar i utlandet enn i Noreg og langt fleire av Ulstein sin X-Bow design er selde til utanlandske enn til norske verft.Å ha ein open økonomi betyr mellom anna at norske verft av og til og til og med ofte kan bli utkonkurrert av utanlandske verft. Men det betyr og at norske utstyrsleverandørar får innpass hos utanlandske verft, slik at fordelar og ulemper jamnar seg ut.Då Vesten reagerte med økonomiske sanksjonar i 2014 etter den russiske annekteringa av Krim-halvøya i Ukraina, svarte Russland mellom anna med å stenge norsk laks ute frå det russiske marknaden. For lakseoppdrettarane skapte det ingen katastrofe, dei fann nye marknadar, og noko av laksen fann sikkert vegen til Russland via omvegar. Men at det gjekk bra skuldast flaks. Tilfeldigvis er det akkurat no sterke restriksjonar på produksjonsauken i oppdrett på grunn av sjukdom- og lakselusproblem. Verknaden av god marknadsføring av laks gjer at det er gjekk fort å erstatte det som gjekk tapt då russarane stengte døra. Men i ein meir normal situasjon vil eit tap av ein stor og lovande marknad slå hardt ut, og utestenging frå Russland gjer i det minste at lakseprisen ikkje er så høg som den ellers ville ha vore. Tapet er der, om ikkje så synleg.Slik er det og med regelen som påbyr amerikanske fiskarar å få bygd båtane sine i USA. Smuttholet som gjorde det råd å bygge hos mellom andre norske verft er for lengst tetta.Sett frå Nordvestlandet ville det vere kjekkare med ein amerikansk president som opnar opp for internasjonal konkurranse, enn ein som heller vil tette igjen.

Publisert: 04.12.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59