Ruihai Zhao i Qumei Home Furniture Group foto Ogne
EIGAR: Qumei Home Furnishing Group-sjef Ruihai Zhao på besøk hos Ekornes i 2018, etter at Ekornesstyret rådde eigarane å takke ja til bodet på 5,1 milliardar kroner.Foto: Ogne Øyehaug
Analyser

Tid for å kjøpe Ekornes tilbake?

Tungt år på børsen for Ekornes-eigaren.

29.09.2024
ANALYSE

Aksjekursen til Ekornes-eigar Qumei Home Furnishing Group er meir enn halvert sidan starten på 2024. Det kinesiske selskapet, som er notert på børsen i Shanghai, er verdsett til omlag 2,7 milliardar kroner.

Dei siste dagane har aksjen hatt ein liten opptur (sjå grafikk under), men så seint som 18. september nådde kursen sitt lågaste nivå sidan børsnoteringa i 2015.

QUMEI
VENDEPUNKT?: 2024 har stort sett vore ein nedtur for Qumei Home Furnishing Group-aksjonærane. Dei siste dagane har kursen stige. Skjermfoto av kursgrafikk frå Reuters

I 2018 vart det kinesiske selskapet eigar av Ekornes-konsernet, etter å ha lagt inn eit bod på 5,1 milliardar kroner. Reint teoretisk kan Ekornes no kjøpast for i nærleiken av det halve av det Qumei Home Furnishing Group betalte og då får du resten av det kinesiske selskapet med på kjøpet.

Det er reint teoretisk, fordi Qumei Home Furnishing Group-sjef Ruihai Zhao eig 18,59 prosent av selskapet. I tillegg eig Ruibin Zhao 18,2 prosent og Zhao Ruijie Zhao 4,95 prosent.

Det utgjer til saman 41,8 prosent eigarandel. I 2018 hadde dei tre ein eigarandel på til saman 72,9 prosent.

Eigarandelen er redusert, men dei tre er framleis store nok til at eit eventuelt oppkjøpsforsøk ikkje har noko for seg utan at også dei største aksjonærane vil selje.

Med kursutviklinga som målestokk har resultatet av Ekornesoppkjøpet så langt neppe gitt det løftet den kinesiske kjøparen såg for seg.

Qumei Home Furnishing Group hadde også inntektsnedgang og underskot i første halvår.

Les børsmelding her

Ekornes er rett nok det viktigaste datterselskapet i Qumei Home Furnishing Group og fekk ein smell då boomen under koronapandemien ebba ut.

Men forklaringa på kursnedgangen Qumei Home Furnishing Group kan vere å finne i kinesiske forhold og større uvisse om utviklinga i kinesisk økonomi.

Frå ein årstopp i mai og fram til 13. oktober i år, fall hovudindeksen på Shanghaibørsen med 15 prosent. Deretter er nesten alt det tapte henta inn att, etter at styresmaktene lanserte rentekutt og andre stimuleringstiltak for å få meir fart på kinesisk økonomi.

Publisert: 29.09.2024 05:00

Sist oppdatert: 28.09.2024 16:49