Analyser
Symbolkamp i Tussa
Onsdag møtes ordførarne på Søre Sunnmøre for å kjempe om plassering av arbeidsplassar dei snart misser kontrollen over.
24.09.2017
ANALYSEKvar skal dei 32 kontortilsette i Mørenett sin driftsorganisasjon på Søre Sunnmøre sitte? I Tussa sitt hovudkontor ved flyplassen i Ørsta eller i Dragsund i Herøy 25 minutt unna?Det skal ordførarane på Søre Sunnmøre stemme over i ei ekstraordinær generalforsamling onsdag 27. september.Med i reknestykket er at rundt 20 personar som jobbar i Tussa-selskapet Tussa 24 flyttar den andre vegen dersom Mørenett etablerer basen i Dragsund. Altså er det snakk om bytte av arbeidssstad for netto rundt 12 - tolv - personar. Det er vanskeleg å forstå at dette skal få ordførarane til å hoppe i stolane, men det har det altså. Her er det i realiteten mest symbolverdien det står om.Først kom det kritikk frå eitt hald mot mangel på politisk innflytelse over prosessen, med utgangpunkt i ei gjetting på at Mørenett ville samle driftsorganisasjonen i Ørsta. Det hadde Mørenett-administrasjonen ingen planar om, viste det seg. Tvert i mot meinte Mørenett at det ville løne seg å bruke bygget selskapet allereie eig i Dragsund i staden for å leige lokale hos Tussa i Ørsta.Då kom den politiske prosessen som nokon hadde etterlyst i første omgang. Ørsta og Volda eig til saman over 50 prosent av aksjane i Tussa, og sikra fleirtal mot ei flytting av hovudkontoret til Mørenett på den ordinære generalforsamlinga i april i år.Mørenett er resultatet av ei samanslåing av nettselskapa til Tussa og Tafjord. Då selskapa vart slått saman vart det inngått ein aksjonæravtale som mellom anna seier at hovudkontoret skal ligge i Ørsta. Slik Ørsta og Volda tolka avtalen då skulle det ikkje bli noko flytting.No har Volda skifta side og gått inn for å endre aksjonæravtalen slik at Mørenettbasen kan leggast til Dragsund likevel.Spørsmålet før den ekstraordinære generalforsamlinga er om Ørsta vil - og kan - bruke sitt negative fleirtal (34,8 prosent av aksjane) til å forsøke å blokkere ei endring av aksjonæravtalen.Uansett utfall er dette eit døme på ei strid der spørsmålet er om politikarane berre skulle halde seg langt unna. På lengre sikt vil utfallet få mindre praktisk betydning, på kort sikt kan det auke kostnadane for Mørenett og striden er heller ikkje eit pluss for samarbeidsklimaet på søre Sunnmøre. NETT NO spår at Mørenett innan få år er blitt ein del av eit større nettselskap der Tussa og Tafjord berre blir to mindre eller mellomstore aksjonærar.Grunnen til det er at at Mørenett er eit monopolselskap som er strengt regulert, med lite høve til å styre inntektene. Då er det kostnadskutt selskapet kan bruke for å få opp lønsemda og blir det fort til at leiinga tenkjer på stordriftsfordelar gjennom samanslåingar. Nettselskapa står framleis føre store investeringar i nettutbygging, og det vil også auke presset for å kutte kostnadar der det kan kuttast.Før Tafjord og Tussa slo saman sine nettselskap til Mørenett rekna dei seg fram til at samanslåinga ville gi ei resultatforbetring på nesten ein kvart milliard kroner i løpet av dei ti første åra, mellom anna ved å kutte i bemanninga.Dei politiske signala til nettselskap er og klare, bli færre.I eit større nettselskap vil politikarane på Søre Sunnmøre uansett misse innflytelsen dei har i dag. Det er like godt å venne seg til at tida for politisk styring over nettselskapet si verksemd er forbi, først som sist. Den politiske innblandinga Mørenett er utsett for no kostar pengar, kostnadar som til sjuande og sist blir velta over på nettleiga.Ein annan grunn til at lokalpolitikarane taper innflytelse er også politiske vedtak på sentralt hand.Innan fire år må Mørenett, som er Tafjord og Tussa sitt felleseigde nettselskap, skille ut deler av den verksemda selskapet driv i dag. Nye reglar gjer at monopolselskap som nettselskapa er, ikkje også kan drive konkurranseutsett verksemd.Dagens Mørenett blir altså mindre i framtida.BKK og Mørenett har allereie gått saman i om eit felles entreprenørselskap som skal gjere mykje av jobben som blir gjort i Mørenett i dag, som å sette opp kraftliner, legge ut breibandskablar og setter opp trafikklys. Forhandlingane starta i fjor.I vinter var forhandlingane i mål og BKK Enotek eit faktum, der Tafjord Kraft og Tussa Kraft eig høvesvis 12,34 og 10,68 prosent av aksjane. I eit slikt selskap utgjer sjølv Ørsta sin andel på 34,8 prosent i Tussa berre knappe fire prosent indirekte eigarselskap i BKK Enotek, og Herøy sin andel under to prosent.Det blir ikkje mykje ordførarmakt att av slikt.
Publisert: 24.09.2017 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59